onsdag 3. februar 2016

St Blasius 3.februar

3. februar er på primstaven merka ein båt under segl, noko som nok har samanheng med at dagen var nemnd som Blåsmesse. Kanskje var Blasius for vanskeleg for oss langt oppe i nord, og vart dermed endra til Blås. På engelsk ber han namnet Blaise.

Kven var han?
Han var fødd på 200-talet i Sebastia i Armenia , no i tyrkisk Anatolia, av rike foreldre. I ung alder vart han vigsla til biskop i Sebastia. I samband med striden mellom keisar Konstatin den store og hans rival Licinius om makta, braut Licinius Konstantin sitt edikt om fridom for dei kristne, og sette igong ei forfylging av dei. Og Blasius vart eit offera for denne forfylginga. Då han ikkje ville seie frå seg kristentrua, vart han halshogd omkring år 316.
Blasius var ikkje av dei mest nytta heilamennene her i landet, men tidlegare Volbu stavkyrkje i Øystre Slidre var vigsle til han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar