onsdag 24. februar 2016

24.februar Mattismesse

På primstaven er denne dagen markert med ei dobbeløks. Og 24. februar heldt kyrkja før reformasjonen messe for St. Mattias som vart avretta med ei øks.
Kven er denne Mattias, eller Mattis som han vart heitande på norsk folkemål?
Mattias er den trettande apostelen, han som ved loddtrekning vart vald til å fylgje etter Judas Iskariot då han sveik Jesus og tok sitt eige liv.
Mattias vart fødd i Betlehem og vaks opp som ein from jøde, men truleg kom han tidleg med i Jesus sitt fylgje, etter som Peter seier i Ap.gj.1, 22-23, at dei to som valet står mellom, Mattias og Josef Bar-Sabbas med tilnamnet Justus, har begge vore i Jesus sitt fylgje heilt frå då Johannes døypte Jesus i Jordanelva.
Kanskje var han og mellom dei 72 som Jesus eingong sende ut for å lækje og forkynne.
På bilete over står det skrive i boka; Vos Mei Ami estis ci - De er venene mine.

Der er fleire overleveringar om livet hans vidare. Ei av dei seier at han heldt fram med å forkynne i Judea i 33 år, og mange tusen kom til tru gjennom han. Noko som påkalla templeprestane sin vreide, og han vart kalla fram for rådet og bedt om å teie med si forkynning. Det sa han nei til, og i staden byrja han å legge ut for dei kva skriftene sa om Jesus.  Då dei ikkje fann argument i mot, greip sinnet dei  og dei dreiv han og steina han. Til slutt var det ein romersk soldat som enda livet hans då han med eit øksehogg skilde hovudet frå kroppen.

På gamle heilagbilete er St, Mattias gjerne avbilda haldande ei bok, som syner til at han var apostel, og ei øks, som syner til korleis han enda livet då han vart martyr.
Andre overleveringar har anna å fortelje.
Ei gresk overlevering fortel at han forkynte i Kappadokia i Vesle-Asia, Og endå ei anna plasserar han i Etiopia, der han og til slutt endar som martyr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar