torsdag 25. oktober 2018

Camino Primitivo 27.september Til Castroverde

Frukosten tek vi på ein bar i nærleiken av hospitset denne morgonen, før vi byrjar på vandringa mot Castroverde. Berre 8 km  denne dagen. Vår kortaste etappe på Camino Primitivo vandringa, men årsaka ligg i at det er 3 mil fram til Lugo, og at Castroverde er den einaste staden på strekninga som det er høve å få overnatting.


Vegen går ned i eit dalsøkk etter O Cãdavo, og på veg ned høyrer vi tora slå i det fjerne. Det høyrdest ikkje bra ut. Vil vi få regn undervegs? Jau der er ein litt underleg gul farge på skyene i sør.
I botnen av dalsøkket kjem vi til ein liten landsby, og no byrjar bakkane opp på åsen framfor oss. Ikkje den vesrste bakken, berre omlag 150 m opp, og det er morgon . Vi har ein god frukost i magen og ei god natts svevn bak oss.
Tora slår jamt medan vi går oppover, men eg meiner regnet går forbi oss. Der tok eg feil. Vel oppe må vi søkje ly under trekronene medan dei største dråpane får gjere frå seg. Så går det over. Vi ser at det regnar godt på begge sider av oss når vi går bortover åsen fram til høgda Alto daVacariza. Litt etter møter vi to vegmerke som peikar i ulik retning.  Eit nyare vegmerke og eit eldre. Og på det nyare har ein kvan vore ute med spritpenn for å få vandrarane til å velje den andre vegen.  Der er og ting som oppmoder oss til å gå den vegen. Tydelegvis likar ikkje alle at vandringsvegen har vorte omlagt.
Det endar med at vi vel å gå der det nyaste merket peikar. Nedover ein bratt, grusa, bakke i skogen.
No vert det litt meir regn, og Bodil som har gått i sandalar vel for første, og einaste gong, å ta av sandalane og ta på joggesko. For når stien vart våt, så kom finsanden inn i sandalane, og vart verande der.
Men regnet vert det ikkje mykje av. Det er over før vi kjem ned lia og inn i landsbyen Vilalle der vi krokar oss fram mellom husa og ut på andre sida. Det er ikkje vanskeleg å sjå at her er det storfe som er driftsforma for vegen er dekt av kuskit, Våt kuskit etter regnet så vi må vere obs på kvar vi set føtene.


Så er vi inne i Castroverde, og kjem inn i ein liten park der restane av eit stort og gamalt tre er teke vare på.
Det er litt stigning der vi vandrar oppover langs hovedgata.
På toppen ligg der ein bar vi tek inn på og kjøper oss kaffi og litt mat sidan vi er tidleg ute. Klokka er enno ikkje koma til 12, og det er for tidleg å leite opp Pension Cortes der vi har tinga oss rom.

Det må leiting til det, og Torbjørg er innom mange stader for å spørje om kvar vi finn det, og til slutt lukkast det. Og der snakkar vertinna engelsk til ei forandring, så då vert kommunikasjonen mykje enklare.

Etter at vi har innstalert oss på roma, og kvilt litt, er det byen som ventar. Kva er her å sjå tru?



Borte på torget ved kyrkja finn vi og rådhuset som er pynta med berre to av dei vanlege flagga i tillegg til to uthogne våpenskjold på veggen, byen sitt og Galisia sitt.
Her på torget er det fine benkar å sitje på, så dei nyttar vi utover dagen. Medan sola varmar oss.

Men byen heiter Castroverde. Grøn borg tyder det vel.  Då må her vere ei borg, eller restar av ei.


Jau, oppe på åsen over bygatene ser vi eit tårn stikke opp. 
Det må undersøkjast. Vi leiter oss fram i gatekryssa til vi finn ei sidegate som truleg leier dit opp
Og her ligg nok den gamle bydelen. Gamle små steinhus ligg langs smale og svingete gater oppover. I si tid var byen nok bygd opp under borga sitt vern.
Og her har nok og nokre lavadelsslekter hatt sin heim, då vi ser også litt større hus som har fine uthogne våpenskjold på veggane.


 Og inne bak smijarnsportar og høge murar ligg tårnet på ein grøn grasvoll. Men inn får vi ikkje kome, alle inngangar er stengde med store hengelås. Og den grøne grasvollen kunne trengt ein omgang med ein langorv, overgrodd som den er både med gras og ugras.
Eg gjer eit forsøk på å kome inn bak murane rundt tårnet, men der og er det stengt med smijarnsportar og hengelås.

Rart å sjå noko som kunne ha vore ein stor attraksjon for byen vere så lite tilgjengeleg. Ikkje eingong eit lite skilt viste opp til den vakre gamle bydelen og tårnet.


Men ein solrik dag i Castroverde har sin ende, og når vi søkjer attende til Pension Cortes har det byrja samle seg truande skyer over oss. Og når det mørknar får vi i sør eit lysshow av dei store. Det er så langt borte at tora høyrer vi lite av, men over åsane i sør blinkar lyna i eitt utover kvelden.

Castroverde sitt våpenskjold

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar