
På primstaven er dagen merka med ei mus, noko som har sin bakgrunn i ei gamal legende frå mellomalderen. Dagen vart difor av nokre også kalla musedagen. Men dagen sitt rette namn var Ågotmesse, som igjen er ei fornorsking av St. Agathe.
Denne Agathe var fødd i byen Catania på Sicilia. på 200-talet. Då keisar Valerian sette igong ei kristendomsforfylging var Agathe ei av dei som vart teken til fange, og ho vart drepen på denne dagen i år 251. Før ho døydde vart ho torturert, mellom anna fekk ho begge brysta sine skorne av.
Levningane av henne er oppbevart i domkyrkja i Catania, i eit skrin forma som eit kvinnebryst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar