fredag 22. oktober 2021

Puerta del Perdón (5)

 Eg kneler ved alterringen i mi heimekyrkje. I handa har eg eit lite staup. Brødet får eg i handa og legg det inn på tunga. Så står der ein framfor meg med eit større staup i hendene. Eg ser den raude vinen det fyllt av, og eg lyfter mitt vesle staup opp og ser raud vin kome over i mitt vesle staup. Samstundes høyrer eg orda kome mot meg: Kristi blod utrent for deg.       

Er det blod, spurde guten ved sida mi ein gong. Nei, det er ikkje blod. Det er raud vin frå pressa vindruer.. Vindruer som har vokse langt frå våre strender. Vakse på solrike stadar i grøderik jord. Men i denne raude vinen er på ein underleg måte som eg ikkje skjønar, og heller ikkje kan forklare, er Jesus sitt blod tilstades med si frelsande kraft. Over denne raude vinen som forrettande prest ved starten av nattverdsmåltide las Jesus sine ord frå påskemåltidet i øvresalen, slik Paulus attfortel dei.         

                                       

Den raude vinen funklar i staupet mitt når eg lyfter det mot leppene og let den verte ein del av min kropp medan ei takkebøn fyller mitt sinn. Ei takk for at han opna Puerta del Perdón, Nåden sin port også for meg då hans blod rann på Golgata.

Skjønar eg det? Treng eg å skjøne det?    Er det ikkje nok å ta imot -- og tru?                                                Så tok han ein kalk, takka gav dei og sa; Drikk av den alle! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.

Eg bøyer hovudet stilt over det tome staupet medan takk fyller mitt sinn, så lyfter eg eine handa og teiknar meg med krossmerket, reiser meg går attende til plassen min i benkane.  Så kjem orda igjen mot meg; -  Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage lekam og dyre blod, som han gav til soning for alle våre synder. Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til evig liv.                      Nådens port er å finne,  -- nådens port er open.                                                                                                        

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar