søndag 26. juni 2016

Regnbogen

Det står skrive i den store boka at etter at Gud hadde lete vatnet fløyme ut over heile jorda så alt liv vart sletta ut, unnateke Noa og hans familie og dei dyra han hadde i båten sin, så sette Gud regnbogen på himmelen som eit teikn på at aldri meir skulle ein slik flaum dekke jorda. Årsaka til flaumen var vist at Gud hadde sett seg lei på all vondskapen som rådde grunnen mellom alle dei han i si tid hadde skapt. Skal tru om Gud med det trudde at så ville skje, at vondskapen sine frø ikkje ville spire på nytt i Noa sine etterfylgjarar? I så fall tok han nok grundig feil, det har vår gamle soge så tydeleg synt, og syner enno diverre.

Men det var noko anna den duble regnbogen fortalde meg på jonsokaftan. Den fortalde meg at no vert det værbyte. Som det som så ofte før om åra har vorte ved jonsok. No er vi attende til normalen her ved Stadt, Dei mange soldagane er over for denne gongen. No vert det sørvesten og nordvesten som vil råde grunnen, og med det kjem og regnbygene drivande inn frå havet.  Ein får vone at det vert nokre dagar inn i mellom då sola igjen får velsigne oss med si lys og varme, og at det ikkje vert så gale som ei nettavis spådde; at no er det berre å belage seg på store mengder med regn og flomdigre elvar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar