Eg held no på å lese opp att Tom Wright (N T Wright) si bok; "How God became king", og den soga hadde ikkje vore den same om det berre gjaldt Det Nye Testamentet sine skrifter han gjekk ut ifrå. Nei han gjer det på same måten som den oppstadne gjorde det overfor Emmausvandrarane då han tok føre seg lova, profetane og skriftene og opna for dei kva som var skrive der om kvifor Menneskesonen måtte døy.
Eller for å bruke Wright sitt bilete, korleis Gud gjennom Menneskesonen vart konge ved å døy på krossen. Ikkje i eit framtidig, enno ikkje rike, men eit frå der og då rike som omfatta alt. Meg er gitt all makt i himmel og på jord, sa han.

Wright påstår at vi i vår vestlege kyrkje har skilt Kristi kongedømet og krossen ( slik dei kjem til uttrykk i Bibelen sine ord) frå kvarandre, medan dei burde vere bundne saman med kvarandre til eit heile, slik Bibelen, både i det gamle og det nye testamentet, syner det,
Tom Wright i si bok gjer Israel si soge til ei viktig brikke i fortellinga som fører fram til at Kristus ( Wright nyttar Messias i si bok for å synleggjere at det er jødefolket sin Messias som er vår Kristus) vinn siger over dei vonde åndsmaktene, ved sin død på Golgata. Han syner ein raud tråd, ein av Guds mange raude trådar ( der er fleire av dei) gjennom lova, skriftene, profetane, evangelia og breva som fortel at vår frelse som kom ved krossen og oppstoda, er ein del av den store fortellinga om korleis Kristus vart konge, Herre over himmel og jord, og vi borgarar av dette kongeriket.
Spørsmålet vert då; betyr det noko om dette kongedømet kom alt ved Kristi død og oppstode, eller om det først vert ein realitet den dagen han kjem att? Har det nokon konsekvens for mitt (våre) trusliv om det hende alt då - eller om der framleis heiter enno ikkje?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar