mandag 13. juni 2016

Kviven

Det er triveleg å vakne til morgonar der sola skin frå klår himmel og ein kan lage til frukosten inne, for så å bere den ut i morgonsola og nyte den der. Til song frå småfuglane i trea og la auge kvile på fjell og fjord bada i sola sine strålar.
Slike morgonar har vi hatt mange av dei siste vekene, og vi gler oss så lenge det varer, for ein morgon vil kome då skyene heng regntunge over bygda. Og då er det ikkje sikkert kva tid vi igjen får slike morgonar.

Men i går avslutta vi morgonstunda heime og tok turen til ein dal der vi ikkje har vore før.
Det var tillyst friluftsgudsteneste på Kvivssætra over Kalvatn i Austefjorden. Og då nytta vi høvet og tok turen dit.
Det var soknepresten i Hjørundfjord som leidde gudstenesta, og mykje folk var samla på sætervollen.
Det er ikkje nokon lang dal, men han var frå gamalt av ein viktig ferdselveg mellom bygdene våre her på søre Sunnmøre og over Kviven til Hornindal og Stryn i Nordfjord.
Den vegen gjekk over skaret ein ser på biletet, fremst i dalen. Kanskje eg skal prøve meg på den turen ein dag med godvær.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar