torsdag 18. november 2021

Morgon gryr

 Det vart morgon denne dagen og. Det er grått ute mellom fjella ved fjorden, og lufta er metta av regn frå dei grå skyene. Det er slike morgonar ein ikkje kjenner på den store lysta til å forlate det varme husværet ein har. Kor annleis kjenner ein seg ikkje når himmelen er klår og blå, og aust om fjella lyser det opp for den stigande morgonsola. Det er slik eg hugsar morgonane dei dagane då vi gjekk på vandringsvegane  i sør, på veg mot Santiago de Compostela. Lyse morgonar med klår himmel. Sonen vår seier at vi hadde vorte yngre då vi kom heim etter fjorten dagar med vandring. Men coronaen sette ein stopp for det, kanskje for godt. Men eg saknar desse morgonane når vi forlet overnattingsstaden i halvmørkret, fann ein open bar , og fekk oss ein god kaffikopp, og tinga oss ein bocadillo con jamon y queso, eit lite brød med skinke og ost, til frukost. Lite, men stort nok til å spare halva til seinare på dagen. Og så ut på vegen med den stigande sola i ryggen.


Sette vi spor etter oss der vi gjekk. Neppe noko synleg i det ytre, men nok meir i vårt indre.  Ein vert merka av å gå i fleire dagar på ukjende vegar. Det går ikkje så fort fram, ein har tid til å vere i landskapet, tid til stille timar med berre knitringa av grusen under føtene, tid til å la tankane vandre sine eigne vegar.

Vi gjekk inn porten i kyrkjegardsmuren samstundes han og eg. Ein sundagsmorgon på veg til kyrkjeromet sitt stille rom for gudstenestesamling. Preike vart det sagt i min barndom, no er ikkje preika det viktigaste for meg lenger. Den er best når noko av presten sine tankar omkring teksta han eller ho har fått å dele med kyrkjelyden rører ved meg, rører ved mitt indre.  Det viktigaste no er å vere i romet i eit fellesskap av medtruande, og la mine tankar møte Gud gjennom songen, tilbedinga, bønene, og i brødet og vinen.      Han var nokre år eldre enn eg, han eg møtte i porten denne morgonen, ein av dei faste støttene i kyrkjelyden, trufast til stades i sin høge alder. Eg nemnde noko om den vakre morgonen det var. Ja, sa han, og eg takkar Gud for kvar morgon eg får reise frå senga, opp til ein ny dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar