søndag 7. november 2021

Pilegrimen

 Det hender eg leitar opp innlegg om andre sine vandringar på Youtube, og då kjem gjerne spørsmålet frå mi kjære; Er du ute og går igjen no?


Og eg er nok det. I tankane. Det var noko med å gå inn i det ukjende som fasinerte meg. Som når eg første gongen gjekk i Valdres. Om morgonen å sjå eit fjell langt der framme, og så når dagen si vandring var over, då låg fjellet attanfor. Og så gjennom dagen si vandring, steg for steg,  å ha opplevd at ein ukjend veg , eit ukjent landskap, opna seg med alt den / det hadde å by på.

Eller som her på den franske pilegrimsvegen i Nord-Spania,  når eg stod oppe på toppen av åsen vest av Castro Jeritz og såg utover den vide høgsletta framanfor, og visste at langt der framme, på andre sida av sletta låg byen Leon. Staden som eingong langt attende i tida var tilhaldstad for ein romerk legion. Men før eg kom dit låg det mange dagar med vandring på vegen eg såg bukta seg fram over sletta til han vart borte i soldisen langt der framme. 

Køyrer ein bil kan det gå fort avgarde. Kilometereane vert fort til mil, og ei rekk ikkje å vere heilt tilstades i landskapet. Syklar ein får ein med seg litt meir, men det er føtene som kjenner grunnen ein går på. Om der ein skogsti, grusa veg eller asfalt føtene trør på, så merkar kroppen det, og ein er tilstades i landskapet, opplever det på ein særeigen måte. Visst kan ein verte trøytt og sliten av å gå når bakkane er tunge og sola brenn i nakken, men det er og helsebot i det.  Og sjelebot når tankane får lov å verte frie, til å bearbeide opplevingane, eige liv og erfaringar. 

Men eit spøsmål har eg aldri klart å gi meg svar på. Eg har nok alltid tenkt meg at pilegrim inst inne, kva trussamanhang han står i, alltid har ei søkning, ein lengt, etter å kome nærare Det Heilage, kva så den enkelte kallar denne heilage.  I mitt tilfelle vil det vere den jødiske / kristne Gud.   Men det står ikkje til å nekte for at under mine vandringar på dei jordiske pilegrimsvegane, har eg nok ofte kjent meg meir som ein vandrande turist enn som ein vandrande pilegrim på veg mot eit møte med meg sjølv, og med Gud. Og i Europa er der ei mengd med vandringsvegar, og ikkje alle endar i eit pilegrimsmål. Og der er mange som går, og går langt. Mykje lenger enn eg nokon gong har gått. Nokre få av dei har møtt på mine vandringar.

Så får eg sjå om eg framover gjer meg nokre tankar, pilegrimstankar, om kva det er å vere ein vandrandar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar