fredag 24. september 2021

Egg (1)

Mange foreldre slit med born som ikkje vil ete all slags mat, born som er matvande. Eg kjenner meg att i det. Eg var sjølv ein av dei. Min gode onkel brukte å fortelje meg at vatn og brød er fugleføde, og årsaka låg i at det var stort sett det guten vaks opp på. Ta til dømes egg, noko ufyseleg som kom ut av høna sin ende. Det einaste av egg mi mor fekk inn for mine lepper var eggedosis, men då helst ilag med noko anna som ripsbær, eller puffa kveite. Men då eg kom i ungdomen byrja eg på ei bratt læringskurve når det gjaldt kva som var etande. Eg byrja å kjenne på skam når eg helst ville sei nei takk til det som stod framfor meg på bordet. og det førde til at eg fann at egg faktisk var god mat. 

No er det ikkje berre born som sier nei takk til ulike slags mat, og då tenkjer eg ikkje på dei som av helsemessige grunnar må takke nei. Eg har vore saman med vaksne som bryskt har takka nei til maten dei fekk sett framfor seg med ord som; eg likar det ikkje, og då har eg stilt takka mi yngste dotter for at ho tok på seg oppgåva å lære far sin at all mat er god, det gjeld berre å endre innstillinga ein har i hovudet.

Men no var det eggerettar eg inn på. Det var tredje året vi gjekk på Camino Frances. Vi hadde gått frå Zubiri om morgonen og kom fram til Pamplona ut på ettermiddagen der vi fekk rom på eit tyskleia hospits. Så var det inn i gatene for å få oss litt mat. Men det var ikkje rette tidspunktet for slikt. Alle matstadar var stengde fram til dei opna att på sein ettermiddag, tidleg kveld. Men endeleg fann vi ein stad der det var ope og stima inn med forventing i blikket; endeleg mat. Etter grundig studie av menykartet, stansa T som hadde vore i Spania før ved ein rett, Tortilla Espaniol. Den er god, sa ho.  Vel det var greit. Så ville ho vite med damene kom stor den var, og dei brukte hendene til å vise det, og vi samde om at det måtte verte ein på kvart par av oss. og så kom tinginga: Dos Tortilla Espaniol, por favor. Damene såg spørja og undrande på oss: Dos?  Si, dos, por favor, svara T. Eit par damer ved eit anna bord såg småflirande på oss.

Vi fekk tilvist bord, og damene bak disken svinga opp med alt som bordet trong for eit gasta måltid og litt meir, duk og greier. Det var tydeleg att dette var ikkje heilt normen å tinge to tortilla på ein gong.

Så kom dei på bordet, to varme, nysteikte runde tortilla, i storleik nesten som ein middagstallerken. Det var første gongen eg smakte tortilla, og den var god, veldig god. Og mett vart eg av den halve som var min del. Sidan har det vore ein av mine favorittrettar i Spania.

Kva Tortilla Espaniol er? Spansk omelett laga av egg, løk og poteter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar