onsdag 10. november 2021

Sæl er du pilegrim

Sola er alt nær middagshøgda. Det er timar sidan morgonen rann. Då stod sola lavt over åsane i aust. Men enno er det mange timar til ho ho hallar mot himmelranda i vest og nattelega ventar. Du går, steg for steg, mot vest, mot byen langt der framme ein stad. Tenkjer du der du går på målet, eller er det lyden av stavane sin små smell kvar gong dei møter vegen du går på, eller knasinga av grusen under skorne som fyller deg i ei stille ro?  

Du høyrer ein kjappare lyd av stavar bak deg. Ein annan vandrar kjem opp på sida. Lyden av orda hans når deg  - Buen Camino -   og så er den framande framanfor. Igjen er du åleine med lyden av dine eigne steg mot veggrusen. Utanfor vegen  er det brunsvidda åkrar. Kornet er hausta, berre brune halmstubbar står att. Uendeleg synest vegen der du går under den brennande sola.


På bakketoppen der framme ser du landsbyen som ligg nede i det vesle dalsøkket. Nokre hus av solbrend sandstein rundt eit lite torg, eit lita kyrkje, og på eit av husa fortel eit skilt at landsbyen sin bar er å finne.

Du stig inn og helsar Bueno dias. Finn eit bord og sekken glir av ryggen. Ser skiltet som syner kvar toalettet er. Vel ute att står du ved disken og tingar deg ein kopp med drikke - Cafe Americano, grande, por favor eller var Cafe con leche? 

Så er koppen tom og den svalande stunda i baren over. Sekken kjem på att, du finn stavane, helsar adjø og går ut i sola medan verten helsar deg god vandring vidare.
Dei siste husa ligg bak deg og frammanfor ligg vegen der eit vinddrag lyfter opp litt støv for føtene dine, og du fell inn i rytma igjen. Stavar og skor lagar igjen små lydar i grusen. Vegen kallar på deg, pilegrim.

Bienaventurado eres, peregrino! Sæl er du, pilegrim!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar