onsdag 10. oktober 2018

Oviedo 14.september Oviedo Sudarium

Der var ein grunn til at vi la ferda til Oviedo og Camino Primitivo til midten av september.
Vi hadde høyrt at fredag 14.september skulle det vere messe i katedralen, og då skulle og sudariumet synast fram.
Sudariumet? Kva er så det? Det er eit klesstykke på omlag 84 x 53 cm.
I Johannes evangeliet, kap 20 og vers 6 og 7 står det at då Peter og Johannes kom til den tome grava så stansar Johannes utanfor men Peter går inn i den. Han såg linkleda som låg der, og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkledet, men samanrulla ein stad for seg.
Det er denne duken som er sudariumet.
Men korleis er den duken å finne i katedralen i Oviedo?

Det var ikkje så enkelt å finne ut når messa og framsyninga skulle skje. Vi fekk endå til eit inntrykk av at duken ikkje var så veldig kjent i byen.  Men etter kvart fekk vi vite at det først skulle skje om 10 dagar på Matteo-festivalen sin siste dag. Og då ville ikkje vi vere i byen.
Men ved ei vitjing i katedralen fekk vi vite at ved å kjøpe oss billettar til katedralen, så kunne vi i museumsdelen kome nær duken, berre ein glasvegg ville skilje oss frå den. Og då var løpet lagt. Det vart ei vandring i katedralen med sine mange kapell og til sist opp i museet, med ei engelsk røyst på øyret.

Soga seier at læresveinane tok vare på duken i Jerusalem og den fekk ein opphaldsstad i eit kloster fram til 614, men på 600-talet vart Palestina erobra av persarane, og då vart duken berga i sikkerheit i Egypt, men hit kjem og persarane, og den byrjar ei ferd vestover. Etter nokre årtier trugar ei ny fare då muslimane kjem vestover i Nord-Afrika. Ein dag står muslimane ved Gibraltarstredet og duken hamnar på den spanske halvøya. Men heller ikkje her er den trygg, og ferda går vidare nordover i 718, til nordkysten av dagens Spania, til Asturias. Der ved Biskayabukta vert den gøymt i grotte. Heilt til landet nordanfor kystfjella er trygt for muslimske tropper, og den første kristne staten, Asturias er skapt. Då vert det bygt ei kyrkje i Oviedo, og i den får ansiktsduken sin oppbevaringsstad. Det er denne ansiktsduken vi gjerne vil sjå.

Er dette berre ei legende, eller er det noko hald i soga?
Ferda er vel dokumentert, men er det verkeleg Jesus sin ansiktsduk?
I seinare år har mange forskarar undersøkt duken grundig på mange vitenskaplege måtar, og dei har funne mange likheitstrekk med likkledet i Torino.  Mellom anna samsvarar blodflekkane på duken med såra som syner på likkledet, og som det på likkledet er funne pollen som stemmer med Palestina, så er dei same pollen til stades i duken.
Derimot har ikkje duken noko avtrykk av den som bar duken. Den har berre synlege merke av blod i stoffet.
.
Trygt i sikkerheit bak glasveggen låg duken, litt på skrå så det var ikkje så godt å sjå. Men truleg betre enn om vi skulle ha sett den under ei messe.
Den låg oppå kista den hadde vore oppbevart i gjennom århundra.
















Men nærare glasveggen hekk to fotografi av den, den eine av baksida, og det andre av framsida. Vi ser at det er ulik styrke i blodflekkane etter kva side av duken vi ser.
Vi ser og på den vesle mørke biten nede i hjørnet ( ein bit som er klipt vekk for vitskaplege undersøkingar) at dei to fotografia er speilvende for oss.

Kva so?
Som med likkledet i Torino kjem tru - ikkje tru inn.
Kanskje er det ansiktsduken som Jesus hadde over hovudet for å take opp blodet som var på ansiktet hans etter døden på krossen, kanskje ikke.
Men er vår tru avhengig av om det er sant eller ikkje?
Sæle er dei som ikkje ser, men endå trur, sa Jesus til læresveinane etter at Tomas hadde fått sjå.
Så får det vere opp til den enkelte.
Men på Google kan ein finne mykje stoff om sudariet i Oviedo for den som er nyfiken på det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar