lørdag 25. september 2021

Egg (2)

Det at eg fekk erfare smaken av Tortilla Espaniol gjorde at eg vel heime måtte prøve å lage retten sjølv. Eg som ikkje kan anklagast for å vere ein som likar å kokkelere på eiga hand. Men dette måtte eg prøve så eg nytta første høve til å kjøpe løk. Poteter og egg var alt i hus. I tillegg kjøpte eg meg ei flaske med fin olivenolje. Potetene og løken skulle kuttast i små bitar og varmast på ei steikepanne, men kor små skulle dei kuttast i? Eg valde små og det vart ein heil jobb, men eg var omsider klar til steikinga av potetbitane som skulle få ein gyllen farge etter kvart, og så var det løken som fekk same behandlinga. Alt på ei godt  oljesmurd panne. 4 egg skulle til stod det i oppskrifta, vispa til eggedosis, og opp i den rørte eg så blandinga av løk og poteter , tilsett salt og peppar. Dette gjekk i grunnen greit så langt, om det tok litt tid. Men det neste kom til å vise seg å verte det vanskelegaste, steikinga. Blandinga av egg, poteter og løk vart fyllt på  steikepanna og så var det berre å vente medan eg heile tida fylgde med på utviklinga på panna, for etter ei tid skulle tortillian snuast slik at også oversida fekk si steiketid. Og til den snuinga måtte eg ha ein større tallerken eller ei anna steikepanne og halde over blandinga, for så raskt snu den slik at tortilliaen kom over på den nye panna. Og den operasjonen har eg hatt størst vanskar med. Det kan av og til verte litt eggesøl om ikkje den første steikinga har vore god nok. Men det er feilingane ein av lærer av. Det synte seg at mi kjære hadde ein kuttar i sine gøyme, og då minka forarbeidet mykje. Den siste eg laga for  nokre dagar sidan var særs vellukka. Eg løyvde halva av min halvdel til kveldsmaten, og sjølv om den då hadde vorten kald, var den framleis velsmaken og saftig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar