onsdag 17. oktober 2018

Camino Primitivo 20.september Til Campiello

Vi låser oss ut av Pension Tineo og ser at ligg skodde i byen og i dalen nedanfor, men vi skal opp i høgda igjen og kjem nok raskt over den.
!3 km er dagen si vandring fram til Campiello, men først må vi opp over Alto Piedratecha på vel 900 m.o.h. Derifrå går det nedover att til same høgda som Tineo ligg på, vel 630, og så går det litt ned og  opp bortover mot Campiello på 600 m.
Vi byrjar verte vande til bakkar opp og ned, men dei største utfordringane der ligg nok lenger vest.Verre er det med den heite sola ned i hovudet når det lid ut over ettermiddagen. Men eg bør ikkje klage over den. Kor hadde ikkje vandringsvegane vore i vått vær. Då hadde det ikkje vore støvet som hadde merka føtene våre, men søle og skit. Så mykje som vi går på stiar utanfor vegar med fast
dekke.


Vandringsvegen stig raskt oppover frå gatene i Tineo. Bak oss ligg byen nede i skodda.


Etter kvart som vi klatrar oppover får vi eit stendig vidare utsyn over landskapet under oss. Det går bratte marker nedover mot grendene lenger nede i dalen, og vi ser bilvegen bukte seg fram der nede. Og endå djupare nede er dalen gøymd i skodda.


 I bakkane her oppe går det kyr og sauer på beite, og klangen av bjellene deira fylgjer oss oppover.

Så er vi oppe på høgda, og snart byrjar det å halle nedover att.



Vi kjem inn på ein bygdeveg. Her er det så bratt at dei har lagt fast dekke på den, men det er ikkje heilt enkelt å gå då det ligg mykje laus grus att på asfalten frå glattare årstider.
Men vi kjem ned på flatare lende utan uhell. Her er det ope rundt oss der vi går fram etter vegen. Rart å sjå at her står det namneskilt for kvar gard så Torbjørg som har ein app kan fylgje med kor langt vi har att til Campiello.
Sola byrjar å verte i varmaste laget. Nokre spanske damer som vi har hatt fylgje med ei tid, byrjar å søke skugge når det byd seg. Dei ber endå mindre med seg enn vi, men dei er rimeleg godt kledde. Nokre har endå til boblejakker med seg.
Så står berre den siste lange bakken att oppover til bakkekanten. Damene hadde erobra skuggen ved foten av bakken, men midt oppe står der eit busskur, der søkjer eg inn  for ein liten pause.

Vel oppe på bakken står skiltet med Campiello på, og rett bortanfor ligg Casa Ricardo.
Bar og ein velassortert landhandel på eine sida av vegen, og på den andre sida herberget der vi på stabburet får to fine rom med dobbelseng og eit flott bad.  Nede på grunnplanet er der pilegrimsherberge. Der vert det etter kvar fullt av vandrarar, og snart er dei igang med matlaging og klesvask.

 Vi kom der mellom 13 og 14 ein gong, så vi har god tid både til vaske skitne føter, dusje og kvile på senga. Vitje baren og butikken på andre sida av vegen, for mat og nyte nokre koppar kaffi con leche.


Og å sitje i skuggen under parasollar  på det store uteromet på herberget.


Om kvelden når vi går til ro sig skodda inn over Campiello.


Kart over vegen frå Tineo til Campiello, og Campiello til Pola de Allande. Med høgdekurver.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar