tirsdag 9. oktober 2018

Camino Primitivo 14.sept. Oviedo

Roleg start på dagen med frukost på hotellet, før vi rusla gatene til katedralen. Messe kl.12. med framvisning av sudariet, trudde vi. Men nei, det var det ikkje, men sudariet, ansiktsduken fekk vi likevel sjå, for vi vart tilrådd å kjøpe bilettar til katedralen med museet der ansiktsduken var å sjå.
Dei er imponerande dei spanske katedralane med sine store alterveggar som skin i gull, og dei mange vakre sidekapella vigde til ulike helgenar. Mange av dei ukjende for ein lutheranar frå pietistiske bygda i heimlandet. men ei kjensle eg får i desse storslegne kyrkjene, eg vert min lutherske bakgrunn sterkt medveten i desse kyrkjene.  Museet vil eg kome attende til.







Etter vandringa i katedralen byrja magen å fortelje at det var tid for mat. Og ved ein matstad stod der eit oppslag om ein bestemorsrett. Den måtte prøvast. Det viste seg at matstaden baserte sine rettar på egg. Og bestemorsretten var to speilegg, ein sterkt krydra pølsesnadd og masse steikte potetskiver. Og med brød til. Desserten bytte vi ut med kaffi.


Seinare på dag var vi attende til katedralen for å sjå om der var pilegrimsmesse. Det var det ikkje, berre stengde dører, så då enda vi på rådhusplassen og overvar opninga av Matteofestivalen, med byens sekkepipeorkester og eit hornorkester.
På vandringa i gatene møtte eg desse karane, der den eine var ein stor filmregisør i USA, Woody Allen.




Før vi tok kveld måtte vi ordne sekkane som posten skulle frakte vidare neste morgon, medan vi skulle ta føtene fatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar