onsdag 20. oktober 2021

Puerta del Perdón (3)

Framme på Golgata er hans Via Dolorosa, Smertenes veg, tilende. Eller er den det? Går den ikkje istaden over i ei ny fase, den avsluttande?

Her vert han kledd naken og lagt ned på krossen. Med klubber vert naglar slegne gjennom føter og hender inn i krosstreet før krossen vert heist på plass, ståande i grusen, jorda på Golgata. Så heng han der til spott og spe for folkehopen, berre to av hans eigne er vitne til lidinga hans. Kjem det klagerop frå han, eller teier han i smerten, som sauen dei fører til slakting på tempelplassen? Frå såra på føter, hender og rygg fargar blodet treet raudt, slik det eingong farga dørstolpane i Egypt.

                                                            

Forbanna er den som heng på eit tre, skriv Paulus til Galatarane. Kvar kjem dei orda hans ifrå?  Dei kjende nok til det, prestane i tempelet som pressa Pilatus til krossfestingsdom. Kjende som dei var i skriftene. Den som vert opphengd i eit tre er forbanna av Gud står det skrive.                                            Forbanna av Gud. Er det ikkje berre smerten ved krossfestinga han må lide? Er det også å vere under Guds vreidsdom? Er det derfor skriket kjem frå djupet i han? Elí, Elí, lemá sabaktáni!  Min Gud, min Gud, kvifor har du forlete meg?

Det er ikkje mange orda som kjem frå han der han heng. Men enno står noko att. Eg er tyrst seier han, og ein soldatane set ein svamp på ein isopstilk, fyller den med edikvin og rettar den opp mot munnen hans. Slik avsluttar han påskemåltidet, det fjerde vinstaupet som han ikkje drakk på salen, drikk han no. Og med orda; Det er fullført, avsluttar han oppdraget han fekk av Gud og andar ut. Men endå litt står att, blodet hans skal attende til jorda. Ein soldat stikk spydet sitt i sida hans , og jorda tek imot blodet og vatnet som renn ut. 

Vårt påskelam er slakta, skriv Paulus, og Jesaias skriv: Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder. Straffa låg på han så vil skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.                                Og før festen for det usyrde brødet er til ende i Jerusalem kviler lekamen hans i ei grav i hagen nær rettarstaden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar