tirsdag 16. oktober 2018

Camino Primitivo 19.september Til Tineo

Denne dagen var vi tidleg ute for Tineo som vi skal gå til 2 mil lenger vest, og høgre oppe en Salas.
Salas ligg på 240 m og vi skal opp i 800 m før vi endar i Tineo på 660 m., så det vert litt bakkar  denne dagen.


Vi får oss ein frukost i ein bar før vi byrjar å gå ut av byen og inn i skogen.
Det er ein fin skogveg oppover bakkane til Bodenaye, litt lenger framme ligg La Espina, då nærmar vi oss toppen for denne dagen. Sjølv om det høgste ligg 5 km lenger framme så er største stigninga unnagjort.


Det er vidt utsyn oppe på høgda og vi ser fleire landsbyar bortover mot fjella.


I El Pedregal har vi våre to stogg denne dagen, først ved inngangen til byen, men det vi trudde var ein bar hadde berre automatar, men toalett var der
Så ved utgangen av byen vart det ein kaffipause på fortauskanten.


Før vi tok dei siste meterane opp til åsbrynet, vindmøllene og 800 meters høgd.


Ved foten av den stigninga låg der ein liten landsby med ei gamal kyrkje. I hagen ved kyrkja var ein eldre mann i gong med å sanke hasselneter.


Og i ein annan liten landsby låg dette huset. Fantastisk dekorert utvendes.


Utsynet endrar seg mykje undervegs, frå det vide,



til heller lite i djupe grøfter, skapt av tusenvis av føter, og rennande vatn.


Kl. er 14 når vi er framme ved utkanten av Tineo. Der er ein rasteplass med bar ved ei lita kyrkja, vigd til San Roche, vår faste fylgjesvein heile vegen gjennom Frankrike og Spania.

Så er det å vandre gatene inn og ned til Tineo. Byen ligg oppe på ein åsrygg, lenger nede i dalbotnen kan vi SJÅ dei nyare delane av byen, men det er langt dit ned.  Vi leitar oss  ned bakkane til rådhusplassen, og med god hjelp av lokale finn vi fram til ein bar litt bortanfor rådhusplassen. Der vert vi teken imot av verten, registrert og betalar. Så er det ein spasertur attende mot rådhusplassen og ei nyare bygning, og der i 3.etasje ligg roma til Pension Bar Tineo.

Etter å ha vaska støvet av føtene, dusja og hatt ei kvild på sengene, tek vi oss ei runde rundt rådhusplassen, som må vere den einaste nokonlunde flate plassen i byen, med ein utsiktsplass ned til den nyare bydelen langt under oss og med barnehage og politistasjon på kanten av floget.
Ikkje mange barar som ser nokonlunde innbydande ut heller, så vi endar på ein restaurant ved torget. Ute bles ein kald vind i sola, så det er godt å ete inne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar