mandag 22. oktober 2018

Camino Primitivo 24.september. Til Castro

Ein ny dag renn for oss tre som vandrar Camino Primitivo gjennom Asturias og Galisia
Etter ei natt på hotellet ved kraftverksdammen Embalse de Salime ventar ei vandring opp og sør til Grandas de Salime, og vidare vestover til ein liten landsby som heiter Castro. Der har vi tinga oss rom i eit gjestehus.
Vi reknar ikkje med dei store utfordringane denne dagen  sjølv om det går oppover frå 210 m til 670 m. på omlag 11 km.

Det byrjar å gå oppover med ein gong. Borte i lia på andre sida av vika som hotellet ligg ved er det bygt eit utsiktspunkt, og vi får eit utsyn over lia vi kom ned i går,



og over innsjøen både bort mot hotellet og dammen, og motsett veg, vidare sørover.


Der vi går stendig høgre opp langs bilvegen, kan vi sjå nokre einslege gardar på begge sidene nede ved vatnet. Til den på vår side går det veg ned, men til dei på andre sida ser vi ingen veg. Deira tilkomst vart nok borte når dammen var ferdig og vatnet steig. Men det ser ikkje ut for at husa er forlatne, så dei nyttar kanskje båt.


Vi kjem inn mot Grandas de Salime, og i det vi kjem ned på bilvegen vert vi litt forvirra av merkinga, men så kjem der ein eldre mann med ei trillebår med hageavfall, og han viser oss veg opp mot gatene i byen.
Her er det eit apotek som skal ha eit besøk, ei kyrkje å gå rundt for å finne ut at den er stengd, og ein bar å vitje.
Medan dei to andre er på apoteket vandrar eg litt åleine. Ved kyrkja møter eg ei kvinne som spør om eg ikkje frys då vinden er skarp og kald i gatene. Ho er godt kledd medan eg, utanom buksa, berre har ei t-skjorte av ull på overkroppen.
Vi pratar litt på gatehjørnet, ho fortel ho er frå Amerika, og at ho har tenkt seg til A Fonsagrada i dag. Nærare 3 mil  med vandring. Ho er litt seint ute men ho nytta litt ekstratid på herberget denne morgonen til å sove. Fordi det vart lite søvn om for henne om natta grunna mykje snorking.
Medan ho held fram vandringa bortover gata, finn eg dei to andre og vi går inn på gata sin bar. På vandringar i Spania må ein nytte alle høve til ein stogg på barane ein kjem  til då det kan vere langt fram til neste høve der ein kan få ein rast over ein kaffikopp. Som denne dagen. Det vart det einaste barvitjinga med ein kopp kafi con leche (kaffi med melk) for damene og ein kopp americano  (kaffi utan melk) for meg.
Så er vi igang opp gatene og ut av Grandas de Salime for å ta dei siste kilometerane fram til Castro.


På vegen har vi eit lite stogg ved ei pilegrimskyrkje i utkanten av landsbyen Malneira. Og igjen må vi vere nøgde med eit glimt inn i kyrkjeromet gjennom ei opning i døra. Det er Capilla  de la Esperanza de Malneira.

Det vert både å gå skogsstiar og bilvegar til vi kjem inn i eit vegkryss ved Castro. Namneskiltet står litt lenger borte på vegen, men vi endar med å gå opp ein bakke mot åstoppen ovanfor.
På veg opp må vi stanse for kyr som kryssar vegen, og oppe ved ein stor fjøs høyrer vi kraftig rauting, så der er det nok eit kvart som foregår
På bakketoppen møter vi først ei stor murbygning som huser pilegrimsherberget, men det er ikkje dit vi skal. Men kvar?


Vi går litt vidare på landsbyvegen, forbi den vesle kyrkja då eg ser ei gul bygning ved ein sideveg  bortover mot nokre gardsbygninga. Eg meiner å sjå eit namn på den, og vi vel å ta sidevegen. Då vi nærmar oss kjem ei kvinne ut. Ho har nok sett vår spørjande vandring, og ho ynskjer oss velkomne til Casa Ferreiro.
Kvinna snakkar engelsk og det gjer kommunikasjonen lettare.
Ho viser oss inn og får oss registrert. Vi får litt orientering før ho fører oss opp gjennom huset som ho har overteke etter besteforeldra og pussa opp til gjestehus.



På veg opp viser ho oss bestemora sitt kjøken som ho har teke vare på slik det var.
Endå ei etasje opp til der roma våre er med utsikt gjennom takvindauget bortover mot ei stort bygg borte på ein ås over landsbyen.
Her er eit godt kjøken på hospitset, men vil vi ha mat må vi ordne det sjølve. Men på herberget er det råd å kjøpe seg mat.
Eg tek meg ein vandretur  rundt landsbyen i solskinet. Der var eit roleg og vakkert landskap med bylgjande åsar over dalsøkka.


Staden ber namnet Castro noko som tyder på ei gamal soge, og ved landsbyen har der vore utgravingar etter tidlegare tider sin busetnad. Etter litt vandring finn eg staden der keltarane hadde ei bygdeborg, Chao de Samartin. Den vart utvida i romersk tid, og endå meir i visigotisk tid, før eit jordskjelv la staden i ruinar. Staden var så gjenoppdaga etter andre verdskrigen.
Men utgravingsstaden var stengd med høge gjerde og hengelås på porten.
Der var eit stort museum opp i åsen over, men dit gjekk eg ikkje.I i staden tok eg vegen om pilegrimsherberget for å sjå meg om.
Kvar maten var å kjøpe såg eg ikkje, men eg møtte ei kvinne frå ettermiddagen ved hotellet ved kraftverksdammen. Ho var tysk, fortalde ho, og gjekk åleine. Men som den amerikanske kvinne i Grandas hadde ho plagast med nattesvevnen på grunn av snorking på sovesalen.  Kanskje ein burde ha med øyrepluggar eller anna hjelpemiddel om ein satsar på sovesalar?
Attende på vårt hospits såg eg at der var komne to ryttarar med hestar. Og ikkje lenge etter var dei gang med hestestell ved den gamle uthusbygninga.
Sidan eg ikkje greidde å spore opp kvar det var råd å kjøpe mat, så måtte mine to kvinner til. og dei fann fram. Det enda med ein stor spansk totilla, som vi seinare delte mellom oss.

Og i morgon er vegen lang fram til Fonsagrada så ikkje lenge etter at sola gjekk ned i vest låg vi i sengene.



Grandas de Salime sitt byvåpen.
4 kvadrat
Oppe: Englekorset som viser til at kyrkja i Oviedo  hadde eit herredøme her.
          Tårn med ørn over og palmegriener på sidene viser til at Castropol hadde               herredøme over området
Nede: Bikuber som viser til at honning har vore ein viktig næringsveg.
           Brua over elva Navia som renn gjennom Grandas




Vegen frå Grandas de Salime til Castro.
Og vegen vidare i morgon; til A Fonsagrada. Då er vi komne til Galisia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar