Sjølv sit eg inne, les avisa, drikk kaffi og prøver å finne ei god stilling for ryggen min. Han er noko vond etter eit stunt som gjekk skeis. Men det ordnar seg nok etter kvart,
Slik går no dagane, er eit ord fleire nyttar når dei summerar opp sine dagar. Alt er med det gamle.
Eller er det det?
Her ein soldag for noko sidan sat eg og såg på noko som har vorte meir vanleg med åra. Ein liten snegel. Ikkje ein brunsnegel som alle ynskjer livet av, eller ein boasnegel (eller kva dei no vert kalla) som alle med eit fann ut var nyttig i kampen mot dei brune. Dei var og ukjende for ikkje så mange åra sidan. Kvar dei kom i frå, og korleis dei med eit vart vanlege over alt, har ingen endå kunne gitt ei rimeleg forklaring på.
Han kom sigande over borda på terassen. Eg fanga han opp og fekk han ut på rekkverket, men der likte den seg ikkje. Seig ned på kanten og inn i skuggen. Der slo han seg til ro.
Eg tykkjer husa dei har på ryggen er fasinerande å sjå i sine mange fargar og mønster. Ikkje berre lyse i fargen slik denne var.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar