torsdag 1. november 2018

Ver helsa, jødekonge!

Katolske kyrkjer er ikkje så nakne som våre protestantiske er. I dei finn ein, i alle fall i dei store,  mange både måla bilete og tredimensjonale scener frå Jesus sitt liv som fungerar som ein open billedbibel.

Noko eg trur ein ikkje finn i protestantiske kyrkjer er desse påkledde Jesusfigurane.
Denne frå Oviedokyrkja.
Her står Jesus fullt påkledd i ei kongeleg kåpe, og med røystaven i handa. I tillegg har han tornekrona på hovudet.

Slik eg les dette, så er det frå då Jesus vart torturert i Pilatus si borg., slik det er fortalt Markusevangeliet, kap 15. 16-20.

Soldatane førte no Jesus inn i borggarden, i det som vert kalla pretoriet, og samla saman heile vaktstyrken. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. Så tok dei til å rope "Ver helsa, du konge over jødane!" Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.  Då dei hadde håna han, tok dei av han purpurkappa og let han få att sine eigne klede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar