mandag 29. oktober 2018

Camino Primitivo 30.9 -1.10 Santiago de Compostela (2)

Det bles ein litt kald vind frå nordaust gjennom gatene i Santiago desse dagane.
Dagane har si rytme. Frukost i matsalen, rusle litt i gatene rundt katedralen og sjå på folkelivet. Lunsj på ein fortausresturant. Ein tur inn at på klosteret for litt kvild på roma,eller i kaffibaren. Der møtte vi att ein gamal kjenning frå før på klosteret, ein kelnar som likar å halde litt leven med kundane når det høver seg slik. Rusle i gatene igjen. Seinare på dag, middag i matsalen på klosteret, med kaffi i baren etterpå, og så mørknar det ute, det er kveld og vi går til ro.


Messene i katedralen har vi litt vanskar med reint språkleg, men på søndagen var vi anglikansk gudsteneste inne på Paradoren. ein utsøkt kyrkjelyd av engelsk, tyske, norsk og New Zealand'ske borgarar og med kvinneleg engelsk prest. Etterpå kyrkjekaffi i hotellet sin bar. 
Der kunne også eg delta i nattverden. Noko eg nok som ein i flokken kunne gjort også i katolske kyrkjer, men som eg av prinsipp ikkje gjer då dei ikkje godkjenner at protestantar får motta den hjå dei.

På eit hjørne av klosteret var eit kyrkjemuseum som vi ikkje hadde vitja før. Den siste dagen var vi inn der, og vi kom først inn i eit kyrkjerom. Ikkje så stort men kanskje eit av dei mest fasinerande eg har sett på våre vandringar. Der alterveggane var fulle av detaljar, og der taket kvelva seg over koret i vakre fargar og mønster.


Så gjekk vi opp ei trapp og kom opp i galleriet der det var benkar rundt veggane for dei geistlege, og veggane var dekte av utskorne bilete frå Bibelen og Jesu liv.



Endå nokre trapper opp fann vi fleire rom som hadde utstillingar av veldig ulikt slag. Alt frå gamle bøker, preste og biskoplege drakter, gamle kyrkjelge nattverdskalkar til moderne Kristusskulpturar og bilete.


Så er det på tide å ta farvel med Santiago for denne gong. Om det vart den siste får framtide syne.



Det mørknar i byen, men katedralen sine tårn stig lyse fram i den mørke kvelden.

Etterpå ventar vi i kaffibaren, i lag med andre som og skal frå byen denne dagen. Og kelnaren "vår" kjem med konfekt og ynskjer oss "Auf Wiedersehn".
Vi skal denne kvelden ta nattbussen til flyplassen i Madrid, og i morgon vidare med fly til Amsterdam, og  så vidare heim til Vigra og Sunnmøre

Vår vandring på Camino Primitivo er over. Vi hadde app'ar på telefonane som fortalde kor langt vi hadde gått kvar dag, og kor mange steg vi hadde teke. Men dei var ikkje samde desse telefonane. Torbjørg og Bodil var mest like så eg vel Bodil sin, og den fortel at ho frå dag ein i Oviedo til  avreisedagen i Santiago hadde gått  217 km og 389384 steg. Høgdemeter har eg ikkje, men det er nok nokre tusen det og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar