søndag 7. oktober 2018

Camino Primitivo 13.september Til Oviedo

Sola skin over Madrid då vi vaknar til ein ny dag, men her vert vi berre nokre timar før vi finn våre plassar på toget nordover til Oviedo. Hovedstaden i Regionen Asturias.
Det går raskt nordover den flate sletta i det sentrale Spania. Mesetaen som denne høgsletta er kalla.
Etter nokre timar er vi framme i Leon, men her vert det berre ein kort stogg før toget forlet sletta og rullar inn mellom dei Cantabrianske fjella der dei reiser seg. Grensefjella mellom kysten ved Biskayabukta og høgsletta, innlandet i Spania. Høge toppar reiser på sidene av dalen der toget rullar stadig høgare opp. Små landsbyar klamrar seg fast i dei bratte dalsidene og den trange dalbotnen der det knapt nok er plass til jarnvegen, bilvegen og elva.
Du verda for flotte og særprega fjell. Det er ikkje heimekjende sunnmørsalper å sjå her nei.
Der går ein vandrarveg gjennom desse fjella frå Leon og til Oviedo,  berre 12 mil. Etter å ha sett desse fjella fristar det å gå denne Camino San Salvador, men her vil nok alderen min vere med på å setje grenser for meg.

Så er vi over toppen og det byrjar halle nedover att. No kjem det fleire tunellar, men inn i mellom dei får vi eit glimt av høge fjell og djupe dalar. Langt under oss kan vi sjå dalbotnen, og i dei bratte dalsidene klamrar  små einslege gardar og landsbyar seg fast. Men det er eit frodigt, og grønt landskap, i motsetnad til sørsida av fjella som var tørre og nakne. Her får landet tydeleg vis nok regn.
Så er vi nede på slettelandet og rullar inn på stasjonen i Oviedo, 5 timar tok turen.




Torbjørg har funne eit hotell i gåavstand frå togstasjonen, så snart står utanfor huset der vi skal sove i to netter.
I resepsjonen får vi nøkkel til romet. Først med heis 8 etasjer opp, og så ei trapp vidare opp til loftet i 9. etasje. 1 dobbelseng og 1 enkelseng, bad og takvindu. Om natta byrjar eg å fundere på korleis vi skal kome oss i sikkerheit i tilfelle brann. Slikt kan ta nattesvevnen frå ei stakkar.

Ein av grunnane til at vi valde å gå denne turen er eit klenodium som er å finne i byen sin store katedral. Eit sudarium. det vil sei ein ansiktduk frå Jesu grav. Den skal visast fram i kyrkja to gonger i året, langfredag og så den 14.september, ved inngongen til den ti dagar lange San Matteo festivalen.


Vi leitar oss fram til katedralen, men der finn vi ingen oppslag som kan fortelje oss om når det skal skje. Heller ikkje kvinna i hotellresepsjonen veit  om det. Ho veit knapt kva vi snakkar om. Turistinformasjonen då?
Lite hjelp å få der og, men vi får i alle fall stempla våre pilegrimspass. Underleg, her har dei eit av kristendomen sitt største klenodium og så ser det ut til å vere heilt ukjent for folket i byen?
Vi må berre gi opp og vente på kva morgondagen vil gi oss.

På torget ved kyrkja held dei på å rigge opp ei stor scene og kjempedigre høgtalarar. Det er til festivalen som startar neste dasg. Det er godt hotellet ligg i god avstand til dette, elles kan det verte ringt med nattesvevn.

























Det skal spanske byar ha, dei er ikkje redde for å live opp bybildet  med skulpturar i alle slags utgåver, frå ultramoderne til meir figurative. I Oviedo fann vi mellom anna fleire der moderskapet var i fokus.

Men på rådhusplassen var ikkje lydlaust. Det skulle vere billøp dagen etter, og denne kvelden var det presentasjon av bilane og førarane. Opp mot hundre bilar skulle presenterast, og om bilane høyrdest ut for å mangle lydpotte, så gjorde høgtalarane til utroparen sitt til eit lydbilete av ei anna verd.


Oviedo sitt byvåpen.

Syner krossen som visigoteren Pelayo fekk frå englar før den første kampen mot maurarane ved Covadonga i 718. Og som vart starten på gjenerobringa av den spanske halvøya frå maurarane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar