onsdag 24. oktober 2018

Camino Primitivo 26.september Til O Cádavo

Nok ein dag, den 12. på vandringa vestover på Camino Primitivo, frå Oviedo til Lugo.
I dag frå A Fonsagrada til Cádavo, vel 24 km, men med to toppar å kome over, den første på 1023 m, så bratt ned til under 700 m, før så opp att til 950 m.
Sola kikar varsamt fram bak eit tynt skoddeslør denne morgonen då vi forlet A Fonsagrada.

Det går nedoverbakke ut av byen, men ikkje så langt ned som eg frykta i går, berre rundt 100 høgdemeter på både bilvegar og skogsstiar, men etter nokre kilometer byrjar det igjen å stige oppover, mest på skogsstiar. Sola byrjar etter kvart å få godt tak når vi kjem ut frå skuggen av trea.

Ved landsbyen Padrõn  er det eit opnare landskap, med fleire gardar på andre sida av dalen, men snart er det inn i skogen igjen fram til Vilardongo. 

Her er det arbeid i gong på stien. Fleire menn med gravemasiner, dumperar og vegvalse er i arbeid denne morgonen med grøfting, bygge renner for å leie vatnet ut til sidene og tromle vegen flat og fin å gå på oppover bakken. Men oppe på ei flate ved ein stor fjøs, og ei menge store hornete kyr, er det slutt. 
Herifrå går stien på ein heller dårleg traktorveg vidare oppover lia. Vi kjem forbi på øvresida av den siste landsbyen før toppen, Montouto. Landsby og landsby? Det er eit par gardar som ligg på ei rekke nedfor vegen vi går på, med bratte marker både oppover og nedover lia.

Så er vi over skogen og snaue åsen lyfter seg opp mot vindmøllene på toppen.
Vel oppe på flata ser vi fleire steinhus ved stien, og marker der det går krøtter og beiter.

Det første huset vi møter er eit lite kapell, og litt bortanfor restane av eit pilegrimsherberge, Hospital de Monouto

Vi hadde alt vore undervegs i 4 timar, så no høvde det med ein rast ved dei gamle murane.

Borte på enga bortanfor steinhusa stod der nokre  mykje eldre minne. Ei gamal steinsetting frå keltisk tid, om ikkje endå eldre. Dolmen vert slike minne kalla.
Og over og bak alt ruva vår tid, vindmøllene.


Ikkje alle vegmerke har same utsjånad. Dette skil seg noko ut.


Det går 350 høgdemeter bratt ned att frå fjellet til landsbyen Paradavella, men det vert ein stans rett før vegen, for der har ein kvan funne det strategisk og legge ein bar som fangar opp alle vandrarane med å tilby mat og drikke, og toalettbesøk.  Og her har ein vandrar fått besøk på sekken sin. Og han som har slege seg til ro på toppen av sekken, og nyt solvarmen, han er ikkje lett å flytte når vandraren vil vidare.

Vi kjem ned i landsbyen, og baren der ser ikkje ut for å få mange gjestar denne dagen. På veg bortover mot neste skogsstrekning møter vi ein vandrar, ein ung gut som dreg ei tralle etter seg, men har går motsett veg. Kvar har han tenkt seg tru? Han må få ein del problem om han har tenkt seg over fjellet med tralla.

Det går opp 50 m , og så ned att, fleire gonger bortover i lia, før vi igjen kryssar bilvegen ned mot ein liten landsby der vi ser fleire gamle steinhus, Ved ei kyrkje vert vi leidde opp lia igjen for når vi er høgt nok oppe, igjen  å ta turen på ein steineste sti ned att til ein gamal og forleten gard.

Men no er det slutt på herligheita. Ei spansk side skriv om det som ligg føre fram til neste landsby, A Lastra med orda "la tremenda subida", omsett til norsk den forferdelige bakken.
Opp under 150 høgdemeter bratt, rett opp lia til bilvegen oppe i A Lastra.
Det vert mange pausar på vegen opp, og pusten min går tungt.
Der kjem ein middelaldrande mann og når oss att. Eg ytrar noko om tungt, eg får ikkje svar  men sveitten driv frå han der han slit seg oppover bratta.

Så er vi oppe og litt framfor oss ligg ein bar, med skuggefulle parasollar. Vi stoggar, og damene tingar seg kaffi med melk. Eg orkar ikkje og kjøper ei colaflaske. På spørsmål om dei har banan eller anna frukt får eg nei til svar., og der er berre snop i hyllene.
Kaffien smakar visst heller dårleg, ein kaffikopp med kokt melk på toppen. Inga kaffimaskin med stima melk her nei.
Så då får vi heller spandere på oss ein is. før vi går vidare inn i landsbyen. Der er ein skikkelig bar, men vi går forbi, bort til dei siste husa og byrjar på endå ein bakke i den varme ettermiddagsola.  Den er slakkare  enn den vi kom opp, men vel så lang.

Det vart ein av dei tyngste dagane fysisk. Varm sol og mange bakkar, tunge bakkar, og i dag er det Bodil som seier nok er nok. Ho har byrja å få hovudverk, på grensa til migrene.  Så då vi kjem til landsbyen A Fontaneira litt nedanfor toppen stoggar vi, og Torbjørg går inn på baren og får ungjenta der til å ringe etter drosje. At Bodil vert liggande med migrene rett før vi er ferdig med vandringa kan vi ikkje risikere, for det er det ikkje gitt rom for i planane våre.
Så vert det drosje siste 4,5 km fram til hospitset i O Cádavo  Baleira.

Seinare er vi ute og ruslar i gatene. Her er lite med opphaldsrom i herberget så det må verte å gå gatelangs, og å finne ein bar å kjøpe seg mat på., og sjå på gatelivet. Alt synest å foregå ute på gata eller ute nær den.
Så kjem kvelden og alle søkjer inn. Også vandrarane som har ein ny vandringsdag i morgon. Dei fleste har enno nokre dagan fram til Santiago. Vi har berre eit par dagar att til Lugo.

O Cádavos byvåpen                  

Vegen frå A Fonsagrada til O Cádavo med sine opp og nedturar


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar