Han ser sin mørke vandringsven minke i lengd og flytte seg frå å vere framfor han tidleg på morgonen, til å kome meir og meir opp på sida hans etter som timane går. Det same gjeld sola. Ho er ikkje lenger bak han, men står høgre oppe i sør, og strålane frå den har vorte varmare. Han merkar at skjorta har byrja verte fuktig under sekken på ryggen.
Eg går mot vest heile tida, tenkjer han, og sola flyttar seg frå aust mot sør, og dalar til slutt ned i vest. Det endar vel med at det av kroppen min som ikkje er dekt av skjorte og skjorts vil ha ei brun side, og ei kvit, smiler han for seg sjølv. Som ein yin yan person, ei mørk brun og ei nesten kvit side.
Det er stilt her han går, ingen bilar, berre ein og annan vandrar som kjem opp på sida han og går forbi, ein vandrar undervegs mot vest som han. Av og til fører vinden med seg lyden av bilar frå lenger nord på sletta. Han ser dei ikkje, men skjønar er der ein stad ligg der ein brei bilveg. Der dreg dei fram dei som brukar timar på å krysse sletta, ikkje dagar og veker som han.
Alt er i endring, tenkjer han, det som var er borte, bytt ut med noko nytt. Sjølv har han bytt bort det nye for ei tid, flytta seg attende til gamal tid då mest alle brukte føtene til å kome seg fram på.
Der er nokre lave dalar på sletta, mest berre som nokre søkk. han ser dei mest ikkje før han står på bakkekanten over dei. Der nede i ly for vinden veks det tre, og der ligg det og ofte ein lita samling av gråbrune hus langs ei smal gate, og ei lita lav kyrkje i same farge. Hus bygda av stampa og
var det berre vinden som rådde. Og skilta som fortalde at her var det husvære å kjøpe, eller leige. Men med den økonomiske krisa i landet med familier som vart kasta ut av heimane sine, og stigande arbeidsløyse, var det kanskje ikkje så mange som ville våge seg på å setje seg i stor gjeld. Så kanskje ville forfallet også ein dag byrje å synast i denne flunkande nye byen.
Det dukka opp ei vise i sinnet hans frå hans eige heimland, noko om at folk treng hus, og hus treng folk.
Ville det same skje i heimlandet når oljekjeldene ein dag ikkje var lønsame å drive lenger? Kva slags politikk ville styresmakte då drive ? Ville folket i dei grisgrendte bygdene då måtte flytte til byane, og etterlate hus som vart ståande att tome, til forfallet tok dei, og taket til slutt fall saman over murane?
Alt endrar seg, tenkjer han der han går ned bakken mot den vesle landsbyen der nede. Ingenting varer for alltid, men det er vi menneska som skaper endringane med dei vala vi gjer, og som vi kanskje ikke alltid ser dei langsiktige fylgjene av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar