fredag 22. oktober 2021

Egg (5)

 Ein gong år attende var eg på ei fotomesse i London,og då budde eg på eit lite hotell nær Hyde Park. Kvar morgon ved frukosten gjekk kelnaren gjennom matsalen og spurde kvar enkelt kva slags egg dei ynskte til frukosten. Boild egg, egg and bacon or scrambled eggs var mantraet hans. På den tida var eg vorten van med egg i andre former enn eggedosis som var den einaste form av egg eg åt i barndomsåra. Og på vitjingar i mi kjære sin barndomsheim så var det gjerne steikt egg eg fekk til frukost. Medan mi kjære og eg alltid har kokt egg til søndagsfrukosten. Og der set eg mi ære i å ha rett timing på koketida.  Kva koketid dei brukte på egga i Israel når vi var der veit eg ikkje, men det var nok lenger enn det eg brukar. Dei var hardkokte og hadde grønegule guler. Det var nok for at eventuelle bakteriar skulle vere avliva.

Det var ikkje så ofte det var egg på menyen under vandringane i Frankrike og Spania, men det hende nokre få gonger. Ein av gongane var i Oviedo i Asturias. Vi hadde vore inne katedralen og då vi kom ut att var det tid for litt varm mat. På torget ved katedralen stansa vi opp for ein bar som annonserte med namnet  Bestemor sin eggebar. Det lokka oss inn, og menyen synte ei liste med ulike eggerettar. Kva vi enda opp med? Steikt egg med potetbitar og spansk pølse til - og brød.


Vi var på vandring frå Burgos og sørover mot Covarubias og utpå dagen kom vi fram til ein liten landsby. Her må det vere råd å få kjøpe oss litt mat, tenkte vi. Etter litt vandring i gatene fann vi ein bar som var open. Ei eldre kvinne stod bak disken. Eldre og eldre? Det kan vere litt vanskeleg å bedømme alderen på andre i høve til ein eigen. Kanskje ho var yngre enn eg sjølv var, det vart ikkje undersøkt, men medan mine fem kvinnelige medvandrar tok seg av å  forhandle om maten, tok eg meg ein tur opp til nabobygget. Ei raud musteinkyrkje oppe på ein bakke like ved. Diverre var ho stengd, som dei fleste landsbykyrkjer i Spania synest å vere. Og truleg lite besøkt då graset stod langt rundt veggane.

Vel nede att var maten tinga. Det var steikt egg med spansk pølse og brød til. Det var visst det einaste ho hadde å by og. Dei første porsjonane med ferdigsteikte egg kom fram på disken, så då var det berre å forsyne seg. Fram med kniv og gaffel for fem av oss. Ei takka nei takk til egg, men då vart det til oss andre. Og det smakte sjølv om brødet var i hardaste laget. Eg vona at gamle amalganfyllingar framleis ville vere på plass etter forsøka på få laus nokre bitar av brødet. På bakromet var kvinne komen i siget. Stadig nye ferdigsteikte egg dukka opp. Det vart gjort fleire forsøk på nå fram med ei melding at det var nok no, men nei - det nådde ikkje fram. Den eine etter den andre takka av og la frå seg kniv og gaffel. Men endeleg stogga og straumen av nysteikte egg og dei siste kunne og få legge frå seg bestikket. Vi takka og bukka oss ut av baren, fekk på oss sekkane og kunne byrje på vegen vidare mot Covarubias. Mette på steikt egg og spansk pølse.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar