onsdag 31. oktober 2018

Den krossfeste og den eldre mannen.

Eg har fått augene opp for kyrkjekunst under vandringane etter vegane i nord-Spania. Rett nok kan kyrkjene der og vere svært ulike på kor mykje ein kan finne, men våre kyrkjer ser nakne ut samanlikna med kyrkjene der. I alle fall dei store. I dei små landsbykyrkjene og kapella er det nok litt annleis.

No er det ikkje all utsmykking eg er like oppteken av. Dei sokalla heilage menn og kvinner kjenner eg meg litt framand overfor. Det er vel "den lutherske lære" som stikk djupt i meg på det området. Fortellingane som er bakgrunnen for at dei er der i sidekapell og nisjer langs veggane, er for meg ukjende.
 Men når det kjem til det som høyrer Bibelen til, både GT og NT, vaknar mi interesse. Der kjenner eg fortellingane. Og då er det kameraet kjem fram.

Vi var innanfor ringmuren i Lugo, vandra rundt inne i den store kyrkja, og der var det mykje å sjå.
I ei nisje på ein av sideveggane, inne i ein boge fekk eg sjå ei avbilding av Jesus hengande på krossen. Noko eg gjerne tek fram kameraet for, då den framstillinga kan vere nokså ulik utført frå kyrkje til kyrkje.

Men her var det også andre som stansa opp, og eg måtte vente på at det vart folketomt framfor  bogen. Eg ville helst ikkje ha nokon andre personar med på biletet.

Men han  her kom eg ikkje unna. Lenge stod han der, også etter at eg hadde gitt opp å vente på at han skulle gå.
Stilt stod han og let augene kvile på den krossfeste. Til slutt bøygde han audmjukt hovudet før han teikna seg med krossteiknet. Så såg han opp på den krossfeste endå ein gong før han sakte gjekk vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar