tirsdag 19. oktober 2021

Puerta del Perdón (2)

Det er den dagen påskelamma vert slakta på tempelplassen. Den kvelden på øvresalen er dei samla til påskemåltid. Der deler han brød og vin med sine vener. Under det måltidet seier Jesus at vinen er den nye pakt i hans blod.  Kva meinte han med ei ny pakt?  Då må der vere ei gamal pakt omtala i skriftene. Der er fleire pakter omtala mellom Gud og særleg Abraham og i dei fleste av dei gjeld dei lovnader om at Gud vil vere  med ætta hans, og lovnader om landområde. Men ei pakt skil seg ut, og den kjem etter at Moses hadde vore på gudsfjellet og fått dei to steintavlene med boda. Men då han kjem ned og ser folket danse om gullkalven, knuser han steintavlene i sinne og fortviling. Men Gud kallar han endå ein gong opp på fjellet og han får to nye steintavler, og eit påbod om å lage til eit offer. Eg vil gjera ei pakt sa Gud til han. Og Moses bygde eit alter og sende ut nokre unge menn for å bere fram brennoffer og slakte oksar som fredsoffer for Herren. Og Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene. Halvparten skvette han på alteret, resten skvetta han på folket og sa; Sjå dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk.    Men profeten Jeremia skriv; Sjå dagar skal koma, seier Herren, då eg skal gjera ei ny pakt med Israel og Juda si ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde med fedrane deira.  Er det den pakta Jesus snakkar om som er i blodet hans?

                                                 


Dei går ut i natta etter måltidet dette siste døgnet Jesus lever, ned bakkane til Kedrondalen, ut porten, over Kedronbekken,  som er farga raud av blod frå ofringane oppe på tempelplassen, og inn mellom trea i Getsemanehagen. Det er natt men fullmånen sender sitt lys over det som no byrjar. Noko han hadde varsla dei om fleire gonger, noko som låg framfor og som han grua seg for. Noko han sa til Peter ein gong,  at han hadde ei vreidesskål å tøme, ein dåp, ein bloddåp å gå igjenom. Og der inne mellom dei eldgamle oliventrea fell han til jorda i si sjelekvide og ber: Far er det råd så la denne skåla gå meg forbi. - men det får verte som du vil.  Og der inne med ansiktet mot jorda, gruvande i angst fell svetten som blodsdråpar mot jorda, og jorda tek imot.

Så kjem romarane og tempelvakta og fører han bort til forhøyr, sterke anklagerop med krav om død, hudfletting og tornekroning, og til slutt domen; krossfesting. Slik han hadde fortalt sine vener at det ville hende han i Jerusalem.

Det er morgon i Jerusalem då han med vaklande, smertefulle steg byrjar på si siste vandring gjennom gatene i byen, sin Via Dolorosa, smertens veg, mot Golgata, rettarstaden utanfor bymuren. Med krossbjelken gnagande mot såre blodige skuldrar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar