

Og då er vi over på ein dei to over, på pave Frans, som idag sit på Peter sin stol.
Festen til Peter's stol har gamle aner i kyrkja si soge, og var ein minnefest til minne om at Simon Peter vart valgt til den fyrste leiaren for kyrkjelyden i Roma, og som leiar sat han på ein stol når hans lærde i kyrkjelyden. Svært gamle tradisjon seier at på denne datoen vart Peter valgt som den "que electus est 1. Petrus papa" den første papa, pave.

I den gamle Petersbasilikaen i Roma var der i dåpskapellet ein stol som paven sat på, ein Petrus Cathedra. Dette var ein bærbar stol av tre. I den noverande Peterskyrkja er der ein Peter's stol over alteret i apsis. Det er dagen sin Cathedra Petri, Peter's stol. Og det er denne stolen som gjer at alle pavar etter Peter reknar seg som Peter sine etterfylgjarar, og som den rette kyrkja sine leiarar. Noko dei andre kyrkjesafunna nok har vanskar med å godkjenne.
Katedral kjem av ordet cathedra, stol. Og ein katedral er ei kyrkje der ein biskop har sin lærestol. Å kalle andre kyrkjer for ein katedral er ei utviding og misbruk av ordet.
Ei annan tradisjon seier at det var på denne datoen at Jesus sa til Peter at på han ville Jesus bygge si kyrkje, og la han få nøklane til himmelriket.
Dagen er på primstaven markert med ein nøkkel som viser til Jesus sine ord til Simon Peter utanfor Cesarea Fillipi i øvre Gallilea. Då Simon og fekk namnet Peter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar