lørdag 20. oktober 2018

Camino Primitivo 22.september Til La Mesa

Denne dagen, den første i vår andre vandringsveke skal vi fram til La Mesa som ligg 22 km lenger vest. Men først skal vi over Puerto del Palo, og dit opp er det 8,5 km og 620 høgdemeter.
Så då er det berre å kome seg ut av gatene i Pola de Allande og byrje vandringa oppover mot høgda.


Det tek ikkje lang tid før vi forlet bilvegen og vert leida inn på ein bygdeveg. Langt der framme ser fjellet vi skal over.
Det går litt nedover i byrjinga , ned mot elva i dalbotnen. Grenda El Mazo  kjem først, så etter vel 3 km går vi forbi gardstunet i Peñaseita. No er det slutt på bygdevegen og vi kjem inn på ein traktorveg oppover dalen.
Ein spanjol sit ved ein steingard nede ved elva og mediterar når vi går forbi. Dei stig jamt høgdemeterane der vi går innover i dalen.


 Så er vi framme ved siste gardane. To tun som ser forletne ut.


Ved sida av stien er det bygt opp vatningrenner i bakken over dei bratte markene ned mot elva i dalbotnen. Frå no av er det berre sti vidare oppover. Sola har byrja å få tak, men stien vi går på er inne i skogen.. Men vi skjønar at der må vere beitemark i nærleiken for vi høyrer klangen av kubjeller.


Inn i mellom er der opningar i skogen og framfor oss ser vi fleire dalar som strekkjer seg opp mot toppen. Eg undrar meg på kva for dal stien leier oss inn i.


Så er vi over skogen.   Vi kom opp i ein sving på bilvegen.
Bak oss ligg eit sundskore landskap som vi kom opp gjennom.


Fram for oss ligg snaufjellet bratt oppover mot toppen.
Langt oppe ser vi ein liten furuskog i himmelsjå.
Sola stikk godt i nakken der vi klatrar på stien oppover, og det er godt med ein liten rast når vi kjem opp i skogkrullen. Vassflaska må fram, og ein banan forsvinn i same rennet.
Men enno er det eit stykke att.
Så er vi oppe på ei lita slette, restane av nokre gamle murar ligg der og fortel om farne tider.
Berre siste kneiken att, men her går det mange krøtterstiar oppe i lia. Kva for ein er vandringsvegen?


Nokre vel den første dei kjem til, men den fører berre vidare bortover i lia. Eg finn merka litt høgare oppe, og snart er vi oppe på høgda og vandrar bortover grasvollen mot vegen og skiltet som fortel at no er det gjort.

Så  kan vi setje oss ned, nyte utsikta på vestsida av fjellet. Lufte litt føter, og fylle på med meir vatn og næring.

Men vi har enno langt att så snart er vi på veg ned frå fjellet. Første strekket går bratt ned mellom to svingar på bilvegen. Bratt og med mykje lausgrus og stein. Nokre er modige og spring ned, vi er nok litt meir varsame og tek det roleg. Vil ikkje ha eit fall med beinbrot som fylgje.  Nedanfor neste sving flatar stien meir ut ned gjennom lia, og etter kvart ser vi ein gard nede på ein åsrygg.
Då vi nesten er der vert vi stogga av ein bonde som strevar med å få nokre kyr til å gå dit han vil, bort frå stien og inn i lia lenger borte.


Så ligg garden Montefurado framfor oss med sine steinhus og høge steinmurar.  Noko som eg har sett av bilete frå Asturias er at det er vanleg på gardar i dei høgtliggande fjellområda.
Det første vi møter er ei lita kyrkje, og på andre sida av steinmurane stuper markene bratt nedover mot dalbotnen langt der nede.


Og når vi ser oss attende  så ser vi passhøgda i himmelsjå, berre 1,5 km lenger oppe. . 
Endå er det lange 12 km att fram til La Mesa. Og no byrjar sola verkeleg å ta.
Det er ikkje slutt på bakkane sjølv om vi er nede frå fjellet. Frå Montefurado skal vi bratt opp 100 høgdemeter igjen, før det igjen går nedover snart 200 meter fortel app'en oss. 


Men utsynet er det ikkje noko å sei på der vi klatrar opp og ned. Vegar er det på kryss og tvers alle stadar bort over i fjella. Og nokre stader kan vi sjå spor av at der har vore skogbrann.
Eit stykke nede kjem vi igjen i kontakt med bilvegen. Og her tømer eg siste skvetten med vatn, og et den siste muslibaren eg har i sekken min. Eg hadde nok vore litt for optimistiske i høve til å ha med nok vatn og anna næring  når det alt no var fortært medan det enno var over ei mil att med steikande sol. Når eg kom ut av skuggen frå trea var det som å verte slegen av noko varmt i hovudet.

Kva meir er det å fortelje frå vandringa denne dagen? 
Det gjekk nokså greit bortover i lia mot neste landsby Lago. Der skulle det etter boka vere ein bar. Det kunne nok løyse mitt problem.  Stien gjekk både opp og ned, men utan dei store utfordringane av stigningar i varmen. 
Ikkje før vi nærma oss Lago, der møtte vi igjen ein dryg bakke, og no kjende eg at eg snart var tømd for krefter. Ved ei lita kyrkja var der ein murkant ved vegen. Der på muren måtte eg legge meg ned ei stund for å samle krefter. Så låg bakken opp til Lago føre. Eg søkte mest mogeleg inn i skuggen frå husa, men det gjekk seint oppover. Ved eit hus oppe i bakken sat der ein vandrar i skuggen, og ei eldre kvinne rekte han eit krus vatn ut gjennom vindauget. Så det var ikkje berre eg som hadde gått tom for vatn.
Så var vi oppe. Men her var det ingen bar til å søkje kvile og ly for sola, og få kjøpe meir vatn og anna næring
Eit stykke framover var vegen flat, men ikkje langt borte viste ei gul pil oppover den bratte lia att.

Enno hadde vi 8 km att, og eg hadde ikkje meir å gi. 
Ei kvinne heldt på å henge opp klesvasken sin i bakken ovanfor vegen. Torbjørg var frampå og spurde om ho kunne hjelpe oss og ringe etter drosje, og det ville ho. 
Ho kom ut med telefonnummeret og lånte Torbjørg sin telefon. Og det ordna seg. Så var det å vente nokre minutt før drosjen var der, og vi fekk sekkar, stavar og oss sjølve inn i den. 

Dei 8 km gjekk fort på ein sterkt svinga bygdeveg. Undervegs såg vi mange vandrarar vandre mot Berducedo, 4 km vandringsveg framme, der det og var eit albergue. 


Vidare bakke opp og bakke ned, sving etter sving, og så etter nye 4 km vandringsveg stansa han framfor hospitset i La Mesa. Bilvegen måtte vere ein god del lenger etter alle svingane vegen hadde.
Du verda kor godt det var etter denne dagen si vandring når eg gjekk tom for krefter, å kunne gå under dusjen, og så legge seg strak på senga med dusjhandkledet under meg og kjenne korleis kroppen sakte tok seg opp att.

Men vi måtte ha mat, helst varm mat. Vi var nok litt seint ute, men der var ein rest att i grytene, om vi ville ha. Og vi takka ja. Så fekk vi den retten vi gjekk i frå i Cornellana. Ein typisk asturiansk rett. Men denne gongen var kjøtet mørt, velkokt og godt.


Så var ein innhaldsrik og flott vandringdag over, om den for meg vart i slitsommaste laget.
I morgon venta ein ny dag med sine utfordringar. Men nok ein spennande vandringsdag. Men meir om det i morgon.


Vegen frå Pola de Allande til La Mesa med høgdekurver.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar