Men no er det vår og kornåkrane står der grøne så langt auge kan sjå. Og i vegkanten blømer det i gult, blått, kvitt og raudt. Det er dei raude små valmuene som gjer mest av seg. Somme stader dekkjer dei store flater. Men opp bakken frå landsbyen veks det ein vegg av busker på begge sider av vegen, og dei er dekte av gule blomar. Han kjenner ikkje blomane her sør, men tykkjer dei liknar på gyvel. Sikker er han ikkje, men vakkert er det med alle blomane i vegkanten.
Mange slags blomar. Ein underleg tanke dukkar opp hjå han om desse blomane, at like ulike var dei som alle dei folka som har hatt makta her i landet gjennom århundra. Folk som har vandra inn, teke herreveldet over landet, for å ha si tid og så verte borte att då nye folk dukka opp. Dei raude teppa av valmuer minte han om alt blodet som hadde runne på den store sletta i kampen om herredømet.
Han kjem i hug ei tavle han såg i ein by langt lenger sør. Der stod dei oppskrivne alle folkeslaga som hadde teke herredømet der for ei tid. alt frå den første tida langt attende i soga, til dagen sine turiststraumar. Og det var mange som var opprita.
På ei samling i Toledo på 600-talet gjekk visigoterane bort frå arianismen til den romersk katolske trua, men ikkje mange år seinare var også deira tid over då maurane kom over stredet som hans landsmenn i gamal tid kalla Nørvasund, og erobra heile riket frå visigoterane. Det var frankerane som til slutt stansa maurane sin framgong sørvest for Paris og byrja å presse dei attende. Men det tok sju hundre år før den siste maurar måtte forlate landet og sigle over til Afrika att. Men etter den katolske sigeren var det ikkje lenger rom i landet for jødisk eller islamsk tru.
Sidan rulla århundra fram med sporadiske angrep frå portugisarar, engelskmenn og franskmenn, før folket sjølv braka saman i ein blodig borgarkrig mellom venstre og høgre orienterte krefter i det forrige århundret.
Vakre raude valmuer utover sletta. Fortel dei om alt blodet, alle tårene som har runne her gjennom århundra? Eg burde vel takke for at eg har vakse opp i eit karrigt, steinrikt fjelland langt der opp i nord. Eit land som få har funne verdi i - tenkjer han- og ikkje i eit fruktbart solrikt land langt her sør som det er så mange som har ynskt å ha herredøme over. Men hans forfedre var og her ved desse kystane på røvarferd med sine båtar og sverd, desverre. Det kjenner han inga ære ved.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar