
Pålsmesse? Kva for ein Pål er det?
Pål er den norske uttalen av Paul, og Paul var den store brevskrivaren i nytestamentet, Paulus. Det var den dramatiske hendinga som førde til hans omvending utanfor murane til Damaskus som vart minna i Pålsmessa.
Paulus bar opphaveleg det hebraiske namnet Saul, og som Saul var han ein forfylgjar av dei som trudde at den krossfeste Jesus var deira Messias. På veg til Damaskus for å ta til fange dei truande og føre dei i lekkjer attende til Jerusalem, vart han overraska av eit sterkt lys og ei røyst som spurde, "Saul, kvifor forfylgjer du meg?" På spørsmål kven som spurde, fekk han svaret: "Eg er Jesus, han som du forfylgjer" .Saul var førd blind inn i Damaskus, der han seinare vart lækt av ein av Jesus sine læresveinar, og kom til tru og vart døypt. Seinare endra han namnet sitt til det greske Paulus. Og det er under det namnet han er med på å føre trua på Jesus som Kristus vidare ut i det romerske riket.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar