onsdag 6. oktober 2021

Bokstavtru (2)

 Eg er ein som nyttar kyrkja sin nattverd så ofte eg kan. Det å få dei få dråpane med vin, og den vesle oblaten med brød gjer noko med meg. Eg kjenner på ei djup takksemd over det offeret Jesus gjorde då han frivillig gjekk i døden for oss menneske, og med det opna ei bru over til Gud. eller som det står i Hebrearbrevet: Han gjekk inn i den himmelske heilagdomen ein gong for alle, og med sitt eige blod vann oss ei evig utløysing. Punktom finale. Eg har fleire gonger vore tilstades i katolske gudstenester, men det er berre eit par gonger har eg gått til nattverd i dei.  Grunnen har vore at den katolske kyrkja ikkje ynskjer samkvem med protestantar ved nattverdbordet. Men begge gongane eg har delteke i deira nattvverdsfeiring så har eg fått løyve at presten. Den eine gongen ville presten vite kva syn vi hadde på nattverden, var den røyndom, realpresens som det heiter, eller var den symbolsk. Og for meg er det røyndom, sjølv om eg veit at det er berre brød og vin, så trur eg at Jesus er verksam i dei to elementa når dei er vigsla til det.


Men her ein dag høyrde eg ein som sa noko som skurrar for meg. Vedkomande sa at brødet og vinen berre er verksam dersom brødet er av kveite, og vinen har alkohol i seg. Det han då sa var eit nei til glutenfritt brød og nei til avalkoholisert vin. Det tyder etter mitt syn på at mange då vert utestengde frå nattverdbordet. Det problemet er ikkje der, sa han vidare, då dei som ikkje kan få i seg gluten, får likevel ein fullverdig nattverd ved å få berre vinen. No er ikkje vinen noko problem i den katolske kyrkja, anna kanskje for prestane, for etter det eg har sett under katolske messer så er det berre prestane som får vinen, medan kyrkjelyden må greie seg med brødet. Eg har enno til gode å sjå at nokon i kyrkjelyden får vin i staden for brød, om vedkomande får helseproblem av å få i seg gluten.   For meg vert dette ei litt for stor formalistisk bokstavtru. 
Eg trur ikkje Gud bryr seg så mykje om at vinen og brødet må innhalde alkohol og kveite, det er nok noko anna Gud ser etter. Der er nok Gud romslegare enn formalistiske prestar, same kva kyrkje dei enn høyrer til i.                                                          


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar