torsdag 18. oktober 2018

Camino Primitivo 21.september Til Pola de Allande

Skodda er borte når vi byrjar gå denne morgonen, og det er overskya. Noko som igrunnen er ideelt vandringsver.
Denne dagen er det ei veke sidan vi byrja gå vestover frå Oviedo, og i dag har vi to val  etter knapt 4,5 km. Vi kan gå over fjellet fram til Puerto del Palo, dit er det 15 km frå vegdelet. Eller vi kan gå om Pola de Allande i dag, og så halde fram over Puerto den Palo i morgon. Då vert dagen si vandring på 14 km. Problemet med å gå over fjellet er at der er ikkje noko herberge før etter endå 9 km. Så då vert igrunnen valet lett. Vi vel å gå om om Pola de Allande, og overnatte der. Og det trur vi ikkje skal by på dei store utfordringane. Frå 300m  opp til 800m og så ned til Pola de Allande på 525 m.


I aust ser vi klår himmel over åsane der vi går, og over fjella langt bak oss.


Det dukkar opp ein bar i første landsbyen, og då må det verte ein kopp kaffi. Det er ikkje sikkert det vert så mange fleire før vi er framme.


I Borres, etter 3 km, tek vi ein kaffipause, før vi held fram oppover mot vegdelet 1,5 km lenger framme.



Men vi skal ikkje opp på fjellet, sjølv om vi etter nokre km skal opp på 800 m, før det det for alvor byrjar å gå nedover Pola de Allande.


Det er eit roleg landskap vi går i, men ser og det som skal verte litt utfordrande før vi når  fram. Elvedalane.


Det var vel der den gjekk opphaveleg pilegrimsvegen, ned i dei mange elvedalane. Men no er det kome bilvegar som kryssar dei. Det hadde vore enkelt, og raskarar og gå bilvegen, men dei vil vel sikre seg at vandrarar ikkje råkar ut for ulukker undervegs, derfor vert vi leidde bratt ned i dei djupe elvedalane.

Og er vi først nede, så må vi og opp att på den andre sida, og det kan til sine tider ha sine utfordringar.

Men til slutt ser vi Pola de Allande ligge framfor oss. Byen er i grunnen nokre få gater på begge sider av ei elv. Ikkje så stor elv, men har vore ein viktig faktor for byen tidlegare. Vi såg det i Grado, og vi ser det her og at aurefisket i elva var ei viktig sysselsetting. Men idag er fisket forbode. Og så lita som elva er kan ein forstå det. 

Der må ha vore stor utvandring frå området sidan dei så tydeleg markerar utvandringa til det spansktalande Amerika.

 Vi tek inn på eit hotell , og kjem midt i lunsjserveringa. Vi får vente til vi er kome på plass i roma våre før vi melder oss for eit måltid varm mat.
Der var ein kelnar som tek seg av oss på beste måte, og han byrja med å fortelje om ei lokal suppe som skulle vere svært god.

 Og på bordet kom ein stor bolle med ei slags grønkål og bønnesuppe. Og god var den. Vi forsynte oss fleire gonger i den tru at dette var måltidet.


Men nei, det var berre starten. Ikkje før var vi forsynte med suppe så kom han med neste rett, blomkålpudding med tomatsaus.


Den tredje retten,kålrullettar på bordet, alt medan kelnararen fortalde og anbefalte rettane.


Magen byrja å verte noko full før vi avslutta med to kakestykke. Det vart vel det einaste vegetarmåltidet vi inntok på vandringa vår. Ikkje ein einaste kjøtbit blanda inn.


Så då var det berre å kome seg ut å gå for å arbeide unna måltidet. Torbjørg og Bodil inntok eit vaskeri medan eg vandre rundt i gatene ved elva.


Allende sitt våpeskjold vart gitt av kong Alfonso XI til folket i Allande for hjelpa dei gav i slaget om Salado mot muslimane 30.oktober 1340. Halvmånane symboliserar kampen mot  muslimane.
Salado er ei elv på sletta mellom Gibraltar og Portugal der det siste store slaget mellom muslimane og dei kristne stod.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar