mandag 15. oktober 2018

Camino Primitivo 18.september Til Salas

Vi tok det roleg denne morgonen og.. Høyde berre kor dei andre vandrarane pusla rundt oss i mørkret. Og då vi også forlet sengene var det berre nokre få att, utan om oss. Dei andre var alt undervegs mot neste dagsmål.
Før vi byrjar å gå, er vi inne i landsbyen og får oss frukost. Det ligg skodde over dalsøkket denne morgonen.
Målet vårt for denne dagen er Salas, og den byen ligg 11.5 km lenger vest, så det høver oss godt. Kanskje er vi framme før varmen frå sola vert for sterk?
 Cornellano ligg på 40 m.o.h. Frå klosteret skal vi opp til 180m, så det går litt ned att før det igjen stig oppover til 225 m i Salas.


Men bratte stigninga opp frå klosteret går greit i den kjølege morgonlufta.
Bak oss ligg klosteret og Cornellano i skoddedis.


Tidlegare må dette ha vore ein stad med mykje lavadel, for vi kjem forbi fleire hus med fine våpeskjold på veggane. Men adelen må vere borte , for mange av husa er til nedfalls.


Det er greit å ha gode vegvisarar så ein slepp å gå feil.
Det er stor skilnad på alle desse stabbura, hórreoane, langs vegen. nokre gamle og til nedfalls, andre i betre stand, og nokre er av nyare dato. Og kva som er under sjølve stabburet kan og vere svært ulikt. frå lagerplass for gardsreiskap og garasjer til innreidde husvære.


Skodda vert borte etter kvart som sola får tak, og det vert godt å finne skugge når vandringsvegen går over til stiar inne i skogen.


Men på dei opne slettene vert det godt og varmt å gå til lenger ut på dagen det lid.


Vi passerar eit stort steintak ved ein landsby, Quintana, Heilt inn til steintaket ligg det eit bustadhus. Det går fleire skred i steintaket når vi går forbi. Det er vel maskiner som tømer si last utfor kanten der oppe.


Så ligg Salas framfor oss. 
Vi vert førde utanom den nyare bydelen, og kjem fram til det store torget ved den gamle byporten


Eit stort og gamalt tårn dominerar på eine sida, og på den andre sida eit stort gammalt herskapshus som no delvis er omgjort til hotell. Eg var seinare på dag inn der for å sjå. Der var kunstutstillingar og historieplansjar å sjå, og utvendig ein terasse med ein frodig hage før det gjekk over i hotelldelen.


Vi gjekk gjennom porten og inn på eit nytt torg, og der oppe på ei terasse finn vi vårt herberge for natta som kjem. Albergue La Campa. Det er ein hollender som eig det. Han fortel at han tidlegare var mykje i Norge, ein tur til Trolltunga sit fast i minnet hans. Han ville kjøpe ein campingplass i Rogaland, men det lukkast ikkje, så istaden kjøpte han dette gamle huset her i Salas.
Og at det er gamalt får vi sjå når vi kjem inn. Skeive dører, dører som ikkje er råd å låse, knirkande golv og trapper. Men greie senger. Så det går greit om vi må ut på gangen for å finne dusj og toalett.
Men mat får vi ikkje der, til det må vi nytte tilboda på barane ved dei to torga.



























 Kyrkja ligg ved dei eine torget. Vi finn etter kvart ei opa dør og kjem oss inn. Der er ikkje mykje lys der inn men eg får nokre bilete av dei mange alterveggane den har.



Det renn ei elv gjennom byen, men det nok lenge sidan det har vore noko særleg vatn i den, men det er laga ein gangveg mellom elva og den gamle bydelen ved sida av torga. Og her låg forfallne og nyrestaurerte hus side om side.


Salas sitt byvåpen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar