søndag 1. april 2012

Palmesøndag

Palmesøndag. Første dag i Den stille veka, Den Heilage veka eller Den store veka. Den har mange namn, alt etter kva kyrkjeretning som talar om den. Men i dag feirar alle minnet om då Jesus reid inn i Jerusalem, medan born og vaksne hylla han med rop og viftande palmegreiner.
Og i dag er der prosesjonar ved starten av gudstenestene, der ofte tuja eller cypresgreiner vert borne inn.
Slik også i mi kyrkje. Men idag stod min plass tom. Det kvite som dreiv i lufta ute, fekk meg til å legge hovudet på puta att. Noko eg skjeldan gjer, om eg då ikkje er sjuk.
Eg fann dette Palmesøndags-tympanumet over ei dør på katedralen i Sevilla.
Det var biskop Kyrillos av Jerusalem som på slutten av 300-talet byrja med å markere den stille veka, slik vi har den i dag: med Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og laurdag då Jesus kvilte i grava, fram til påskedag.
Kyrillos var ein fornyar av liturgien og han bygde opp mange av kyrkjeåret sine dagar
I 380-åra kom ei spansk kvinne på pilegrimsferd til Det heilage landet. Ho heitte Egeria, og ho skreiv ei reiseskildring frå pilegrimsferda si.
Slik skildrar ho palmesøndagsfeiringa i Jerusalem i 384, med Kyrillos som biskop.

”Neste søndag går ein inn i påskeveka, som her vert kalla ”Den store veka” Frå hanane byrjar gale og heilt til sola renn feirar ein, som skikken er her, med song i Anastasis ( rotunden  i gravkyrkja) eller ved Krossen. (på Golgata i gravkyrkja) Etterpå går ein i prosesjon etter fastlagd ordning til den store kyrkja som er kalla Martyrium, Den heiter Martyrium fordi den ligg på Golgata, bak Korset der Herren leid. Difor namnet Martyrium.
Etter enda liturgi der, går biskopen og heile kyrkjelyden attende til Anastasis, før folket går heim for å ete, for så frå den sjuande timen å samlast igjen i Eleonakyrkja på Oljeberget. Der er den grotta som Jesus lærde frå. (i dag ligg Fader Vår-kyrkja der)
Ved den sjuande timen går alle opp til Eleonakyrkja, og biskopen er liturg. Alle syng hymner, antifoner og les bibeltekster som høver for dagen og plassen. Når den niande timen nærmar seg, går ein opp til Imbomon-kyrkja, som er på den staden der Herren vart lyft opp til Himmelen frå. Der set ein seg, for i biskopen sitt nærver skal alle sitje. Berre diakonane står heile tida. Her og syng ein hymner og antifoner, og innimellom les ein bibeltekster og bøner.
Når den ellevte timen nærmar seg, les ein den teksta som fortel om at borna skundar seg  Herren i møte med palmeblad og oliventregreiner i hendene, og ropa; Velsigna er Han som kjem i Herrens namn.
Då reiser biskopen og alt folket seg og går heile vegen ned frå Oljeberget. Folket framføre biskopen, medan  dei syng hymner og antifoner og  gjentek omkvedet ”Velsigna er Han som kjem i Herrens namn”

Alle borna er med, også dei som endå ikkje kan gå. Dei vert borne på skuldrane til foreldra. Og alle har palmeblad og kvistar av oliventrea i hendene.
Alle, også damer og høge herrar går heile vegen frå Oljeberget og inn i byen  og gjennom den til fots, heilt fram til Anastasis. Slik fylgjer dei biskopen, langsamt så ingen skal trøytne, syngande omkvedet.
Når kvelden sig på, er dei framme  ved Anastasis. Der, kor seint det enn er, vert det helde  ei lysmesse med bøn ved Korset, før alle går heim, kvar til sitt”.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar