søndag 24. juli 2016

Fly

Eg høyrer duren over meg og lyfter augene mot himmelen, og då ser eg dei lyse kondensstripene teikne sine band mot det blå, og litt framfor dei, ein liten lys flykropp.  På enkelte dagar kan det synest som om dei kjem i kø der oppe. Mest frå aust mot vest, men ein del og den andre vegen. Kvar kjem dei ifrå, og kvar er dei på veg? Dei som flyg mot vest skal vel over havet til ein stad i landet der vest, men kvar? Det er det berre for meg å undrast på.

Fly. Eg har opplevd det meste av bygda vår si flysoge, enn så langt.
Mor mi fortalde om då første flyet kom til bygda. Då slepte folk alt dei hadde i hendene og sprang til ein utsiktsstad for å fylgje med på storhendinga.

Sjølv var eg fødd på den tida då fly ikkje varsla berre godt, men krigshandlingar. Mi svigermor som var tenestegjente på ein gard fortalde om ei vårdag i 1940. På tunet låg utslitne soldatar  på veg bort frå kampane på Lesja. Ho hadde mjølka kyrne og fyllt opp sepratoren, men då lyden av den høyrdest var tunet brått tomt for soldatar. Lyden av fly hadde sett sine djupe merke i dei.
Mor mi gøymde seg med vesleguten bak skorsteinen nede i kjellaren medan skotsalvene knitra og braka mellom fjella. Hendinga sette sine spor i meg, så rett etter krigen var over, sprang eg for livet for å kome i hus når lyden av fly lydde i bygda.
No er det i andre land i verda at lyden av fly skaper redsle hjå born og vaksne.

Men med tida endra det seg for meg, og flylyden skapte nyfikne. Det bar bod om at eit sjøfly kom på vitjing, og det var moro å fylgje med på.
I min ungdom fekk bygda ein småflyplass, og flydur kom til å verte daglegdags i åra etterpå. Og ein dag sat eg sjølv i eit fly på veg opp mot det blå og såg fjorden, bygda og fjella verte små under meg.

Og i dag sit eg og ser store fly, det eine etter det andre, teikne sine striper av eksos på himmelen. På veg mot vest, eller aust, med fleire hundre menneske ombord. Og eg tenkjer at det er litt av ei utvikling sidan mi mor sprang føtene av seg for å sjå eit lite fly lande på jordene inne i fjordbotnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar