Men sjølv grå skyer og kveldslys har sin sjarm. Slik såg sørhimmelen ut når det gjekk mot kveld i går. Men ned mot fjella var der eit område i dei grå der dei var noko tynnare, og der farga den sigande sola dei med eit gyllent skjer. Og borte mot fjella hadde skodda byrja og legge seg som eit tynt slør.. Eit varsel om at når eg vakna denne morgonen ville fjella og liene vere gøymt bak eit skoddeteppe.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar