1.juni er elles ein minnedag på primstaven, og då er det fariesearen og rådsherre Nikodemus som vert minna. Han som kom på nattleg vitjing til rabbien frå Nasaret, Jesus. Den vitjinga som er omtala i det 3.kapittelet i Johannesevangeliet.Nikodemus vart truleg ein av Jesus sine tilhengarar, og som ein av dei var han og sentral då Jesus vart teken ned av krossen og lagt i den ubrukte grava i hagen.
Det er og ein tradisjon om at Nikodemus fekk smake martyrdøden, og dødsdagen skal visst nok ha vore 1.juni.
Elles er Nikodemus sin dag ein dag då ein kan vere sikker på å få fisk på kroken, difor er og merket hans på primstaven ein fisk på ei snøre.
Henry Ossawa Tanner er meister for dette biletet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar