fredag 12. oktober 2018

Camino Primitivo 15.september. Til Escamplero

Det er laurdag 15.september. I dag byrjar vi på vandringa frå Oviedo i Asturias til Lugo i Galisia.
Sekkane er pakka, klare for sending med det spanske postvesenet. Sjølve skal vi berre ha ein liten sekk på ryggen med det vi synest vi treng for vandringa denne dage.
Då skal vi gå 12 km fram til Escamplero der vi har tinga oss husrom.


Men før vi går nyttar eg høve til å ta plass i stolen til ein kvinneleg fotograf  med eit godt gamalt plateapperat.
Etter frukost på hotellet tek vi føtene fatt vestover gjennom gatene og vi ser fleire som er ute i same ærend, unge og middelaldrande, men i motsetning frå oss ber dei større sekkar på ryggen.
Vegen er godt merka med gule piler og messingskjel på fortaua så vi slepp å gå feil.






Snart er vi ute av bygatene, ute på bondelandet. Asfalt vegen endar og vi kjem inn på ein gruslagd bygdaveg med bondegardar ved sida.
Det er omlag 12 km frå Oviedo til Escamplero som målet for dagen si vandring.
Oviedo ligg på omlag 250 m.o.h. og Escamplero på omlag det same.
Men før Escamplero fortel kartet at vi skal 150 m ned før det går bratt opp att

Det er fint å gå, ikkje så mykje asfaltvegar, meir skogsstiar mellom skuggefulle tre.
Men det er når vi har omlag 5 km att  at dagen si utfordring byrjar. Pilegrimsvegen leier oss bort frå bilvegen og ned i dalsenking. rett idyllisk på nedturen. Nede i dalbotnen renn elva stille på sida av stien. Men det varer ikkje lenge. Snart byrjar stigninga opp til Escamplero. Vi når att eit par kvinner. For oss er det varmt, men dei er svært godt vødde. Truleg mor og dotter. Dei er komne frå Australia får vi vite, og den eldste fortel at ho har en fot som plagar henne ein del.
Eg tenkjer at det kan verte svært hardt å gå Camino Primitiva med sine mange bakkar opp og ned med ein vond fot.

Om sola står høgt på himmelen, så er det likevel svalt å gå i skuggen av store tre, men det endrar seg når vi kjem opp til gatene og husa i landsbyen. Då står ettermiddagssola rett ned i hovudet, og vi får vår første erfaring med det som skulle fylgje heile vegen fram. Den varme ettermiddagssola rett i hovudet.

Gata oppover bakkane vert lang i varmen, men til slutt er vi oppe og då ligg Pension El Tendejon de Fernando fram føre oss.
Vi får ein rom med gode senger, og ein eigen dusj.
Dei driv å serverer mat når vi kjem, men vi er slitne og treng ein dusj, så vi utset måltidet.
Det viste seg å vere ein feil. Då vi tilslutt vil ha oss mat er kjøkkenet steng, og butikken lenger borte i vegen er berre ein automat.
Men tilslutt får vi nokre små baguettar som låg att etter tidlegare.
Vel kjøkenet opna igjen kl.21.00 men då var vi gått til ro. I morgon venta endå ein vandringsdag.


Vi gjekk ein tur i landsbyen. Ein landsbyveg med hus på sida. Der låg ei velstelt kyrkje som diverre var stengd, og lengst vest låg skulen som var omgjord til pilegrimsherberge. Det var alt.

Det stod ein figur utanfor døra. Han såg noko mager ut, men kunne nok vere eit apropo for vandrarane. Sørg for å ha nok mat og drikke, eller kan det verte  smalhans etter vegen.

Escamplero sitt byvåpen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar