lørdag 6. oktober 2018

Til Spania igjen.

Vi skriv 12.september når vi tre vandrarane finn plassane våre på flyet på Vigra flyplass. Ferda mot sør er igang. Først til Gardemoen, så vidare til Spania og Madrid. Der vert vi verande over natta før vi neste dag set oss på bussen som tek oss nordover til Oviedo i Asturias regionen heilt nord i landet.
Dei neste tre vekene skal vi gå pilegrimsvegen, vandrarvegen Camino Primitivo frå Oviedo i Asturias til Lugo i Galisia. Der endar vår vandring i 2018. Frå Lugo tek vi bussen vestover til Santiago de Compostela. 20 mil med vandring får vere nok for dette året.
Sola skin varmt over Madrid då flyet i kveldinga landar. Vil vårt gode vandrarver frå tidligare vandringar fylgje oss også på denne vandringa? Vona har vi, men ??

Camino primitivo tyder ikkje primitiv, men den opphavelege, den første, vegen mot Santiago de Compostela.


Eg kjenner på litt uro i magen for kva eg har gitt meg ut på, for dette er inga flatlandsvandring, men er ei vandring som har rikeleg med både opp og nedstigningar. Har eg god nok kondisjon for slike utfordringar? Vil ryggen halde? Vil føtene tåle utfordringane?Vel, det får tida vise.

Det har vore spreidde diskusjonar i heimlandet omkring vårt norske krossmerka flagg, der røyster har heva seg for at dette merket, krossen, må strykast av flagget. Mot desse røystene kjennest det underleg å kome til to spanske regionar der flagga og dei heraldiske merka så tydeleg har sin grunn i kristne symbol, og der den historiske grunnen til det ligg langt attende i tid.
For Asturias heilt attende på 7-800 talet, i striden mot dei muslimske erobrarane.


Asturias      med krossen  og alfa og omega.             


Galisia    med nattverdskalken og brødet






             

                                  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar