mandag 29. oktober 2018

Camino Primitivo 29.september Til Santiago de Compostela (1)


Det er skodde ved muren i Lugo om morgonen når vi er på veg til busstasjonen. Denne dagen er det ikkje det spanske postvesen som fraktar sekkane våre, dei ber vi sjølve, men så er det heller ikkje så mange kvartal å gå. Vi må vente ei stund før bussen køyrer fram og vi får sekkane inn, og finn sete våre. Billettar hadde vi kjøpt dagen før.
 Så tek vi farvel med gatene i Lugo og er på veg mot Santiago de Compostela. For oss to er det for fjerde gong, men for vår medvandrar er det den sjuande.

Det er ikkje ein ekspressbuss vi sit på. Den er innom alle landsbyar på veg sørvestover. Passasjerar kjem på, og går av både titt og ofte, men vi har god tid.
Ved Palas de Rei kjem vi in på Camino Frances og no ser vi flokkar av vandrar på veg mot Santiago, som for dei endå ligg nokre dagar framme, medan vi berre er timar unna. Medan vi rullar vestover er det moro å sjå stadar der vi gjekk for seks år sidan. Første gongen vi to kom til Santiago.

Så er vi der. Utanfor busstasjonen finn vi ei drosje som køyrer oss til klosteret, San Martin Pinario, ved katedralen der vi tinga oss rom for to netter. I dag er det hotell, museum og presteskule.
Der har vi vore nokre gongar før, så vi veit vegen opp i fjerde høgda der vi finn roma våre. Og då er det berre å installere oss, og ta heisa ned att og ut i sola.
Plassen framfor katedralen har førsteprioritet. Vi må stadfeste ved foto at her er vi, og for å sjå gledesscenene når pilegrimande kjem vandrande inn, til lyden frå sekkepipespelaren under portbogen bortom plassen.

 
Stillasa som dekte veggen og tårna bak oss sist vi var, er no borte, men ein har ikkje løyve til å gå inn portane der enno, for inne er det framleis arbeid på gong. Kanskje neste gong vi kjem hit er det råd å nytte dørene inn der?


På den store plassen var det forrige gong samla mange gamle bilar, denne gongen er det små galisiske fiskebåtar med segla oppe, og dei blafra godt i vinden. Seinare vart vinden så sterk at dei må reve segla.

Det vert kaldt i vinden etter kvart så når vi har sett oss mette på folkelivet, er det tid for å vitje katedralen igjen, og den store parken lenger nede i byen. I hardaste vindfukene er det reine sandstormen rundt. 

Oppe på toppen i parken ligg der ei gamal kyrkje, men den ser ikkje ut for å ha fått sitt nødvendige vedlikehald. Knuste ruter og skriblerier på veggane er det som møter oss når vi kjem opp til henne. Ikkje noko vakker kyrkje, ser meir ut som ei festning med sine murar og små vindauge høgt oppe.

Det er pensionistdemonstrasjonar desse dagane i Spania, og i parken er der fleire grupper av pensionistar som er i ivrige diskusjonar.

 Det er mange slags typer ein kan sjå når ein set seg ned for slappe av i sola, og vere ein betraktar til det som skjer rundt ein. Det vere seg på ein fortauskafe i ei travel gate, eller på i gatene rundt den store katedralen i Santiago.
Og nokre er ikkje redde for å skilje seg ut frå mengda, om det er for å tene pengar, eller berre for å vere  annleis enn straumen av menneske som går forbi. Ser og undrast kva dette er for slags type. Skodespel tenkjer vel nokre, Andre undrast kanskje på  det dei ser. Sjølv seier han ikkje eit ord, Står der berre, av og til med lyfta hender som  i bøn. To yngre og ei eldre kvinne var saman med han.
Eg snudde meg vekk ein augneblink, og brått var dei borte.


Det var ei stor gruppe funksjonshemma med fylgje i klosteret då vi kom dit, og det var ei livleg  gruppe. Det høyrdest att i matsalen då dei var der. Dei snakka fransk og var nok enten frå Frankrike eller Sveits, Og det rart kva enkelte har med seg under ferda, Det høyrdest verkeleg att då dei drog, for då heldt dei konsert med sine alpehorn utanfor klosteret.
Eg las nett på ein annan blogg der ei famile kjøpte ei stor messingkubjelle og bar med seg på Camini Primitivo.

Torbjørg hadde fått rom heilt i enden av den lange korridoren, og utasnfor vindauget så vi to tårn på ei kyrkje, og mellom tårna knelte to englar.



Ein kan verte noko retningsvill stundom, sjølv om eg ikkje reknar meg for å vere det. Eg ville finne denne kyrkja, og fekk dei to andre med meg. Men der ho var fann vi den ikkje, så vi enda opp med å gå rundt heile det gamle klosterkomplekset før vi fann den i heilt motsett retning. Ikkje bak katedralen, men bak Paradorhotellet og den store administrasjonsbygninga for Galisiaregionen.
Det var ei fransikanarkyrkje som vi hadde sett mange gonger før, aldri vore inne i.
Men denne dagen var vi for seint ute.



Men dagen etter vitja vi den.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar