tirsdag 23. oktober 2018

Camino Primitivo 25.september Til A Fonsagrada


Månen var i ferd med å gå ned i nord då vi byrja gå frå Castro, etter at vi hadde fått ein god frukost.


Og i aust er sola i ferd med å kome over fjella. Det teiknar til å verte ein fin, men varm dag.
Framfor oss har vi 20 km med vandring fram til A Fonsagrada, og då har vi forlete Asturias og er komne inn i Galisia. Men det er litt både opp og ned i dag også. Castro ligg på omlag 650 m, så skal vi opp til vel 1100, så ned att til omlag 850 før vi skal opp til A Fonsagrada på omlag 950 m. Så vi treng dagen.


Vi byrjar på stigninga med ein gong. Skogsstiar først, men så kjem vi inn på bilvegen oppover. Der er sti på sida av autoverna, men der er det så fullt av tornar at vi endar på vegen. Vi ser nokre vindmøller på åsen frasmfor oss, og trur at det er der vi skal over.


Det tek ikkje lang tid før vi er framme ved den første landsbyen, Peñafonte. Her brukar det visst å vere mykje snø om vinteren. Snøstikkene er høge, og det kan sjå ut for at dei står heile året.

Ved landsbyen tek vi av frå vegen og opp i landsbyen. Mange tun av steinhus, og ei kyrkje, Iglesia de Santa Maria de Magdalena, under bergknatten bak ho , går vi forbi, og så vidare oppover, inn i skogen på ei bratt stigning før det flatar litt ut. Det var nok ikkje desse vindmøllene på vår topp vi hadde sett nede på vegen.


Oppover og oppover bar det gjennom skogen. Etter kvart dukkar det opp ein ny ås med vindmøller på framfor oss. Er det over den vi skal?
Bilvegen dukkar opp igjen, og pilene leier oss over den, og ein ny bratt bakke. Eit stykke oppe kjem vi inn på ein veg med flatare stigning bortover lia og opp på toppen av åsen. 


Og her er det vidt utsyn 

Så er vi vindmøllene , oppe på Alto de Acebo, Acebohøgda på 1110 m.o.h.


Over toppen kjem vi inn i skuggen, og der er det kjølegare. Kjennest nesten kaldt ut etter den varme sola vi hadde på vegen opp.


Så er vi der. I stikanten står eit enkelt lite merke, Ei skiferplate som markerar at no forlet i vi Asturias og går inn i Galisia.

Endrar noko seg. Nei, ikkje anna enn at erkjenninga av bakkane vi har klatra opp og nedi Asturias no ligg bak oss, og no ventar nye bakkar i Galisia. Og at vandringa vår nærmar seg slutten for denne gongen.

Men vi ser det og på vegmerkinga. Galisia har spandert nye, vakre vegmerke som utan om den gule pila, og fortel om kor langt det no er att til Santiago de Compostela. Til oppmuntring, eller fortviling, for vandrarane. Alt etter kor stoda er hjå den enkelte. Desverre syner det seg etter kvart at der er for mange med spritpennar og markeringslyst blandt vandrarane. Vandrarar som synest at dei må sette sine merke på dei reine merkesteinane.

Vel nede ved eit vegkryss i El Acebo er det bygt ein bar. Strategisk plassert for den stoggar alle vandrarar for ein rast, før dei held fram mot A Fonsagrada 11.5 km lenger vest. Og her er ikkje så mange opne barar på den strekninga. Og då må ein nytte høvet til ein kopp kaffi, noko å tygge på, og eit toalettbesøk.
Men snart er vi på føtene att, opp bakken bak baren og bortopver åsen at mot neste landsby. Fonfria, 4 km framme.  Der vert vi leidde ned i landsbyen. Det ligg ei kjelde ved inngangen. Eit par held på å ta seg vatn då vi går forbi. Vi har sett dei nokre gonger. Dei har berre ein sekk som dei skiftast om å bere. Eit par hundar møter oss på vegen. Nokre ropar på dei borte ved husa, men dei høyrer ikkje og helde fram  bortover vegen og inn på ei mark der det beiter kveg.


På nytt er vi inne i skogen igjen. Noko lenger framme kjem vi ut av skogen ved bilvegen på nytt, og vi ser eit landskap prega av åsar og djupe dalar. Så er det igjen inn i skogen. 

Vi kjem til eit kapell i utkanten av ein liten landsby, eit pilegrimskapell, Santa Barbara del Camino.


Inne er det veldig spartansk, berre eit steinalter med ein Jakop´s figur i front.


Men over døra ser vi eit pilegrimsmerke, hogge inn i steinen.


Ikkje lenge etter kjem vi inn på bilvegen  att. Litt bortanfor vegkrysset ligg resturanten Castro Vente, og det vert til at vi går dit og får oss mat, drikke og ei vitjing på toaletta. For enno er det vel 4 km att.

Igjen er vi på vegen. Framfor oss ser vi ein by på ein bakketopp. Er det dit vi skal? Nei det kan det ikkje vere for det er ikkje i den retninga vi går. Men som vi går, endrar og vegen retning, og vi endar med å gå i retning byen på bakketoppen.


No er vi i eit landskap prega av åsar med dalsøkk i mellom. Fjella i bakgrunnen synest langt borte.
Vegen vi går på er ved sida av bilvegen, og er langt frå flat, men heldigvis er ikkje bakkane for dryge, for eg kjenner at vandringa i varmen har teke på kreftene.


Så ser vi A Fonsagrada ligge oppe på åsen framfor oss. Då ventar det endå meir bakkar før vi er framme.  Og så er vi der. Først ned ein bakke til noko som liknar ein park.Der møter vi første husa men og bakken opp til husa der oppe. Ein seig bakke rett opp åsen, opp på første gata. Men det er ikkje gjort med det. Ein ny bakke går opp gata og inn mellom husa på begge sider. På andre sida av gata går terrenget bratt ned i ein dal, så vi er oppe på ein åskam. 

Byen ser litt trist ut. Grå 4-5 etasjer rekkehus  bortover. Det eine likt det andre. Ein industriby bygd utan å tenkje på estetikk.  Så dukkar Pension Casa Manola opp framfor oss. Eit av desse grå husa der sida mot gata er dekt av store stillas. Her er det nok oppussing på gang. 
Vi registrerer oss i baren, og vert vist opp på roma våre høgt oppe i etasjene. Så små rom at ein nesten må ut på gangen for å snu seg, og eit ørlite toalettrom. Og ein bør ikkje snu seg under dusjen for då stenger ein for vatnet med baken.


Og utanfor vindauget ligg beitemarkene der kyr går og beitar. Klangen av kubjeller når inn til oss høgt over dei.

Eg var litt negativ til det første eg såg av byen, men det kom seg då vi seinare vandra lenger inn til det gamle sentrumet. Der var det eit anna preg over gatene og husa.


Kyrkja låg ved eit lite torg og såg ikkje noko særleg ut utanfrå,


Men inne var ho vakrare


I gata var det sett ut nokre  vakre benkar ved husveggane,


Men var det på dei at dei eldre kvinnene sat og drøste, nei det var på nokre gamle og skrøpelige ( såg det ut for) trebenkar dei sat. Kanskje dei var varmare for baken.

Det var kald vind frå nordaust, så trass i sola var det kjøleg i gatene. Sjølv om vandrarane syntest meine noko anne der dei sat på barane i shorts og t-skorter. Sjølv kledde eg på meg for ikkje å fryse dei stundene vi rusla i gatene. 
Men i morgon ventar den lengste vandringsdagen, med to høgder å kome over, så det vart tidleg kveld i Pension Casa Manola.

A Fonsagrada sitt byvåpen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar