søndag 21. oktober 2018

Camino Primitivo 23.september Til Embalse de Salime

Etter frukost i La Mesa  byrjar vi å gå oppover denne morgonen. Opp mot vindmøllene på toppen av åsen over alberguet, omlag 150 m høgre oppe.


Det er lett å gå no før sola har nådd oss.


Det gjer ho halvegs oppe i bakken.


 I aust der sola renn ligg det fleire gardar bortover i fjellet. Rart å tenkje på at her er vi i omlag 1000 m høgde , og så er her store og vide jorder rundt gardshusa. Heime hadde det ikkje vore mykje dyrka mark i den høgda.


Så er vi oppe på åsen. Litt over oss høyrer vi susen av vingane på dei store vindmøllene. Men snart byrjar det å halle nedover att. App'en fortel oss vi skal ned omlag 800 høgdemeter i ei bratt li.
Det skal ligge eit oppdemt vatn der nede, men det er gøymt bak skodda under oss.


Ikkje langt under topphøgda kjem vi til ein liten landsby med eit lite kapell ved vegen, eit kapell vigd til Santa Maria de Buspol.
Ein stor hund kjem og vil undersøkje kva slags folk dette er, og meg vil han lukte særleg på. Eg klør han litt på ryggen, og får nokre sleik som takk.


Ved kapellet er det slutt på vegen. No overtek stien nedover, og det vert raskt brattare.
Vi ser at det har vore skogbrann i nærleiken der vi går.



Dei forsvinn fort høgdemeterane, og snar dukkar vi ned i skodda og skogen. Der er ei trolsk stemning inne i denne skogen, gøymd i skodda.


Furutrea står med nakne stammer etter skogbrannen. Det er ein sort furu som vi ikkje har heime. Konglane sit faste i stamma, og er nesten uråd å løyse.



Der er greit å gå, men nokre stader går stien heilt ut på kanten av store og djupe bergfall.


Så er vi under skodda og dei første glimta av det store, oppdemte Salimevatnet kjem til synes under oss. Men enno er det langt ned, og no byrjar vi å gå ikkje berre ned, men på skrå bortover lia.


Enden på vandringa bortover kjem når vi er litt sør for den store demninga, då går stien i fleire svingar ned den bratte lia til vi står på bilvegen, og vi ser demninga ruve i juvet.


Der er bygt opp eit utsiktspunkt nærare demninga, og der møter vi att dei frå vandringa opp til Escamplero. Dei fortel at dei er komne heile vegen frå New Zealand.
Over på demninga er der bygt utsiktspunkt, og på eit av dei tek vi oss ein rast.


I lia ovanfor demninga er der fleire hus. Ei heil landsby, men vi ser snart at der i mange av husa manglar både vindauge og tak. Landsbyen er forleten og til nedfalls.
Det syner seg at då demninga vart bygd, så måtte dei og ha hus til familiene. Men då demninga var ferdig, forsvann alle som budde der. No er det berre  i hotellet der vi skal overnatte at det bor nokon.


Det ser ut til å vere ei tre generasjons familie som driv hotellet. 
Det vert nokre rolege timar der resten av dagen. Her er ikkje så mykje å ta seg til, korkje ute eller inne, men der er ei fin terasse i solveggen der ein kan nyte ein kopp kaffi, og drøse litt med kvarandre. 
Her ser ikkje ut til å kome så mange gjestar heller, sjølv om ei horde med engelske motorsyklistar stoggar for få seg litt mat, før dei dreg vidare.


Denne dagen gjekk vi frå La Mesa til hotellet ved Embalse de Salime. Omlag 11.5 km.
I morgon held vi fram til Grandas de Salime og vidare til Castro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar