torsdag 11. oktober 2018

Oviedo , 14.september Sigerskrossen

Ein ting til må eg ta med frå museet i katedralen. Det er Sigerskrossen som er oppbevart i katedralen sitt Heilage rom, saman med ansiktskledet, Sudariumet.
Kva er så denne sigerskrossen?
Då må vi langt attende i Asturias si soge. Heilt til 722 og Covadonga i eit trongt dalføre lenger aust i landet.
I Covadonga er der ei grotte der ein vestgotisk adelsmann Pelayo med sine menn gøymde seg for ein berberstyrke som var på leiting etter dei for å ta dei til fange og føre dei til Cordoba eller drepe.
Årsak, dei kjempa mot dei muslimske berberstyrkane som hadde erobra den spanske halvøya.  Men nokre vestgotiske menn gjorde opprør mot erobrarane, mellom dei var Pelayo som vistnok var av vestgotisk kongeætt.
Desse 30 mann med Pelayo i spissen greidde å overraske og slå den langt større muslimske styrken, og i den kampen bar Pelayo, i fylgje legenda,  ein kross laga av eiketre.  Denne krossen, som ein seinare konge i 922  dekte med gull og edelsteinar er å sjå i Det Heilage romet i katedralen i Oviedo.
Dette er nok ei legende for undersøkingar har vist at treet i krossen er frå omlag 920-talet. Men gamalt er det i alle fall. Denne krossen prydar mykje i Asturias, alt frå flagg til henge under brukvelvar. Og staden Covadonga er ein stor valfartstad i Asturias. Det slaget som stod der er rekna som starten på gjenerobringa frå muslimane, og starten på det noverande Spania.

Men byen Oviedo har og ein gamal kross. Den ser noko annleis ut, og den har to knelande englar ved foten.
Og i katedralen sitt Heilage rom står og engelkrossen som ein kan finne i Oviedo sitt byvåpen.

Engelkrossen (808) Oviedo sin kross
Sigerskrossen  til Pelayo.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar