søndag 14. oktober 2018

Camino Primitivo 17.september Til Cornellano

Vi vaknar tidleg av at det vert arbeidt på kjøkenet, og ei vandring av dei andre vandrarane til toalettromet byrjar. Det er vel mange som skal gå langt i dag, som er oppe og gjer seg klar.
Vi har berre 10.5 km framføre oss, så vi tek det med ro til det stilnar av. Då er det vår tur til å gjere klar sekkane og få oss frukost.
Rundt kl 08 har det lysna ute, og vi byrjar vår vandring ut og opp frå Grado. Stigninga oppover byrjar mest med ein gong. Vi skal opp på Alto de Fresno, Fresnohøgda. Dit er det vel 5 km oppover bakke, og så skal vi nedover att til Cornellano. 300 meter opp og 300 meter ned att på andre sida av høgda.

Det er skodde rundt oss når vi startar, men etter kvart som vi går oppover på fine vandringsvegar vert skodda liggande under oss nede i dalen, og vi ser høge fjell i sør over skoddehavet.



Så er toppen der. Sør for oss ser vi fleire gardstun bortover fjellet,



og på toppen nordfor oss ligg eit stort kloster i solskinet. Men vi sløyfer turen opp til det, og vender oss mot nestigninga til Cornellano og klosteret vi skal overnatte i.


I landsbyane og i gardstuna høyrer eit stabbur med ved kvart hus. Her er maisen hausta og heng til tørk. I motsetning til Galisia der der stabbura er smalare kortveggar, så er dei her i Asturias nærare kvadratiske.. Og gjerne er dei bygde med rom under sjølve stabburet.
Vi stooga i ein landsby og kjøpte oss noko drikke. Og det var tydeleg at no hadde mennene hausten sitt høgdepunkt.. Det strøymde på medan vi sat der med bilar som hadde hundebur  på tilhengaren, og sjåførane samlast ved baren for å drøfte jakta som stod føre. Vi kom seinare på vandringa mot Cornellano til at det måtte vere gåsejakt som stod på programmet.


I 12-tida står vi utanfor klosteret sin port, men den er stengd. Vi er for tidleg ute etter det som står på ein plakat ved porten. Men i det vi vender oss om for å gå inn i landsbyen, opnar porten seg, og ei kvinne undrast på om vi var tenkt oss inn. Torbjørg forklarar kven vi er og at vi har tinga husrom der, og då ynskjer ho oss velkomen inn.
Så er det registrering og tildeling av senger. Sekkane våre var det litt for tidleg for, så dei ville vi få seinare når posten hadde vore der med dei.



Klostret San Salvador vart grunnlagt i 1024 men vart stengt i 1835. Det er no under ei restaurering som skal vere ferdig til klosteret er 1000 år i 2024. Men der er laga til eit albergue for vandrarar, og det var der vi fekk rom, ved sida av den tidlegare klosterhagen.

Vi var ein tur inn i landsbyen og kjøpte oss kaffi på ein bar medan vi venta på sekkane. Der er to barar ved sidan av kvarandre inne i gata.
Seinare var vi inn at og kjøpte oss varm mat, og då vitja vi den andre. Men det vart ein nedtur.Først ein slags salat som ikkje var mykje å skrive heim om, men hovedretten var verre. Kjøt som var så seigt at det knapt var råd å skjære, for ikkje å snakke om å tygge. Ein vart mett berre av tygginga. Og attåt chips som det knapt nok var smak på. Det enda med at vi forlet heile måltidet, betalt og gjekk til nabobaren og kjøpte oss kaffi.
Resten av dagen og kvelden heldt vi oss i skuggen på klosteret.
















Cornellano sitt byvåpen.

Her er og ruta for denne dagen, og neste dag fram til Salas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar