fredag 6. april 2012

Langfredag

Nett heimkomen frå langfredagsgudsteneste lever lidingssoga enno friskt i minnet. I mi heimekyrkja har vi i fleire år lest  lidingssoga med fleire deltakarar, ein forteljar og ulike stemmer etter kven som seier noko i fortellinga. Eg har vore med i fleire av desse åra, og i år fekk eg mellom anna vere Judas si stemme. Det var første gongen for min del.
Ein av døropningane inn til katedralen i Leon i Spana, har eit par fleire hundreår gamle eiketresdører. Desse har ein treskjerar pryda med bilete frå langfredagsfortellinga.
Då dei var nye, måtte dei vere eit fagert syn. Då fortalde dei folket som ikkje kunne lese, og  heller ikkje hadde tilgong til skifter, den store fortellinga i bilete.
No, etter å ha vore utsette for vær og vind i så mange år, er dei prega av det. Men likevel opplevde eg langfredasgshendinga på nytt gjennom dei, midt i solsteiken, ein maidag for knapt eit år sidan.

 Der er fire felt på kvar dør. Eg tek med fire av dei her.
Når vi ser på dei, ser vi at kleda fortel noko om den tida då dei vart skorne. Det er ikkje klede frå Jesus si tid dei er kledde i, heller i middelalderen sin klesbunad.

Til venstre ser vi Judas som kysser Jesus i Getsemane, Og Jesus spør "Svik du menneskesonen med ein kyss?"medan tempelvakta ventar i bakgrunnen. Vi ser og Peter lyfter sverdet for å hogge til ein av vaktene.
Til høgre ser vi Jesus verte førd fram for Pilatus. Han har vorten piska og er kledd opp i ei purpurfarga kappe og med tornekrone på hovudet.    Det er rett før Pilatus reiser seg og seier "Sjå det menneske"   Og folket som er der svarar med "Krossfest han!"                                 

Så ser vi Jesus på krossen. Han er alt død, og den romerske soldaten stikk sverdet i sida hans, inn i hjartet, og det kjem ut vatn og blod.
Det siste biletet syner at Jesus vert lagt i grava, med den tome krossen i bakgrunnen.


I tillegg syner bileta på dørene Jesus på kne i Getsemane, hudflettinga av Jesus, Jesus som ber krossen og seier til dei gråtande kvinnene: Gråt ikkje over meg, gråt heller over dykk sjølve og borna dykkar, og så når han vert teken ned frå krossen.
Slik har biletserien med heile Jesus sitt langfredagsdøgn i Jerusalem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar