torsdag 10. november 2016
Sommerfugl i vinterland
Ute har det vore kuldegrader i fleire døgn, men i dag fekk vi ein gjest på kjøkenet. Ein gjest som høyrer varmare årstider til. Men kva slags gjest det er, utanom å vere det vi kallar sommarfugl, sjå det veit eg ikkje å sei. Og kanskje kom den ikkje utanfrå heller, men frå ei puppe som har vore innandørs sidan varmare dagar, og så vorte klekt ut av husvarmen. Men den har nok hamna i feil årstid kvar den så kjem frå.
lørdag 20. august 2016
Leveld kyrkje
Sist søndag var eg tilstades i Leveld kyrkje i Ål i Hallingdal. Eg har køyrt forbi den vesle kvite kyrkja nokre gongen, men no fekk eg høve til å sjå inn og. Det var ei folkemusikkgudsteneste vi deltok i. I Ål har dei laga sine eigne melodiar til dei liturgiske delane av gudstenesta, og eg tykte dei fungerte svært godt, om litt uvande for meg som høyrde dei for første gong. Og i staden for orgel til songen, var der eit ektepar som nytta trekkspel både til liturgien, salmane og folketoneinnslag. Elles fanga glasmedaljongane på dei fire vindauga meg. Det er første gong eg har sett ei slik framføring av Jesus sitt liv.
mandag 8. august 2016
Kaupanger
Så har vi gjort ei mellomlandig i Sogn på vår veg til Hallingdalsfjella. Vi er oppe i Kaupangerbakkane ein grå morgon og med meldt mykje regn utover dagen. Her oppe i lia har vi fin utsikt over Kaupangerbukta, og bortanfor Amlaholten ser vi ein glimt av Sognefjorden. Men Kaupanger med hovedhusa på godset og den gamle kyrkja frå 1200-talet er ikkje å sjå frå her eg er. I mellomalderen låg der ein kaupang, ein kjøpstad, der ned på flata ved bukta, men ein dag i borgarkrigsåra segla kong Sverre med sine birkebeinarar inn bukta, og då dei reiste igjen hadde av kaupangfolket mist livet og kaupangen var berre rykande ruinar. Seinare kom danske adelsmenn inn og skapte seg eit stort gods her med vide skogar høyrande til. Og litt lenger oppe i lia over hovedhusa på godset ligg den gamle stavkyrkja som framleis samlar soknet til gudstenester. Og i morgon køyrer vi vidare mot Hallingdal, eg må berre først få tetta eit bilhjul som ikkje held på lufta.
fredag 5. august 2016
Sommararbeid
Det er på det meste same bilhuset, men det er ikkje berre fargen som er ny. Det er berre sperrene og portane som er frå den gamle, resten er nytt. No er det litt listing som står att før ein kan seie seg ferdig med eit arbeid som vart meir omfattande enn eg i utgangspunktet såg føre meg. Og no er ryggplaga eg drog på meg i starten midt i juni, og i ferd med å bli bra. Grunna den vart eg i lang tid berre sitjande å sjå på at sonen gjorde arbeidet. Men idag kan eg vel vere nøgd, både med arbeidet og med å ha nådd endå ein milepæl i livet. Det er litt rart at alderen ser ein og kjenner berre i og på kroppen, resten er berre ungdomen endå.
onsdag 27. juli 2016
Og dagane går
Etter at nettavisene i fleire veker har annopnsert " at no kjem sommaren og tropevarme", såg eg nett no ei som skreiv om at no kjem haustværet med regn. Ja det er då godt at vi har nettavisene som kan halde oss orientert om dei viktige sakene i livet.
For meg har det vore ein heller roleg sommar uansett om det har vore sommarsol med tropevarme, eller torevær og regn som har bøtta ned. Vi har smakt begge deler og er vel nøgde med det vi har fått - så langt.
Men at sommaren er på hell er ikkje til å kome forbi. Blåbæra er modne, og stikkelsbæra byrjar gulne. Så mykje meir har eg ikkje vore i kontakt med av den slags gleder, til det har eg vore for lite mobil. Eit stunt for nokre veker sidan gav med ein vond rygg, og det ser ut for at det vil ta si tid før alt er som før i den delen av meg.
Men ein busk hjå oss har gått inn i si andre periode av å vere fruktbar. Eg har ein hyll nede i bakken som står med raude bær, til glede for bæretande fuglar. Samstundes som den er i gang med si andre bløming. Så det vert nok meir raude bær til glede for fuglane ut på hausten.
Og kanskje ein skal ta litt lærdom av den busken. Ikkje sjå alt som over om ryggen er litt vond, men gå i gang å legge panar for ei "second" bløming til hausten?

søndag 24. juli 2016
Fly
Eg høyrer duren over meg og lyfter augene mot himmelen, og då ser eg dei lyse kondensstripene teikne sine band mot det blå, og litt framfor dei, ein liten lys flykropp. På enkelte dagar kan det synest som om dei kjem i kø der oppe. Mest frå aust mot vest, men ein del og den andre vegen. Kvar kjem dei ifrå, og kvar er dei på veg? Dei som flyg mot vest skal vel over havet til ein stad i landet der vest, men kvar? Det er det berre for meg å undrast på.
Fly. Eg har opplevd det meste av bygda vår si flysoge, enn så langt.
Mor mi fortalde om då første flyet kom til bygda. Då slepte folk alt dei hadde i hendene og sprang til ein utsiktsstad for å fylgje med på storhendinga.
Sjølv var eg fødd på den tida då fly ikkje varsla berre godt, men krigshandlingar. Mi svigermor som var tenestegjente på ein gard fortalde om ei vårdag i 1940. På tunet låg utslitne soldatar på veg bort frå kampane på Lesja. Ho hadde mjølka kyrne og fyllt opp sepratoren, men då lyden av den høyrdest var tunet brått tomt for soldatar. Lyden av fly hadde sett sine djupe merke i dei.
Mor mi gøymde seg med vesleguten bak skorsteinen nede i kjellaren medan skotsalvene knitra og braka mellom fjella. Hendinga sette sine spor i meg, så rett etter krigen var over, sprang eg for livet for å kome i hus når lyden av fly lydde i bygda.
No er det i andre land i verda at lyden av fly skaper redsle hjå born og vaksne.
Men med tida endra det seg for meg, og flylyden skapte nyfikne. Det bar bod om at eit sjøfly kom på vitjing, og det var moro å fylgje med på.
I min ungdom fekk bygda ein småflyplass, og flydur kom til å verte daglegdags i åra etterpå. Og ein dag sat eg sjølv i eit fly på veg opp mot det blå og såg fjorden, bygda og fjella verte små under meg.
Og i dag sit eg og ser store fly, det eine etter det andre, teikne sine striper av eksos på himmelen. På veg mot vest, eller aust, med fleire hundre menneske ombord. Og eg tenkjer at det er litt av ei utvikling sidan mi mor sprang føtene av seg for å sjå eit lite fly lande på jordene inne i fjordbotnen.

søndag 17. juli 2016
Vått
Det var ein værmeldar som for nokre dagar sidan sa det om yrket sitt, at det var kvalifisert tipping.
Og det må nok seiast at det er ikkje alltid dei treffer med tippinga si, sjølv om ho er aldri så kvalifisert.
Som i dag. Delvis skya opphaldsvær , melde dei, men det vart nok ein viss bom der, for ute er det heller vått og grått.

mandag 11. juli 2016
Mot kveld
Det vart værbyte. Blå himmel og sol vart bytt til grå skyer over fjordlandet. Slik det ofte hender her ute mot vesthavet.
Men sjølv grå skyer og kveldslys har sin sjarm. Slik såg sørhimmelen ut når det gjekk mot kveld i går. Men ned mot fjella var der eit område i dei grå der dei var noko tynnare, og der farga den sigande sola dei med eit gyllent skjer. Og borte mot fjella hadde skodda byrja og legge seg som eit tynt slør.. Eit varsel om at når eg vakna denne morgonen ville fjella og liene vere gøymt bak eit skoddeteppe.

søndag 26. juni 2016
Regnbogen
Det står skrive i den store boka at etter at Gud hadde lete vatnet fløyme ut over heile jorda så alt liv vart sletta ut, unnateke Noa og hans familie og dei dyra han hadde i båten sin, så sette Gud regnbogen på himmelen som eit teikn på at aldri meir skulle ein slik flaum dekke jorda. Årsaka til flaumen var vist at Gud hadde sett seg lei på all vondskapen som rådde grunnen mellom alle dei han i si tid hadde skapt. Skal tru om Gud med det trudde at så ville skje, at vondskapen sine frø ikkje ville spire på nytt i Noa sine etterfylgjarar? I så fall tok han nok grundig feil, det har vår gamle soge så tydeleg synt, og syner enno diverre.
Men det var noko anna den duble regnbogen fortalde meg på jonsokaftan. Den fortalde meg at no vert det værbyte. Som det som så ofte før om åra har vorte ved jonsok. No er vi attende til normalen her ved Stadt, Dei mange soldagane er over for denne gongen. No vert det sørvesten og nordvesten som vil råde grunnen, og med det kjem og regnbygene drivande inn frå havet. Ein får vone at det vert nokre dagar inn i mellom då sola igjen får velsigne oss med si lys og varme, og at det ikkje vert så gale som ei nettavis spådde; at no er det berre å belage seg på store mengder med regn og flomdigre elvar.

lørdag 25. juni 2016
Snegelen
Laurdag. Ein grå dag. Skodda heng langt ned i fjella. På fjorden sig båtane sakte fram etter småbårene, etter dei heng den tynne nylonsena. Det er laksen dei prøver å få til å bite på sluken i enden.
Sjølv sit eg inne, les avisa, drikk kaffi og prøver å finne ei god stilling for ryggen min. Han er noko vond etter eit stunt som gjekk skeis. Men det ordnar seg nok etter kvart,
Slik går no dagane, er eit ord fleire nyttar når dei summerar opp sine dagar. Alt er med det gamle.
Eller er det det?
Her ein soldag for noko sidan sat eg og såg på noko som har vorte meir vanleg med åra. Ein liten snegel. Ikkje ein brunsnegel som alle ynskjer livet av, eller ein boasnegel (eller kva dei no vert kalla) som alle med eit fann ut var nyttig i kampen mot dei brune. Dei var og ukjende for ikkje så mange åra sidan. Kvar dei kom i frå, og korleis dei med eit vart vanlege over alt, har ingen endå kunne gitt ei rimeleg forklaring på.
Nei ein liten lys ein med hus på ryggen Eg kan ikkje hugse dei heller frå min barndom, men no finn eg slike snegelhus, med og utan snegel i, både titt og ofte. Så eit kvart er det som har endra seg. Klimaet, eller kva det no er?
Han kom sigande over borda på terassen. Eg fanga han opp og fekk han ut på rekkverket, men der likte den seg ikkje. Seig ned på kanten og inn i skuggen. Der slo han seg til ro.
Eg tykkjer husa dei har på ryggen er fasinerande å sjå i sine mange fargar og mønster. Ikkje berre lyse i fargen slik denne var.

torsdag 23. juni 2016
Jonsokkveld
søndag 19. juni 2016
Ikkje alle dagar er like
Ikkje alle dagar er like her vest. No har vi hatt soldagar lenger enn normalen her på våre kantar. Denne starta med lave skyer som slepte frå seg litt vått. Det betra seg utover dagen, og i skrivande stund skin sola mellom kvite skyer. Men det er teikn å sjå som tyder på at soldagane snart er over. Sørlege vindar vil snart jage bort den kjølege nordavinden, og med sørvesten kan vi vel vente eit våtare værlag, og då er vi attende til det normale været her vest. Men takk for alle gode og solrike dagar vi fekk, om vinden var noko kjøleg av seg på utsette stader.
tirsdag 14. juni 2016
Nipa
Det er triveleg når mandagskafegjengen vert invitert på hyggetreff i strankanten i Grøvika på ein fin solrik dag.
.
Og når staden i tillegg byr på utsyn over eit fagert vestlandsk fjell og fjorlandskap, med Nipa ragande opp som oppreist finger mot den blå himmelen, med Liadalsbygda under, kan ein knapt ha det betre enn her i ytre del av vår kjære fjord.
Og snur ein hovdudet andre vegen så ser ein Rovdefjorden opne seg vestover mot Stadt og opne haver, med Lauparen sin spisse profil på nordsida av fjorden.

mandag 13. juni 2016
Kviven
Det er triveleg å vakne til morgonar der sola skin frå klår himmel og ein kan lage til frukosten inne, for så å bere den ut i morgonsola og nyte den der. Til song frå småfuglane i trea og la auge kvile på fjell og fjord bada i sola sine strålar.
Slike morgonar har vi hatt mange av dei siste vekene, og vi gler oss så lenge det varer, for ein morgon vil kome då skyene heng regntunge over bygda. Og då er det ikkje sikkert kva tid vi igjen får slike morgonar.
Men i går avslutta vi morgonstunda heime og tok turen til ein dal der vi ikkje har vore før.
Det var tillyst friluftsgudsteneste på Kvivssætra over Kalvatn i Austefjorden. Og då nytta vi høvet og tok turen dit.
Det var soknepresten i Hjørundfjord som leidde gudstenesta, og mykje folk var samla på sætervollen.
Det er ikkje nokon lang dal, men han var frå gamalt av ein viktig ferdselveg mellom bygdene våre her på søre Sunnmøre og over Kviven til Hornindal og Stryn i Nordfjord.
Den vegen gjekk over skaret ein ser på biletet, fremst i dalen. Kanskje eg skal prøve meg på den turen ein dag med godvær.

onsdag 1. juni 2016
Nikodemus
Mai er over og juni månad har meldt seg. Dei varme sommardagane som vi var lova her på nordvestkysten, varde berre nokre få dagar før skodda la seg ned i fjella og byrja gi frå seg væte. Og med solvarmen borte, dala og søyla på gradstokken, Frå heitt soldagane til fjelgt no, og det får ein vel slå seg til tols med.
1.juni er elles ein minnedag på primstaven, og då er det fariesearen og rådsherre Nikodemus som vert minna. Han som kom på nattleg vitjing til rabbien frå Nasaret, Jesus. Den vitjinga som er omtala i det 3.kapittelet i Johannesevangeliet.
Nikodemus vart truleg ein av Jesus sine tilhengarar, og som ein av dei var han og sentral då Jesus vart teken ned av krossen og lagt i den ubrukte grava i hagen.
Det er og ein tradisjon om at Nikodemus fekk smake martyrdøden, og dødsdagen skal visst nok ha vore 1.juni.
Elles er Nikodemus sin dag ein dag då ein kan vere sikker på å få fisk på kroken, difor er og merket hans på primstaven ein fisk på ei snøre.
Henry Ossawa Tanner er meister for dette biletet.

lørdag 28. mai 2016
Blømande blomar
Så har stativet for foring av småfuglane fått ei ny oppgåve. Borte er solsikkefrø, meisebollar og fuglefrø som mi kjære sørga for at det alltid var nok av i den kalde årstida. No har ho i dei siste varme og solrike dagane vore oppteken med å plante og henge opp fargerike blomar. Til glede for meg som får lov å nyte fargefloren.
fredag 27. mai 2016
Å leva
Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå;
å leva, det er i arbeid mot rikare mål å trå.
Å leva, det er i livet Å finna det største verd;
Å leva, det er å vinna til sanning i all si ferd.
Å leva, det er å leggja All urett og lygn i grav;
Å leva, det er som havet Å spegla ein himmel av.
Anders Vassbotn 1892

onsdag 25. mai 2016
Om litt er kaffien klar
Dette var ein annan morgon enn i går. Sol og klår himmel. Og det skal vare nokre dagar, seier værspåmennene. Måtte dei få rett. Eg har sett fram i sola godstolen, og om litt er kaffien klar. Snart har mi kjære og forlete sengevarmen, og då vert det frukost i solveggen. Kan ein då få betre morgonar enn denne?
tirsdag 24. mai 2016
Von i hangande snøre
Så langt har vi hatt ein heller kjøleg og grå vår her ute på Mørekysten. Det er ikkje så mange soldagane vi har kunna gle oss over, men no seier værmeldarane på YR at det er von i hangande snøre. Dei lovar faktiske at i dagane framover så skal vi få varmare vær, og det både takkar og bukkar eg for. Så får vi sjå om lovnaden ville halde seg, eller om været, og varmen, kan vere vanskeleg å spå om denne gongen og, sjølv for værmeldarar frå YR.
lørdag 14. mai 2016
Køyr varsamt!
Så hende det att. Rett ned for heimen. Det er ikkje mange vekene sidan sist det hende. Den gongen etter midnatt, men denne gongen midt på dagen. Sist sov eg då det small, men fekk med meg det som kom etter på. Men i dag sat eg på loftet med gutane då lyden av knust metall nådde meg.
Mest på same stad som sist hadde ein bil hamna i grøfta før den gjorde rundkast over vegen og inn i glidekanten på andre sida. Heldigvis høyrdest det ut for at det hadde gått bra med dei som var i bilen, men bilen sjølv såg ikkje heilt bra ut etter lufteturen. Vassplaning vart det sagt var årsaka, både denne og sist gong, men eg har no ei lita tru på at farta nok har vore i høgste laget. Så køyr varsamt, folkens!
Av eiga erfaring veit eg at det stundom skal svært lite til før ein misser kontrollen, og då har ein ikkje mykje ein skal ha sagt før lyden av knust metall høyrest.

lørdag 30. april 2016
30.april
Ein solrik dag i solkroken framfor stova med kaffikopp og bok innan rekkevidde. Siste dagen i april. Til natta tek vi steget inn i mai.
Etter mange veker med kaldsneke vær, varmar sola nesten i meste laget for ein vinterfrosen kropp.
Værmeldarane melde om fare for kraftige vindkast frå sør-aust på utsette stadar, men her har det vore berre nokre greler fjorden av og til, då eg har sett at han bryt seg opp i kvite båretoppar.
Her nede ved fjorden har gule løvetann, eller kappilaup som var namnet i min barndom, byrja å setje farge på marka, men oppe i høgda må ein nok vente nokre dagar til på våren.
Midt oppe i liene har våren greidd å tine fram snøfrie flekker, men lenger opp mot toppane er der framleis rikeleg med snø til dei som ynskjer å gjere skisesongen så lang som mogeleg.

lørdag 19. mars 2016
Snart over sletta (7)
Det er dagar seinare. Bak han ligg den store byen på sletta, med sine travle gater, sin store katedral, torg og barar. No er han ute på gulbrune, støvete vegar att. Ut på ettermiddagen ser han det. Der langt i vest dukkar det opp ei ujamn blågrå stripe over den grøne horisonten. Det er ei rad med fjell der vest under den høge blå himmelen.
Så går den store sletta mot sin ende, men alt no har den vorte meir ujamn. Ikkje så flat lenger. I neste by er det over. Frå då ventar bakkane opp mot det første fjellet, og på vestsida er landskapet annleis. Der er det skogkledde lier og dalar som vil møte han. Der slår havet sin verknad inn med kjølegare luft og meir nedbør. Og når fjella ligg bak han, og landskapet har lagt dalar og åsar bak seg, og søkk i høgde ned mot havet, då ventar byen med den store kyrkja over apostelen Jakob si grav.
Kva ventar han seg der når hans vandring er over? Han veit ikkje. Lenge har har han vore undervegs, og enno er der tusenvis av steg att før han er framme. Alle dagane etter vegen har merka han. Ikkje så mykje på kroppen, sjølv om han har vorte sterkare av børa på ryggen og alle dei tusenvis av steg. Men alt han har opplevd under vandringa har merka han meir. Alle dei vakre kyrkjene, landskapet han har vandra gjennom, menneska han møtte, alle timane åleine med sine eigne tankar, prestar sine velsignande hender på hovudet til ein einsam vandrar. Alt har sett sitt merke i han, merke som han vil bære med seg lenge etter at vandringa er over.
Jakob si grav i den store kyrkje der framme ved enden av vandringa?
Han er ikkje særleg oppteken av den. Det vil nok verte interessant å oppleve den og folkelivet der, men han har ikkje den religiøse fascinasjonen for legenda som gav opphavet til vandringane. Den som han er ein del av med si eiga vandring. Men, det får vente. Først må han gå ferdig den lange og vide sletta, og så kome seg over dei to fjella som ventar der framme.
Eg har skrive, men kva har eg skriv om, og kvifor?
Om ein vandrar på veg mot Jakob si grav vest i Spania, og slik han opplevde denne eine dagen på mesetaen, den vide spanske høgsletta. Med dei tankane og refleksjonane som dukkar opp der han går i eit landskap med ei gamal og mangfaldig soge. Vandraren er ikkje eg, men det er vel ikkje til kome forbi at mi eiga vandring på vegen, saman med mine medvandrarar, har sett sine merke i meg, Og desse mine eigne minne frå mi vandring er nok med i bakgrunnen for denne einsame vandrararen sine opplevingar og tankar denne dagen, desse par mil etter vegen mellom morgon og kveld..
Kanskje har og ei dragning hjå meg attende til vegen ein gong, vore med på å forma orda mine om denne vandraren sin dag under den vide himmelen på mesetaen.
Kvifor eg valde høgsletta for denne vandraren sin dag?
Kanskje fordi mange opplever den som lang og slitsom med si endelause flate. Som ein frå andre sida av havet nok kjente på det då han kom og gratulerte oss med å ha overlevd. Sjølv opplevde eg vandringa over sletta som gode dagar med tid til ro og tankeflukt, sjølv om der var lite skugge å finne for den varme sola.
Og då let eg vandraren halde fram mot Santiago i fred for meg.

torsdag 17. mars 2016
Dagen hallar (6)
Hans mørke vandringsven er komen bak han no der han står oppe på ein bakkeskrent, over den flate vidda framfor han. Sola har vandra rundt han gjennom dagen, frå då ho om morgonen var bak han, til ho i middagstida stod rett i sør, og no når dagen halla mot kveld hadde han sola rett i mot. Og skuggen, hans mørke medvandrar, hadde vandra saman med sola, lang og tynn framfor han om morgonen, kort og tjukk ved middagsleite, for så strekke seg i lengde og verte tynn att att etter kvart som den glei bak han på vegen. Vandringsdagen er snart over om det enno er timar att før sola glader ned over vidda langt ute i vest.
Der han står oppe på skrenten ser han at store maskiner har skore seg ned i den sandfulle skrenten for å gjere bilvegen mindre bratt ned mot sletta. Dit ned skal han og, for der nede, noko lenger, framme ligg der ein liten landsby med hus av stampa og soltørka jord. Der skal det vere husvære for vandrarar som han, og der vonar han å få seg nattely.
Han står enno ei stund oppe på skrenten og tek inn synet av den vide og flate vidda vestover. Den er delt opp i mangfarga flater alt etter kva som vert dyrka på flatene, og han ser små landsbyar ligge spreidt utover den store vidda. Der ein stad går vegen hans i morgon, men no er det husvære , mat og seng det står om. Han kryssar ned gjennom sandbakken, ned til vegen. Og om litt dukkar landsbyen opp, noko lenger framme og litt til sides for bilvegen. Ei lita klynge med hus ved ein eldre bygdeveg, og ei brungrå kyrkje bak husa.
Skiltet utanfor husveggen fortel at her er det husly å få. Han trekkjer forhenget til sides og stig inn, helsar og spør om dei har ei ledig seng for han. Jau, det let seg ordne, og han leitar fram vandringspasset. Verten bak disken fører han inn i prokollen og stemplar passet. Han tingar varm mat til seinare på kvelden, og frukost neste morgon, leiter opp ein seddel og betalar. Så vert han beden om å fylgje vidare inn i huset. Han vert synt kvar han finn bad, toalett og vaskerom, før han vert førd til sovesalen. Der finn han seg ei ledig underkøye, takkar for hjelpa, dreg fram soveposen og strekker den ut på senga og legg hatten opp på. Set sekk og stav ved fotenden. Så snur han seg og ser seg rundt. Han er åleine her inne, men dei fleste sengene er alt opptekne ser han, men enno er der plas for nokre vandrar til. Han dukkar ned i sekken og finn fram såpe og tørkeklut, og kle til å skifte ut vandringskleda med noko anna no når han skal roe ned i samvær med andre vandrarar. Leiter opp badromet, ventar til ein dusj er ledig og går inn, og snart strøymer det varmt vatten ned over han.
Han ruslar ein tur gjennom landsbyen i ettermiddagssola. Det er ikkje så mykje å sjå. I utkanten ved bilvegen ligg der nokre meir moderne hus med ein liten park attmed, men elles er landsbyen prega av dei eldre, lave, brungrå husa. Kyrkja prøver han seg ikkje på, går istaden inn att. Kjøper seg ei boks med mineralvatn og ruslar ut i bakhagen. Finn seg ein stol, set seg, strekker ut føtene og let kveldssola varme sjel og kropp..
Sola har sige under horisonten og lete etter seg ei gyllent lys på kveldshimmelen i vest då han høyrer ei klokke ringe inne i huset. Og dei som sit i bakhagen reiser seg og går for å finne seg plass ved borda i matsalen. Det er tid for dagen sitt varme måltid. Ein bolle med salat først, så ein varmrett og til slutt ei skål karamellpudding. Han kjennner rutina frå alle tidlegare kveldar etter vegen. Variasjonane er ikkje så store, men det er rikelege porsjonar for vandrarar som har gått langt gjennom dagen.
Då måltidet er ferdig har det vorte mørkt ute, berre nokre få gatelys kastar ein liten lyskrets i sin nærleik i gata, så han går til romet og legg seg på senga og strekkjer seg ut ei stund før det er tid for kveldsstellet på badromet.
Der er det fleire no, så han må vente ei stund før toalett og vask vert ledige, men det er ingen ting som hastar. Det er berre å kome seg i soveposen som står att av dagen.
Han vert liggande å høyre på dei ulike måla rundt seg, nokre skjønar han litt av , hjå andre er orda framande, men han greier å plassere dei fleste ut frå tonefall og nokre få ord. Spansk, fransk, tysk og engelsk er i fleirtal, Og så er det dei tre der borte ved vindauget som ser asiatiske ut, det er vel kanskje koreanarar? Og ved sida hans fører to finske kvinner ei lavmelt samtale. Sjølv vert han ofte teken for vere nederlender på grunn av sitt eige målføre. Kanskje ikkje så rart, undrast han, dei to måla har kanskje noko av same lydane?
Så høyrer han igjen ei klokke ringe. Ein av dei som er nærast lysbrytaren strekkjer seg og sløkkjer lyset- No skal det vere ro på sovesalane. Han ligg enno ei stund, høyrer varsam kviskring frå ein stad i romet. Sjølv let han tankane vandra gjennom dagen som ligg bak, før dei flyttar seg til hans eigen heim og dei som er der. Men så svinn alt bort, svevnen tek han.

tirsdag 15. mars 2016
Blomar i vegkanten (5)
Det er vår langs vegen der vandrararen går på veg opp frå landsbyen. Han har vore på vandring seinare på året og, om hausten. Då har det vore lite grønt å sjå, berre gulbrune marker etter at viddene med korn har vorte hausta. Då hadde han hatt høve til å ta ei kvil i skuggen av dei meterhøge murane med halm som stundom låg der ved vegen.
Men no er det vår og kornåkrane står der grøne så langt auge kan sjå. Og i vegkanten blømer det i gult, blått, kvitt og raudt. Det er dei raude små valmuene som gjer mest av seg. Somme stader dekkjer dei store flater. Men opp bakken frå landsbyen veks det ein vegg av busker på begge sider av vegen, og dei er dekte av gule blomar. Han kjenner ikkje blomane her sør, men tykkjer dei liknar på gyvel. Sikker er han ikkje, men vakkert er det med alle blomane i vegkanten.
Mange slags blomar. Ein underleg tanke dukkar opp hjå han om desse blomane, at like ulike var dei som alle dei folka som har hatt makta her i landet gjennom århundra. Folk som har vandra inn, teke herreveldet over landet, for å ha si tid og så verte borte att då nye folk dukka opp. Dei raude teppa av valmuer minte han om alt blodet som hadde runne på den store sletta i kampen om herredømet.
Han kjem i hug ei tavle han såg i ein by langt lenger sør. Der stod dei oppskrivne alle folkeslaga som hadde teke herredømet der for ei tid. alt frå den første tida langt attende i soga, til dagen sine turiststraumar. Og det var mange som var opprita.
Det budde eingong eit folk her som vel ingen idag veit kven var, men dei sette sine merke på landet. Men ein dag dukka romarhæren opp og gjorde landet til ein romersk provins i mange hundre år. I deira tid kom kristendomen til landet. Men alle imperie har si tid, og då romarveldet si sol sokk i hav dukka ei germansk folkestamme opp, vendarane eller vandalane som dei kom til å verte kalla. Hundre år fekk dei før ein ny germansk folkestamme dukka opp. Det var visigoterane, eller vestgoterane. Begge folka var kristne, men av arisk trusretning. Som vil sei at for dei var ikkje Kristus Guds son, fødd av Gud, men den første av alle Guds skapningar. Dei skapte eit riket som nådde midt opp i våre dagars Frankrike, medan vandalane sette over havet til Afrika og skapte seg eit rike i Nord-Afrika og på øyane i det vestlege Middelhavet.
På ei samling i Toledo på 600-talet gjekk visigoterane bort frå arianismen til den romersk katolske trua, men ikkje mange år seinare var også deira tid over då maurane kom over stredet som hans landsmenn i gamal tid kalla Nørvasund, og erobra heile riket frå visigoterane. Det var frankerane som til slutt stansa maurane sin framgong sørvest for Paris og byrja å presse dei attende. Men det tok sju hundre år før den siste maurar måtte forlate landet og sigle over til Afrika att. Men etter den katolske sigeren var det ikkje lenger rom i landet for jødisk eller islamsk tru.
Sidan rulla århundra fram med sporadiske angrep frå portugisarar, engelskmenn og franskmenn, før folket sjølv braka saman i ein blodig borgarkrig mellom venstre og høgre orienterte krefter i det forrige århundret.
Vakre raude valmuer utover sletta. Fortel dei om alt blodet, alle tårene som har runne her gjennom århundra? Eg burde vel takke for at eg har vakse opp i eit karrigt, steinrikt fjelland langt der opp i nord. Eit land som få har funne verdi i - tenkjer han- og ikkje i eit fruktbart solrikt land langt her sør som det er så mange som har ynskt å ha herredøme over. Men hans forfedre var og her ved desse kystane på røvarferd med sine båtar og sverd, desverre. Det kjenner han inga ære ved.

søndag 13. mars 2016
Rast (4)
Vandraren går ned bakken mot husa der nede. Hans mørke medvandrar er komen opp på sida hans, og har vorte noko kortvoksen sidan morgonen, men så har også sola nådd si middagshøgd. Om litt er han inne mellom husa, og han ser at ved eit av dei er det sett ut eit par bord og nokre stolar. Der det er ein bar er det råd å få seg noko å drikke, tenkjer han og stig til sides frå vegen og inn i skuggen av huset.
Lyfter av seg sekken og set den ved eit av borda, og set staven ved sida. Den sveitte hatten legg han på bordet. Så lyfter han tilsides forhenget i døra og går inn. Der inne er det kjøleg, Det kjennest nesten kaldt ut for han som kjem inn frå solvarmen ute. Han ser seg rundt, der sit nokre andre vandrarar ved borda inne. Han helsar og går fram til disken. Smiler til henne bak disken og spør om ein stor kopp med kaffi og ei flaske vatn. Om litt står koppen og flaska framfor han på disken og han grev i lomma etter mynt, betalar, takkar med eit nytt smil og går ut til bordet i skuggen utanfor.
Han strekkjer ut føtene der han sit. Kjenner at det var godt å setje seg på ein stol og kvile ut etter timar på vegen. Let augene gli over husa langs landsbygata. På mange av dei er vidaugene dekte av lemmer for å stenge den varme sola ute. Ved andre sit det eldre kvinner og menn på stolar utanfor døra, småpratar og nyt varmen.
Opp ein liten bakke i utkanten av husrekkja ligg det ei lita av kyrkje der endeveggen er bygd så høgt opp over taket at der vert plass til å henge eit par klokker.
-Eg skulle sett inn i den, -tenkjer han, -men eg trur eg let det vere.-
Dei fleste kyrkje langs vegen har han erfart har stengde dører, og dei han har vore inne i er like i si utforming. Eit halvskymt rom med nokre få benkerader fram til koret. Det første han har møtt nede ved døra er fatet med vatten til å teikne krossmerket på seg med, og døypefonten i eit hjørne. Framme i koret står alterbordet, og på veggen bak ein krusifiks eller eit helgenbilete. Ingen alterring slik i hans heimekyrkje, for her står presten bak alteret vendt mot kyrkjelyden, og nattverdsgjestene får berre brødet, ståande fremst i skipet. Dei få dråpane med vin forbeheld presten seg.
Han har vore tilstades ved nokre messer i byane langs vegen og har opplevd dei annleis men gode å vere tilstades i, sjølv om orda på framandt mål har gått han forbi. Berre eit og anna ordet har han fatta tydnaden av.
Han kjenner at her kunne han site lenge. Ute på vegen går andre vandrarar forbi utan å stogge på. Dei som sat inne kjem og ut, heiser på seg sekkane og grip om stavane. Han helsar dei god vandring og får svar attende.
Nei, tenkjer han, det er vel på tide å reise på seg. Kaffikoppen er tom og det siste resten av brødet han hadde med seg er komen ned i magen, men først må han finne toalettet. Kvinne bak disken viser han veg. Då han kjem ut att, takkar han for seg og seier adjø.
Så er det på med sekk og hatt, feste grepet om staven og byrje å gå igjen. Han lyfter eine handa og helsar dei eldre ein god dag der han går bortover gata ut av landsbyen, og får svar attende med ynskje om god vandring.

mandag 7. mars 2016
Det som var, er ikkje lenger. (3)
Sakte kjem vegen han i møte, og vert borte bak han. Den store sletta synest uendeleg, som om han ikkje kjem av flekken sjølv om føtene flyttar seg framover på veggrusen, steg for steg.
Han ser sin mørke vandringsven minke i lengd og flytte seg frå å vere framfor han tidleg på morgonen, til å kome meir og meir opp på sida hans etter som timane går. Det same gjeld sola. Ho er ikkje lenger bak han, men står høgre oppe i sør, og strålane frå den har vorte varmare. Han merkar at skjorta har byrja verte fuktig under sekken på ryggen.
Eg går mot vest heile tida, tenkjer han, og sola flyttar seg frå aust mot sør, og dalar til slutt ned i vest. Det endar vel med at det av kroppen min som ikkje er dekt av skjorte og skjorts vil ha ei brun side, og ei kvit, smiler han for seg sjølv. Som ein yin yan person, ei mørk brun og ei nesten kvit side.
Det er stilt her han går, ingen bilar, berre ein og annan vandrar som kjem opp på sida han og går forbi, ein vandrar undervegs mot vest som han. Av og til fører vinden med seg lyden av bilar frå lenger nord på sletta. Han ser dei ikkje, men skjønar er der ein stad ligg der ein brei bilveg. Der dreg dei fram dei som brukar timar på å krysse sletta, ikkje dagar og veker som han.
Alt er i endring, tenkjer han, det som var er borte, bytt ut med noko nytt. Sjølv har han bytt bort det nye for ei tid, flytta seg attende til gamal tid då mest alle brukte føtene til å kome seg fram på.
Der er nokre lave dalar på sletta, mest berre som nokre søkk. han ser dei mest ikkje før han står på bakkekanten over dei. Der nede i ly for vinden veks det tre, og der ligg det og ofte ein lita samling av gråbrune hus langs ei smal gate, og ei lita lav kyrkje i same farge. Hus bygda av stampa og
soltørka jord. Her langs vandringsvegen er dei fleste av husa nokonlunde velhaldne, men han minnast ein kveld lenger aust. Ein kveld han måtte gå seg ein tur bortover ein sideveg til nokre hus litt undan vandringsvegen. Han hadde plagast med magen den dagen, og trong å vere åleine i kveldinga. Men då han kom inn mellom husa fekk han sjå at alt er i endring, også langs vegen. Nokre få av husa budde det folk i såg han. Der stod bilar utanfor, og der var leiker i vegkanten som synte at her var det og born. Men der var mange andre hus som hadde byrja si ferd inn i forfallet. Tak hadde falle ned, veggar luta og golv såg ikkje ut for å vere trygge å gå på. Andre hus var det berre ei røys att av, der bjelkar og anna tremateriale stakk opp som beinsplintar frå eit dyrekadaver. Sjølv kyrkja hadde byrja si ferd mot si endelikt. Vindauge og dører var stengde med lemer og det nedsokne taket mangla mange taksteinar. Det var nok lenge sidan det hadde vore ringt inn til gudsteneste der.
Det var med nedstemt sinn han vende om attende til hospitset og nattekvila. Det det gjorde ikkje godt å sjå forfallet og landet si krise så nær vegen han gjekk på. Han minntest eit anna utslag av same krise han hadde støytt på lenger aust. Men då med motsett forteikn. Ein høveleg stor by hadde vegen leidt han gjennom. Ei flunkande ny by med kvite hus, barnehage og skule, der han vandra tvers gjennom byen, uforstyrra midt i den breie hovedgata. På sidene stod husa stod med tome vindauge, og i gatene
var det berre vinden som rådde. Og skilta som fortalde at her var det husvære å kjøpe, eller leige. Men med den økonomiske krisa i landet med familier som vart kasta ut av heimane sine, og stigande arbeidsløyse, var det kanskje ikkje så mange som ville våge seg på å setje seg i stor gjeld. Så kanskje ville forfallet også ein dag byrje å synast i denne flunkande nye byen.
Det dukka opp ei vise i sinnet hans frå hans eige heimland, noko om at folk treng hus, og hus treng folk.
Ville det same skje i heimlandet når oljekjeldene ein dag ikkje var lønsame å drive lenger? Kva slags politikk ville styresmakte då drive ? Ville folket i dei grisgrendte bygdene då måtte flytte til byane, og etterlate hus som vart ståande att tome, til forfallet tok dei, og taket til slutt fall saman over murane?
Alt endrar seg, tenkjer han der han går ned bakken mot den vesle landsbyen der nede. Ingenting varer for alltid, men det er vi menneska som skaper endringane med dei vala vi gjer, og som vi kanskje ikke alltid ser dei langsiktige fylgjene av.

lørdag 27. februar 2016
Eg har levd mellom fjell (2)
Slik må det vere på prærien, tenkjer han der han sit i vegkanten og kviler føtene. Her er det ingen ting å feste augene på, berre ein flat horisont heile vegen rundt, med blå himmel over.
- Fjell? Du saknar då vel ikkje fjella? Du har då vel sett nok av dei, du som har levd under bratte fjell heile livet?
Det er vandringsvenen som bryt inn .
- Du toler då nokre dagar utan fjell? Eller? Minnnest du nokre dagar attende då du sist gjekk over fjell. Dei var høgre dei fjella enn dei du har levd under.
Jau, han mintest. Han mintest den vandringa oppover fjellsida i skodda. Det var ikkje mykje han fekk sjå av utsikt den dagen. Berre vegen nokre få meter framover, og så ein grå vegg av skodde. I tillegg var skodda full av små dråpar med væte. Dette er ikkje mykje å bry seg om, hadde han tenkt. Derfor fekk regncapen ligge urørt i sekken. Men mange nok med små dråpar vert i lengda meir enn nok av væte. Vel framme på andre sida av fjellet, nede i dalen ved hospitset, var han både våt og kald. Det var berre å gå inn under ein varm dusj, og så pakke seg inn i turre klede under teppet på senga til han fekk igjen varmen i kroppen. Slik hadde han byrja på denne vandringa si.
Sidan hadde fjella vike undan og gått over i lave åsar i staden. Men han hadde hatt fjella med i dagar framover, rett nok stadig lavare og lenger nord enn der hans vandringsveg gjekk. Han kunne sjå dei ligge der langt i det fjerne, gjerne med toppane gøymde i skyer.
Men så ein dag var dei borte, og det var berre lave bakkar att å feste augene på.
- Minnest du siste bakken av noko høgd? Det var varmt, og du sveitta godt oppover mot bakketoppen.
Såg du fjell då du var oppe og såg utover landet vestover?
Jau, han mintest kva han såg då han stod og stødde seg på staven, ute på vestsida av bakken. Nei, fjell hadde han ikkje sett. Det var ei stor grøn slette som låg framfor han, mest som eit grønt hav. Han såg vegen bukte seg vestover denne sletta. Her og der såg han små husklynger, og langt ute i horisonten glei grønfargen over i blått som tilslutt gjekk i eit med den lyse blå himmelen over. Det hadde sokke i han at no byrjar den store høgsletta, og den skal han bruke mange dagar, tusenvis av steg, på å vandre over. Men der borte i det lyse blå som går over i den like lyse blå himmelen, der, langt der framme ved enden av sletta, der vil han igjen møte fjell som reiser seg opp over slettelandet.

torsdag 25. februar 2016
julerose
Ute er det surt vintervær, Nordvest vind, sludd og regn.
Då er eg vel tifreds med å kunne vere innandørs i ei varm og lun stove. Ikkje like heldige er småfuglane som flyg i jamn trafikk til og frå der deira mat er å finne. Og eg finn glede i å sjå på dei. Ymse slags meiser og sporv har vi hatt vitjing av i heile vinter, men no har dei fått selskap av fleire slags sisik i det sure februarværet.
Snøklokkene som var på veg opp av vinterdvalen, er no dekt av snøen att. Men som dei gamle værmerka på primstaven seier, det går mot vår, trass alt.
Utanfor døra vår blømer det med kvite blomar. Tidlegare i vinter, då kuldegradene var mange, låg blad og alt, klistra flat utover jorda. Men så vart det litt mildare og då lyfte dei seg att, og blomeknoppane opna seg. Julerose kallar mi kjære den. Då, i jula låg den flat, men no i februar blømer den til glede for oss når vi er utanfor døra.

onsdag 24. februar 2016
24.februar Mattismesse
På primstaven er denne dagen markert med ei dobbeløks. Og 24. februar heldt kyrkja før reformasjonen messe for St. Mattias som vart avretta med ei øks.
Kven er denne Mattias, eller Mattis som han vart heitande på norsk folkemål?
Mattias er den trettande apostelen, han som ved loddtrekning vart vald til å fylgje etter Judas Iskariot då han sveik Jesus og tok sitt eige liv.
Mattias vart fødd i Betlehem og vaks opp som ein from jøde, men truleg kom han tidleg med i Jesus sitt fylgje, etter som Peter seier i Ap.gj.1, 22-23, at dei to som valet står mellom, Mattias og Josef Bar-Sabbas med tilnamnet Justus, har begge vore i Jesus sitt fylgje heilt frå då Johannes døypte Jesus i Jordanelva.
Kanskje var han og mellom dei 72 som Jesus eingong sende ut for å lækje og forkynne.
På bilete over står det skrive i boka; Vos Mei Ami estis ci - De er venene mine.
Der er fleire overleveringar om livet hans vidare. Ei av dei seier at han heldt fram med å forkynne i Judea i 33 år, og mange tusen kom til tru gjennom han. Noko som påkalla templeprestane sin vreide, og han vart kalla fram for rådet og bedt om å teie med si forkynning. Det sa han nei til, og i staden byrja han å legge ut for dei kva skriftene sa om Jesus. Då dei ikkje fann argument i mot, greip sinnet dei og dei dreiv han og steina han. Til slutt var det ein romersk soldat som enda livet hans då han med eit øksehogg skilde hovudet frå kroppen.
På gamle heilagbilete er St, Mattias gjerne avbilda haldande ei bok, som syner til at han var apostel, og ei øks, som syner til korleis han enda livet då han vart martyr.
Andre overleveringar har anna å fortelje.
Ei gresk overlevering fortel at han forkynte i Kappadokia i Vesle-Asia, Og endå ei anna plasserar han i Etiopia, der han og til slutt endar som martyr.

mandag 22. februar 2016
22.februar Persok
I år hende noko som ikkje har hendt sidan år 1054, då omfamna leiaren for den romersk katolske kyrkja, pave Frans, og ein av leiarane for den gresk ortodokse kyrkja, patriark Kirill av Moskva, kvarandre og gav kvarandre eit broderkyss. Det har ikkje hendt sidan dei to kyrkjeretningane skilde lag i 1054, mellom anna på grunn av at då trusvedkjenninga vart omsett frå gresk til latin fekk den eit ord for mykje, etter austkyrkja si meining. Ordet var filioque som gjer at vi i vår vestlege utgåve av trusvedkjenninga seier at Den Heilage Ande har sitt opphav i både Faderen og Sonen, noko austkyrkja ikkje godtok. Og på det ordet delte kyrkja seg. Så er det å vone at broderkysset mellom dei to kyrkjeleiarane på Cuba kan føre til eit betre klima mellom dei to kyrkjene i framtida.
Men i dag på 22.februar er primstaven markert med ein lykjel. (nøkkel), og i gamal tid bar den namnet Persok, eller og Peter stol.
Og då er vi over på ein dei to over, på pave Frans, som idag sit på Peter sin stol.
Festen til Peter's stol har gamle aner i kyrkja si soge, og var ein minnefest til minne om at Simon Peter vart valgt til den fyrste leiaren for kyrkjelyden i Roma, og som leiar sat han på ein stol når hans lærde i kyrkjelyden. Svært gamle tradisjon seier at på denne datoen vart Peter valgt som den "que electus est 1. Petrus papa" den første papa, pave.
I den gamle Petersbasilikaen i Roma var der i dåpskapellet ein stol som paven sat på, ein Petrus Cathedra. Dette var ein bærbar stol av tre. I den noverande Peterskyrkja er der ein Peter's stol over alteret i apsis. Det er dagen sin Cathedra Petri, Peter's stol. Og det er denne stolen som gjer at alle pavar etter Peter reknar seg som Peter sine etterfylgjarar, og som den rette kyrkja sine leiarar. Noko dei andre kyrkjesafunna nok har vanskar med å godkjenne.
Katedral kjem av ordet cathedra, stol. Og ein katedral er ei kyrkje der ein biskop har sin lærestol. Å kalle andre kyrkjer for ein katedral er ei utviding og misbruk av ordet.
Ei annan tradisjon seier at det var på denne datoen at Jesus sa til Peter at på han ville Jesus bygge si kyrkje, og la han få nøklane til himmelriket.
Dagen er på primstaven markert med ein nøkkel som viser til Jesus sine ord til Simon Peter utanfor Cesarea Fillipi i øvre Gallilea. Då Simon og fekk namnet Peter.

søndag 21. februar 2016
Eg går, ergo er eg. (1)
Lyden av føtene og vandringsstaven som møter grusen på vegen er det einaste han høyrer denne tidlege morgonen. Bak han vert byen, der han fekk seg ei seng sist natt, borte bak ein liten bakketopp. Det siste som vert borte er kyrkjetårnet, men han ser det ikkje, for han vender augene framover, vestover den store og vide sletta.
I sekken på ryggen ligg nista for vandringa denne dagen, ein bocadillo med skinke og ost, innpakka i eit papir. Han kjøpte den med seg i baren der han fekk seg ein kopp med svart kaffi, før han forlet byen. Og utanpå sekken i eit par lommer, ligg og to flasker vatn. Det får halde nokre timar framover.
Han er ikkje åleine på vegen denne morgonen. Lenger framme ser han andre vandrarar som er føre han, og bak seg høyrer han andre føter som krasar mot grusen. Nokre av dei vil snart kome opp på sida hans, helse bueno camino, og så er det han som er bak dei. Men etter dagar på vegen har han funne si eige rytme, det er ingen ting som hastar. Føtene lyfter seg og trør på nytt ned i grusen litt lenger framme utan at han treng å gi dei ordre om det. Sakte kjem landskapet han i møte og glir attom og vert borte bak han. Eit steg, to steg, tre steg. Å gå, det er det som er livet her etter vegen. Å gå.
Ein tanke sviv gjennom han; eg går, ergo er eg. Men er der ikkje meir, anna enn å gå? Tanken stoggar opp, hovudet vil ikkje.
Staven vert lyft, flytta fram og sett ned att med eit lite krakk i veggrusen. Han slepp å tenkje etter, automatikken er der etter dagar med vandring, heile tida framover til han ein dag er der, langt der framme ein stad. Kor mange steg vert det tru? Denne dagen vert det vel rundt tjuetusen steg, og etter det nye dagar, nye steg? Når han er der, kor mange gonger har føtene då lyfta seg og sett seg ned igjen?
Han orkar ikkje å tenkje etter, merkar at natta var ikkje av dei beste, for mykje uro på salen. Hovudet vil ikkje vere med, han berre går, kviler i si eige vandringsfart saman med sine to stillfarande medvandrarar.
Den eine er hans eigen skugge. No tidleg om morgonen ligg den lang på veggrusen framfor han. Lange føter som flyttar seg, og går lenger framme over i kroppen med sekken, og til slutt eit lite, smalt, hovud med ein hatt på. Skuggen vil vere med han heile denne solrike dagen, men den vil endre skikkelse og flytte seg etter som dagen lid og sola flyttar seg over vegen han går. Han seier ikkje mange orda den vandringsvenen hans. Han er heller av dei stille i landet, men det hender nok at vandrararen vekslar ord med sin mørke og tagale ven, sjølv om svara er heller få.
Den andre er heller ikkje så lett å forhalde seg til, han er ein noko ustadig fylgjesvein. Der er dagar då vandraren undrast på om venen har sovna av ein stad langs vegen. Andre dager kan medvandraren vere nesten brysom, let han knapt vere i fred, men dukkar stadig opp med noko nytt, og det han kjem med kan vere til både uro, undring og glede. Men mest er han til glede, ein han kan dele dei mange opplevingane sine med under vandringa etter vegen. Denne medvandraren er hans eigne tankar.
I sekken på ryggen ligg nista for vandringa denne dagen, ein bocadillo med skinke og ost, innpakka i eit papir. Han kjøpte den med seg i baren der han fekk seg ein kopp med svart kaffi, før han forlet byen. Og utanpå sekken i eit par lommer, ligg og to flasker vatn. Det får halde nokre timar framover.
Ein tanke sviv gjennom han; eg går, ergo er eg. Men er der ikkje meir, anna enn å gå? Tanken stoggar opp, hovudet vil ikkje.
Staven vert lyft, flytta fram og sett ned att med eit lite krakk i veggrusen. Han slepp å tenkje etter, automatikken er der etter dagar med vandring, heile tida framover til han ein dag er der, langt der framme ein stad. Kor mange steg vert det tru? Denne dagen vert det vel rundt tjuetusen steg, og etter det nye dagar, nye steg? Når han er der, kor mange gonger har føtene då lyfta seg og sett seg ned igjen?
Han orkar ikkje å tenkje etter, merkar at natta var ikkje av dei beste, for mykje uro på salen. Hovudet vil ikkje vere med, han berre går, kviler i si eige vandringsfart saman med sine to stillfarande medvandrarar.
Den eine er hans eigen skugge. No tidleg om morgonen ligg den lang på veggrusen framfor han. Lange føter som flyttar seg, og går lenger framme over i kroppen med sekken, og til slutt eit lite, smalt, hovud med ein hatt på. Skuggen vil vere med han heile denne solrike dagen, men den vil endre skikkelse og flytte seg etter som dagen lid og sola flyttar seg over vegen han går. Han seier ikkje mange orda den vandringsvenen hans. Han er heller av dei stille i landet, men det hender nok at vandrararen vekslar ord med sin mørke og tagale ven, sjølv om svara er heller få.
Den andre er heller ikkje så lett å forhalde seg til, han er ein noko ustadig fylgjesvein. Der er dagar då vandraren undrast på om venen har sovna av ein stad langs vegen. Andre dager kan medvandraren vere nesten brysom, let han knapt vere i fred, men dukkar stadig opp med noko nytt, og det han kjem med kan vere til både uro, undring og glede. Men mest er han til glede, ein han kan dele dei mange opplevingane sine med under vandringa etter vegen. Denne medvandraren er hans eigne tankar.
tirsdag 9. februar 2016
Ut av byen
Hendene hans grip rundt skåla med den varme morgondrikken han får her i landet, kaffi med mjølk. Han har vendt seg til det no etter dagar med vandring langs pilegrimsvegen. Her får han ikkje kaffien i kopp men i ei skål, og han kjenner varmen frå skåla breie seg frå nevane, gjennom armane og ut i kroppen. Det har vore ei kald natt i senga han fekk leige her. I eit gamalt og gise hus og med ei kald natt ute var det ikkje mykje varme å finne i den tynne sommarposen han hadde å sove i. Ikkje hadde han ein annan kropp å krype inn til for å finne varme heller. Då hadde kanskje ikkje natta vorte så lang og frostig for han. Men no sat han ved frukostbordet, småprata med verten og varma seg på ei skål varm kaffi. Den kalde og einsame natta var forbi, ein ny vandringsdag ligg føre.
Så har han takka for seg og står ute i gata, og han kjenner kor kald denne morgonen er. Bra at han har kledd seg godt. Lenger framme i den morgonstille gata ser han den grøne lystavla ved apoteket fortelje at no er her eit par grader pluss. Ikkje akkurat det han hadde venta å møte i landet langt her syd.
Nede ved den breie elva ser han ein dis drive over vatnet. Heime ville han ha kalla det frostrøyk, men her er det kanskje morgonskodde?
Han står ei stund der på elvebredden og tek inn synet av elva og den skogkledde åsen på andre sida. Dit opp vil vegen føre han denne morgonen, og så vidare sørvestover åsen til nye landsbyar og byar lenger framme. Men så kjenner han kulden krype inn i kroppen igjen og han byrjar gå at.
Lenger framme ser han ei stor bru strekke seg over elva. Den liknar mest eit gamalt festningsverk med sine murar og tårn. Framme ved brua når dei første varme solstrålane han. Vegmerka syner at han skal over her, men på den andre elvebredden ved enden av brua ser han motorvegen, og bortanfor den reiser bergveggen seg bratt opp. Kvar går pilegrimsvegen vidare tru? Det kan då ikkje vere opp den veggen der? Vel, han får vente til han er over brua så vil han nok finne merka som syner kvar han skal gå.
Han må vente litt til det vert ei opning i bilstraumen, men så er han komen over til bergveggen og finn merket.. Då ser han eit lite trakk med nokre innhogne steg som fører opp i bergveggen. Dette ser bratt ut å klatre opp her med sekk på ryggen, men han får freiste. Sakte, steg for steg, legg han bergveggen bak seg. Nokre stader er det godt å finne greiner og røter å halde seg fast, andre stader er stien breiare og lettare å gå. Så flatar stien seg ut og han kjem inn mellom furutrea oppe på åsen.
Litt lenger framme er der ei lysning på bergkanten. Eit stort jernkors er reist framme på stupet. Der er nokre sitjeplassar ved krossen, og han tek av seg sekken og set seg ned.
Leitar fram vassflaska medan han let augene kvile på elva, brua og byen bakanfor. Sola har byrja varme godt, og han må ta av seg det yste laget med kle. Hadde han ikkje att ein liten ende av brødet han kjøpte i går, tru? Han opnar sekken og leitar litt før han finn brødstykket med ost og skinke. Noko flatklemt, men smaken er god. Han har ikkje vin til akkurat, men halvlunka vatn gjer same nytta.
Etter ei stung reiser han seg, heiser sekken på plass, grip staven, vender ryggen til byen han kom ifrå og går vidare inn på stien mellom furutrea.

søndag 7. februar 2016
Tidleg morgon
Det er mørk morgon enno då han, vandraren, går ut gatedøra og let henne at bak seg. Den kjølege morgonlufta fyller lungene hans og driv siste rest av nattesøvnen ut av lemene. Han ser seg rundt mellom husa medan han fester grepet om staven, gjer eit lite kast på skuldrane så sekken bak på ryggen finn sin plass. Der nede i gatekrysset ser han vegmerket, dei to kvite og raude streka på husveggen under gatelykta. Så er han klar for den nye vandringsdagen, inn i det ukjende som dagen vil gi han.
Gata stig framfor han oppover mot bakketoppen lenger framme. Husa langs gata står enno med mørke vindauge, nokre av dei har og skoddar for som vernar mot innsyn til roma innanfor.
Klikk, klikk, klikk. Lyden frå spissen på staven fyller den morgonstille gata kvar gong han set staven ned på gatasteinane under føtene. Det er langt mellom gatelysa oppover bakken, så det skymt mellom husrekkene. Oppe på bakkekanten er der fleire lys samla, og då han nærmar seg ser han at det er byen si kyrkje som ligg der bak eit lite torg. Omkransa av store, lauvfulle tre. Han stansar ei stund, pustar på og tenkjer at han burde ha prøvt seg på døra, men slår det frå seg. Så tidleg om morgonen er ho nok stengd, så istaden han vender seg mot vegen att der den svingar seg forbi dei siste husa og bortover den vide åsen.
Det har alt lysna så mykje at han ser den utan å bruke hovedlykt. På austhimmelen ser han roden av den stigande sola, og over han, der sola sine strålar alt er, ser han gylne striper av store fly på veg mot sine mål ein eller annan stad, i eit eller anna land. Store fly fulle av menneske. Dei reiser fort dei der oppe, Og dei reiser heilt annleis enn han, sit seg fram i gode stolar. Brukar nokre få timar på strekningar som han her nede på åsen ville bruke månader og år på gå. Men kanskje misser dei noko som han får gratis. Kjensla av vegen under føtene, synet av landskapet der han går, lukta av det som veks langs vegen, og den reine friske lufta. Dei gylne stripene der oppe fortel at flya ikkje starta på same stad og har ulike stadar som mål, då stripene har så ulike retningar. Ein skullle mest tru der var ein stor edderkopp der oppe, i ferd med å spinne sitt himmelnett.
I aust aukar den gylne randa i styrke, og så bryt dei første solstrålane inn over vegen og landskapet rundt. Gyllent først, men det gylne minkar av etter kvart som sola stig opp på himmelen. Så er morgonen avløyst av den komande dagen for vandraren.

fredag 5. februar 2016
Ågotmesse 5.februar
Det er ein bolk med skiftande værtilhøve vi er inne i no, her i fjordbygda desse dagane i februar. Inga kuldeperiode, men det skifter mellom snø og regn. 46 cm med snø målte i kjære i går, men no er det så mykje på plussida igjen at det regnar ute, og snøen vert tyngre og sekk saman. Men om været er skiftande så går det mot vår. Son vår meinte han såg ei linerle ved fuglematen her ein dag. Det var i tidlegaste laget. Kanskje Tor hadde blese den over frå dei britiske øyane? Men eg såg bokfinken på vår foringsplass i dag, og eg tykkjer det og er i tidlegaste lagt.
På primstaven er dagen merka med ei mus, noko som har sin bakgrunn i ei gamal legende frå mellomalderen. Dagen vart difor av nokre også kalla musedagen. Men dagen sitt rette namn var Ågotmesse, som igjen er ei fornorsking av St. Agathe.
Denne Agathe var fødd i byen Catania på Sicilia. på 200-talet. Då keisar Valerian sette igong ei kristendomsforfylging var Agathe ei av dei som vart teken til fange, og ho vart drepen på denne dagen i år 251. Før ho døydde vart ho torturert, mellom anna fekk ho begge brysta sine skorne av.
Levningane av henne er oppbevart i domkyrkja i Catania, i eit skrin forma som eit kvinnebryst.

onsdag 3. februar 2016
St Blasius 3.februar
3. februar er på primstaven merka ein båt under segl, noko som nok har samanheng med at dagen var nemnd som Blåsmesse. Kanskje var Blasius for vanskeleg for oss langt oppe i nord, og vart dermed endra til Blås. På engelsk ber han namnet Blaise.
Kven var han?
Han var fødd på 200-talet i Sebastia i Armenia , no i tyrkisk Anatolia, av rike foreldre. I ung alder vart han vigsla til biskop i Sebastia. I samband med striden mellom keisar Konstatin den store og hans rival Licinius om makta, braut Licinius Konstantin sitt edikt om fridom for dei kristne, og sette igong ei forfylging av dei. Og Blasius vart eit offera for denne forfylginga. Då han ikkje ville seie frå seg kristentrua, vart han halshogd omkring år 316.
Blasius var ikkje av dei mest nytta heilamennene her i landet, men tidlegare Volbu stavkyrkje i Øystre Slidre var vigsle til han.

tirsdag 2. februar 2016
Ei sky
Det har vore mykje skyer over oss her i fjordbygda etter nyåret. Når eg på morgonen har sett ei lita von om at i dag vil skyene revne og sola vise sitt lyse åsyn, så varer det ikkje lenge før skyene igjen gøymer all von om eit lite solglimt for den dagen. Men ein får berre la vona leve om at i morgon, eller i overmorgon, eller ein annan dag ut i veka så skjer underet, og skyene opnar seg og openberrar den blå himmelen som er der oppe over dei. Der oppe der sola er med sine lyse og varme strålar.
Sist søndag var det Kristi forklåringsdag til minne om då tre av læresveinane hans fekk sjå Meisteren ikledd sin himmelske herlegdom. Då Jesus stod framfor med eit andlet det skein av, og iført skinande kvite klede.
Men der stod og i teksta noko om ei sky. Matteus og Markus fortel at skya stansa over dei der oppe på fjellet, medan Lukas fortel at skya omslutta dei, og då vart dei fælande redde.
Det ikkje så mange som dreg fram denne skya når dei har denne teksta om Kristi forklåringsdag. Kvifor veit eg ikkje, men denne skya dukkar opp mange stader gjennom Bibelen sine ord.
Ikkje veit eg korleis ho såg ut. Ho var neppe lik skya på biletet over her, men første gongen eg har funne den omtala, så hadde ho litt likskap med denne. Då var ho forma som ein skystolpe, mørk som natta på ein sida, og lys som dagen på den andre. Det var den gongen israelittane vandra ut av Egypt, og Farao sende si hær etter dei.
Neste gongen finn eg den på Herrens fjell i Sinai, då Moses steig opp på fjellet, opp i skya for å tale med JHVH, Han som heiter EG ER. Den gongen var ho mørk, og det tordna og lynte frå den.
Så går det eit halvår, og israelittane skal vigsle møteteltet, tabernakelet. Då Moses går inn i det, senkar skya seg over teltet og fyller det. Og skya vert med dei under vandringa vidare i øydemarka.
Så ein dag vert møteteltet bytt ut med at kong Salamo reiser eit hus til Gud, eit tempel i Jerusalem, og på vigslingsdagen når Salamo er inne i tempelet, så dukkar skya igjen opp, som den gongen i øydemarka, og fyller tempelet med sitt nærver, og kongen må gå ut.
To gonger til høyrer vi om denne skya, denne Guds sky. Den første av dei byrja eg med, og den siste er då Den oppstadne Kristus tek farvel med sine læresveinar, Då Han vert lyft opp framfor dei, kjem der ei sky og tek Han bort frå augo deira. Kanskje er der enno ein gong, men då er det ikkje sagt i klårtekst, for då Jesus hang på krossen la mørkret seg over Jerusalem. Ei tett sky gøymde sola og dagslyset medan han hekk der.
Eg les ein teolog som alltid søkjer å gi naturlege forklaringar på Bibelen sine ord, forklaringar som er i samsvar med menneska på den tida stt verdsbilete, og deira forståing av dei gamle skriftene sine.
Men eg trur det kan vere vanskeleg å sette desse orda om Guds sky inn i ei slik ramme. Eg trur ein må opne for at ikkje alt kan forklarast, og ikkje alt kan forståst med vårt vet og vår tanke. Der må alltid vere eit rom for det uforklarlege. For at Gud er utanfor vår fatteevne. Elles kan han ikkje vere Gud. Og det ser eg når Herrens sky er omtala, då hender det noko viktigt i tilhøvet mellom Gud og oss menneske.

søndag 31. januar 2016
Nysnø og sol
Så er det over eit døgn sidan Tor for forbi på veg nordover. Det var lenger ute på kysten han slo hardast med hammaren sin, men vi fekk då merke han her inne i fjordbygda og. Det høyrdest at han var ute og for. Her i heimen slapp vi frå det utan skade. Ikkje alle var så heldige. Og i natt fekk vi litt snø, så pass at eg fekk starte opp snøfresen om vi to skulle kome oss til kyrkje. No ut på dagen kiker sola og fram mellom skyene. Og vakkert er det med sol på snøtunge tre.
fredag 29. januar 2016
Tor
Ute kjem vinden her i fjordbygda frå sydaust denne formiddagen og med litt regn i lufta, og temperaturen er bra for å vere i januar. Med 8 grader pluss treng eg ikkje å bruke snøfresen, for snøen som kom i går , den er alt reist sin veg. Men seinare i dag får vi Tor på besøk, og han har visst tenkt å bruke hammaren, etter som værmeldarane seier. Kor mykje vi får merke av stormen her inne i fjordbygda får vi sjå etter kvart. Vi har hatt ein slik sterk storm mest årleg no nokre år, med skog som vert lagt ned og tek straumen, tak som blir borte og stengde vegar. Heilt ute på kysten har det vore stormflo og store bårer som herjar i tillegg. Men det var nok verre før då uværa kom uventa, i dag sørgjer værmeldarar for at vi er førebudde på kva som kjem. Så no er det berre å vente i spenning på kva som skjer seinare i dag når Tor kjem på vitjing.
tirsdag 26. januar 2016
Pilegrim, kvifor går du?
Eg har nokre gonger rota med spørsmålet om kva som skil pilegrimen og langvandraren. Og sjølv om eg har vandra nokre mil etter pilegrimsvegar, eller kanskje vandringsvegar så har eg endå ikkje funne eit tilfredstillande svar. Kva slags veg det er, er vel avhengig av kvar den enkelte plasserar seg, om ein er vandrar eller pilegrim? Kvifor finn menneske i vår moderne tid ut at dei skal svette seg fram mange mil etter ukjende vegar og stiar, i sol, regn og vind, når dei kunne kome lettare fram med motoriserte framkomstmiddel?
Det er fleire enn eg som har bala med det spørsmålet, klokare menneske enn det eg reknar meg for å vere. Men der er nok mange svar på det spørsmålet, og svaret den enkelte gir vil nok vere med på å sei om vedkomade er langvandrar eller pilegrim. Mange er nok litt begge deler, halvdelen vandrande turist medan den andre halvdelen er vandrande pilegrim.
Eg las ein stad at ei ung kvinneleg pilegrim hadde svara slik på spørsmålet om kvifor ho gjekk. "Eg vandrar ikkje for å leite etter svar, men for å finne spørsmåla mine.
Kanskje er det der mange av oss må starte, med å leite etter spørsmåla våre? Har vi dei, kan vi kanskje også finne svara på dei. For der må då vere eit kvart som dreg oss ut på slike vandringar?
mandag 25. januar 2016
Pålsmesse
25.januar er det Pålsmesse. Ein av desse gamle kyrkjedagane som vart borte frå vår kyrkje som feiringsdag etter reformasjonen, men som levde att på den folkelege kalendaren, primstaven. Så lenge den var i bruk på landsbygdene, før almenakkene overtok som kalender for folk flest. På primstaven var dagen sitt merke ein spent boge med ei pil på. Derfor bar dagen også namnet Pål skyttar i nokre deler av landet.
Pålsmesse? Kva for ein Pål er det?
Pål er den norske uttalen av Paul, og Paul var den store brevskrivaren i nytestamentet, Paulus. Det var den dramatiske hendinga som førde til hans omvending utanfor murane til Damaskus som vart minna i Pålsmessa.
Paulus bar opphaveleg det hebraiske namnet Saul, og som Saul var han ein forfylgjar av dei som trudde at den krossfeste Jesus var deira Messias. På veg til Damaskus for å ta til fange dei truande og føre dei i lekkjer attende til Jerusalem, vart han overraska av eit sterkt lys og ei røyst som spurde, "Saul, kvifor forfylgjer du meg?" På spørsmål kven som spurde, fekk han svaret: "Eg er Jesus, han som du forfylgjer" .Saul var førd blind inn i Damaskus, der han seinare vart lækt av ein av Jesus sine læresveinar, og kom til tru og vart døypt. Seinare endra han namnet sitt til det greske Paulus. Og det er under det namnet han er med på å føre trua på Jesus som Kristus vidare ut i det romerske riket.

fredag 22. januar 2016
Værbyte
YR seier minusgrader her i fjordbygda, men mine målarar er ikkje heilt samde. Eg klagar ikkje på dette værbytet. Frå like mange minusgrader for eit par døgn sidan til nesten vårlege grader ute. Og snøen sekk saman, 20 cm har vorte borte utanfor stovedøra sidan i går, det er bakdelen. Når den først kom så kunne den fått ligge nokre veker framover, for eg skal ikkje nekte for det er fint når heile naturen er dekt av det kvite. Og så kunne dei som er gla i å nytte ski, fått ha den gleda framover. Men vind og vær er ikkje råd å styre, ein får ta det som kjem med same sinn.
torsdag 21. januar 2016
Kristus Allherskaren
Eg las for nokre år attende eit innlegg i eit amerikansk magasin. Det var ein som hadde vore på leit etter ein kyrkjelyd å høyre til i. Og ei kyrkje som lyste ut at dei var ei nytestamentleg kyrkje høyrdest interessant ut, så han byrja å gå der. Han gjekk der ei tid, men det enda med at han forlet kykja. Og grunnen var nettopp det dei lyste ut med, Dei var ei nytestamenleg kyrkje, heile det gamle testamentet var fråverande i deira gudsteneste og forkynning.
Eg held no på å lese opp att Tom Wright (N T Wright) si bok; "How God became king", og den soga hadde ikkje vore den same om det berre gjaldt Det Nye Testamentet sine skrifter han gjekk ut ifrå. Nei han gjer det på same måten som den oppstadne gjorde det overfor Emmausvandrarane då han tok føre seg lova, profetane og skriftene og opna for dei kva som var skrive der om kvifor Menneskesonen måtte døy.
Eller for å bruke Wright sitt bilete, korleis Gud gjennom Menneskesonen vart konge ved å døy på krossen. Ikkje i eit framtidig, enno ikkje rike, men eit frå der og då rike som omfatta alt. Meg er gitt all makt i himmel og på jord, sa han.
Etter at keisar Konstantin gjorde kristentrua akseptabel i sitt keisarrike, endra trua vektgrunnlaget sitt, seier Wright, noko som speglar seg att i våre trusvedkjenningar. Der er det vår frelse ved Jesu død på krossen og ved hans oppstoda frå døden som vert hovudsaka for kvifor Kristus kom, levde, døydde og stod opp att igjen. Det er vår bustad i himmelen som Kristus gir oss eingong, som vert vårt mål. Guds rike, Jesus sitt allmakts rike vert eit enno ikkje rike for oss truande. Ikkje eit alt no rike. Medan det før keisar Konstantin var å bygge Kristi kongedøme her i verda, forkynne at Kristus var verda sin konge, ikkje keisaren i Roma eller Konstantinopel, som var dei truande si teneste, i ord og i gjerningar. Alle åra og gjerningane mellom Jesus sin fødsel og påska i Jerusalem er heilt fråverande i våre trusvedkjenningar. Betydde dei ingenting for dei som forma trusvedkjenningane, og med det også for oss?
Wright påstår at vi i vår vestlege kyrkje har skilt Kristi kongedømet og krossen ( slik dei kjem til uttrykk i Bibelen sine ord) frå kvarandre, medan dei burde vere bundne saman med kvarandre til eit heile, slik Bibelen, både i det gamle og det nye testamentet, syner det,
Tom Wright i si bok gjer Israel si soge til ei viktig brikke i fortellinga som fører fram til at Kristus ( Wright nyttar Messias i si bok for å synleggjere at det er jødefolket sin Messias som er vår Kristus) vinn siger over dei vonde åndsmaktene, ved sin død på Golgata. Han syner ein raud tråd, ein av Guds mange raude trådar ( der er fleire av dei) gjennom lova, skriftene, profetane, evangelia og breva som fortel at vår frelse som kom ved krossen og oppstoda, er ein del av den store fortellinga om korleis Kristus vart konge, Herre over himmel og jord, og vi borgarar av dette kongeriket.
Spørsmålet vert då; betyr det noko om dette kongedømet kom alt ved Kristi død og oppstode, eller om det først vert ein realitet den dagen han kjem att? Har det nokon konsekvens for mitt (våre) trusliv om det hende alt då - eller om der framleis heiter enno ikkje?

Abonner på:
Innlegg (Atom)