lørdag 13. oktober 2018

Camino Primitivo 16.september Til Grado

Kjøkenet opna ikkje før 10.30 på hospitset, og då var vi alt fleire kilometer avgarde. Så då vart det ein morgon utan frukost, men då vi etter knapt 5 km kom til Premoño var der ein open bar der vi fekk kjøpt oss kvar sin bocadillo og drikke. Damene med sin fylgjesvein, café con leche, grande por favor, og eg ei colaboks, så kunne vi halde fram vandringa mot Grado, eller Grau lokalt, med litt meir i magen til å gå på.
Det ligg skodde i liene rundt oss då vi byrjar å gå.Og det er nok ei slags jakt på gang, for vi ser, og vert forbikøyrt av fleire bilar som har tilhengar etter seg, og på dei er det hundrebur med fleire hundar inne i.

 Der er få opne kyrkjer å finne, og det er helst i større byar. Men der er mange små kapell etter vandringsvegen, og dei synest godt heldne ved like. Stengde dei og, men i dørene er der ofte eit vindauge med gitter som gjer det mogleg å sjå inn.
Frå Escamplero til Grado seier app'en at det 13,5 km, og det byrjar med 200 høgdemeter  nedoverbakke på dei første 3 kilometerane, og så relativt jamt fram til Grado.
Så ikkje noko store utfordringar for vandrarane i dag.



 Slike stiar hadde ofte, skuggefulle å gå på solvarme dagar, og fredfulle. Utan larmande biltrafikk.
Greit å gå, nokre bygdevegar og fine skogsstiar gjer det avvekslande for føtene. Og sidan vi er velsigna med opphaldver så er stiane turre å gå, om det vert ein del støv  på sko og leggar.



Ved Peñaflor er det tid for kaffepause på baren før landsbyen. Baren ligg ved brua som kryssar elva. Då vi har kryssa den ser vi over på ei mektig klippe ved baren.
Vi går gjennom landsbyen, og der ser eg noko eg ikkje har sett før. Der er hengt opp fleire plakatar som fortel om kven som har døydd i landsbyen og omegn i det siste. Er det på denne måten dei kunngjer dødsfalla her? Nyttar dei ikkje kunngjeringar i avisene?


Så tek vi siste stykket og kjem vi inn i gatene i Grado og leitar oss fram til hospitset.  Det ligg i ei gata som er prega av gamle herskapshus. Det var menn frå Grado som drog til Amerika, tente seg rike og kom attende og bygde seg praktvillaer.


Eit av dei er gjort om til til Albergue La Quintana, og der har vi tinga oss husrom. Vi får tildelt ein sal som er omgjort til 2 soverom med ein halvvegg mellom, kvart rom med 4 senger. Vi får det indre romet, i det ytre kjem det etter kvart 4 franske vandrarar, så det vert lite kommunikasjon mellom dei to roma.

 Sidan det 2 par køysenger i vårt rom så hamnar eg i ei overkøy. Det har eg prøvt nokre gonger før, og det kan vere både og når ein må opp i mørkret om natta.
Og så må eg leite opp silkeposen for første gong på denne vandringa. Den kan og by på litt arbeid gjennom natta. På grunn av at eg ligg litt uroleg, vert det etter kvart ikkje heilt enkelt å finne ut av kva som kva på den.


Alle offentlige bygningar i Spania flaggar med fire flagg, Det spanske nasjonalflagget, regionen sitt, byen sitt og Euroflagget. Hospitset vi budde på flagga berre med tre, det mangla Grado sitt.
 Vi ruslar ein tur inn til det gamle sentrumet i Grado, og ved rådhuset er der to store torg. det er avslappande å berre sitje ned og sjå på folkelivet, og omgjevnadane.
Rådhuset og nokre andre bygningar er fint oppussa, og folket i byen er tydlegvis glade i fargar, for heile fargeskalaen er teken i bruk på bygningane. Men inn i mellom dei fine gamle husa, så kan det stå eit heilt nedslete med knuste vindauge og tak som held på å søkke saman. Underleg og trist å sjå.
Opp i bakken ligg kyrkja. Den manglar litt maling utvendig, og inne? Det kan eg ikkje fortelje om då den er stengd.

Attende på Alberguet får vi kjøpt oss varm mat, elles vert det å sitje ute i hagen og sjå vandrarar med tunge sekkar gå forbi. Det kjem fire forbi, eit eldre par og to unge. Den unge guten ber også sekken til den eldre mannen. Det er seint på dag og dei er tydeleg på leit etter husrom. Jenta stansar dei, og ho kjem opp for å spørje, men nei, her er fullt, og dei vandrar vidare.
Dei kjem vi til å møte att seinare under vandringa.

Så er det berre å gå til ro. Ute er det varmt, og inne vert det enno varmare utover natta på romet. 7 menneske på eit lite romet med lite ventilasjon skaper mykje varme. Eg som undrast på om eg skulle plukke fram eit ullteppe til å legge opp på lakenposen, ender med å ligge oppe på den.












 Grado sitt byvåpen. Der må ligge ei interessant fortelling bak treet, ormen, kråka og dei 4 lansane, ei fortelling eg diverre ikkje kjenner.








Her er eit kart som viser korleis vandringsvegen buktar seg fram i landskapet, og med høgdeprofilane under.  Vi ser og at denne oversikta har mykje lenger distanse på 1,vandringsdag enn vi hadde. Vårt tempo var nok mykje lavare enn dette legg opp til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar