søndag 31. oktober 2021

Ein dag i Kapernaum (3)

Det er dei rundt han som dreg fram brødet frå himmelen, mannaen.  Denne underlege maten som fedrene fekk å ete i øydemarka etter utferda frå Egypt. Då dei klaga over lite mat og ville attende til kjøtgrytene der.  Kva er dette, spurde dei den første morgonen då dei kom ut av telta og såg det som låg på marka framfor dei. Manna tyder - kva er dette. Ja kva var det, dette brødet frå himmelen som dei fekk å ete kvar dag under heile ørkenvandringa i førti år. Men den dagen dei slo leir på andre sida av Jordanelva var det slutt.

Mange er teoriane om kva det var. Noko frå tamariskbusken? Eller noko frå andre ørkenplanter? Øydemarka er vel ikkje so overfløymd av ulike planter at den store folkeflokken som fylgde Moses kunne hauste mat av trea og buskane sine frukter kvar dag i so mange år? Eller?  Og korleis smaka denne mannaen? Som honning står det, men og med ein smak som tilpassa seg kvar enkelt sin smak. Og den varde berre ein dag. Kvar morgon måtte dei ut og sanke på ny.  Korleis såg den ut? Den likna på korianderfrø er det fortalt.

Men veks der så mange korianderplanter i Sinaiøydemarka då? Lite truleg,. Koriander er ikkje ei øydemarksplante, men ei grøn og frodig krydderplante som denne her.


Men kva var det då? Brød frå himmelen, seier dei som stod omkring Jesus i Kapernaum. Englemat gav han dei å ete står det i seinare jødiske skrifter. Skal vi bruke eit ord frå vår tid må det vel verte ein overnaturleg mat. Ein mat som er over, utanfor naturen. Ein mat som ikkje er frå denne jorda. Ein mat gitt av Gud. Englemat.

Og seier Jesus; Sanneleg, det seier eg dykk. Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv.  Fedrene dykkar åt av mannaen i øydemarka men dei døydde. Men det brødet som kjem ned frå himmelen er slik at den som et av det ikkje døyr.  - Høyr, høyr kva han seier. Eit brød som gjer at vi aldri vil svelte meir. Fantastisk! --   Herre,  så gje oss alltid dette brødet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar